Dag og Tid nr. 15, 10. april 1997

Litteratur:
Skreiv seg til Noreg

Han skreiv ei novelle og vann ein tur til Noreg.

OTTAR FYLLINGSNES

På visittkortet hans står det “writer”, men når Dag og Tid skal spandera drikke på mannen, er norske forfattarar ved sidebordet raske med å understreka at mannen ikkje er gammal nok til å få servert øl.

Det engelske

I Stavanger dundrar regnet i gatene. Langs kysten går havet kvitt. Det er ein av desse dagane at bølgjene bryt ned ein polsk fraktebåt ute i Nordsjøen, og båten går til botnar. Mange mann misser livet.

Det er ein av desse dagane at den unge innlands-estaren oppsøkjer Hå prestegard i havkanten og let seg imponera av det frådande havet.

Den unge mannen er berre 17 år. Det er første gongen Ernie Kask er i Vesten, det er første gongen han vitjar eit anna land.

I stormkasta tenkjer han seg vestover – til den andre sida av havet, til Skottland og England.

Den unge estaren er interessert i både teater, litteratur og musikk. For han er det engelske meir interessant enn det amerikanske.

– I Estland har det amerikanske mista litt av sjarmen. Unge føretrekkjer det engelske framfor det amerikanske. Kanskje heng det saman med at USA er langt borte frå Europa? Kanskje er det på grunn av det stadig meir sameinte Europa? Kanskje heng det saman med at unge estarar har funne ut at den fridomen som ein knytte til USA ikkje alltid er eit gode?

Undrar den 17 år gamle Ernie Kask.

På norsk?

Han kjem frå den estiske landsbygda, frå Kadrina om lag ti mil aust for Estlands hovudstad Tallinn. Hit til landet kom han i vinter, først til Oslo – og Vigelandsparken. Men den storslåtte parken representerte ikkje Noreg – slik han hadde tenkt seg det. Det var lettare å stadfesta førehandsinntrykket ved å sjå på menneska i parken. Då forstod Ernie Kask at dette var Noreg.

For 17-åringen var reisa til Noreg førstepremie i ein estisk novellekonkurranse for ungdom. Nordisk råd medverka til at premiane var reiser til Noreg, Sverige og Finland.

Kasks vinnarnovelle handlar om to vidt ulike personar som bur i kvar sin etasje i eit stort hus; ei eldre, sjukleg kvinne og ein ung poet. Også den unge mannen har problem med helsa. Det siste diktet sitt tileignar han den gamle kvinna.

Kanskje hamnar novella i ein norsk antologi for unge skribentar? Ernie Kask vonar det.

Språktalent

Per Olav Kaldestad, formann for Norske Barne- og ungdomsbokforfattere, var den første utlendingen Ernie Kask møtte. Kaldestad vitja Estland for å snakka norsk litteratur for estiske studentar, og der møttest den røynde norske forfattaren og den unge estiske skribenten. Etter dette møtet plukka Kask ut den store konferansen om barne- og barnebøker i Stavanger som mål for reisa si til Noreg.

Ernie Kask er ingen typisk estar. 17-åringen snakkar flytande engelsk og skuldar på dyktige engelsklærarar. Like sidan han gjekk i sjetteklassen, har han hatt engelsk-undervisning. Opninga mot vest har medført stor interesse for engelsk blant unge estarar, fortel han.

Skilnaden

Det er stor skilnad på floraen av barne- og ungdomslitteratur i Noreg og Estland. Her i landet vert det kvart einaste år sprøyta ut hundretals bøker. I Estland er det lite å velja i.

– Eg beundrar det som skjer i Noreg. Situasjonen for ungdomsbøker i Estland er svært dårleg. Den siste populære estiske ungdomsboka kom ut i 1968, men det er gjeve ut bøker som har vore influert av sovjettradisjonen. Svært få ungdomsbøker har vorte omsette til estisk dei siste åra, men det finst eit gledeleg trekk ved utviklinga. Den siste tida har det byrja å koma ut fleire vakkert illustrerte barnebøker.

Trist utvikling

Det er ikkje forfattardraumane som rir Ernie Kask. Derimot drøymer han om å studera teater. Vesle Estland har sju-åtte nasjonale teater. Teaterhøgskulen i Tallinn har godt renomme, men det er mange søkjarar, slik det også er det ved dei estiske universiteta.

Ved sida av å studera, skriv Kask i ei lokalavis.

– Om ungdomsproblem! seier han. Men 17-åringen har vanskar med å seia kva som er det største problema for unge estarar.

– Sidan sovjettida har verdiane endra seg. Mange unge er mest opptekne av korleis dei skal få fylt lommebøkene. Materielle verdiar har vorte viktigare. Dei unge ønskjer å gjera forretningar, tena raske pengar og å verta rike. I valet mellom å gjera “business” og å læra språk, føretrekkjer mange det første. Dette er ei trist utvikling. Estland treng utdanna folk innanfor ulike felt. Mange unge har gjort karriere og hamna i høge posisjonar i samfunnet. Sjølv har eg ikkje noko ønskje om å verta forretningsmann. Eg har ikkje talent til det, seier Ernie Kask.

Den store bølgja av unge menn i framskotne posisjonar har også gjort seg gjeldande i det politiske livet. Ei av dei første regjeringane i Estland vart omtalt som den yngste i verda. Dei fleste av statsrådane var i 30-åra, og somme var endå yngre. Ei liknande ungdomsbølgje finn ein også i det ekspanderande estiske næringslivet.

Kjøper brukt

Før var den seriøse litteraturen rimeleg i Estland. No har bøkene vorte dyre. Det finst eit stort utval av den lette litteraturen og mindre av den seriøse.

Ernie Kask kjøper aldri nye bøker. Derimot handlar han gjerne bruktbøker. Dei får han billeg, og blant desse er det fullt mogeleg å finna perler.

Gjennom skulen har Kask fått med seg dei estiske klassikarane, og han har lese mykje. Den siste tida har han vigd seg til den estiske etterkrigslitteraturen, frå 1940 og fram til 1970-åra. Han trekkjer fram to store estiske namn, Gailit og Ristikiv, som truleg er ukjende for dei fleste utanfor Estlands grenser. Men Kask kjenner også godt til dagens estiske litteratur; som Jaan Kross’ historiske romanar og Jan Kaplinskis dikt og essay.

Norsk litteratur

Før Stavanger-besøket hadde ikkje 17-åringen hatt så mange sjansar til å lesa norsk litteratur.

– Mora mi hugsar då Sigrid Undsets bøker kom ut i Estland, og den norske forfattaren var svært populær. Nyleg kom også Erik Fosnes Hansens bok “Salme ved reisens slutt” ut på estisk. Det var intervju i avisene, og han hausta svært gode kritikkar. Boka har dessutan selt godt. Kanskje samanliknar estarane “Titanics” og “Estonias” forlis? undrar Ernie Kask.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |