Dag og Tid nr. 15, 10. april 1997
Leiar:
Sjølvtillit?
Stakkars Hallgrim Berg! Han hadde det neppe særleg godt på måndag. Landsmøtet i Høgre må vera ein av dei største nedturane i den politiske karrieren hans. Der presterte utsendingane å gjera eit vedtak som undergrev Hallgrim Bergs identitet som høgremann. I årevis har han brukt tid, krefter og munnharpe til å overtyde oss om at Høgre er til å lite på i språkpolitikken. Men mot historieløysa og tradisjonsløysa i Unge Høgre kjempar jamvel den fremste målsmannen for Bunadshøgre fånyttes. På Høgre-landsmøtet sist helg tok nemleg dumskapen og Oslo-provinsialismen overhand. Slik går det når partiet mistar oversynet over den verdikonservative arven.
Det dreier seg naturlegvis om eitt av vedtaka på landsmøtet i Oslo. Vedtaket blir neppe hugsa som ei av dei store og banebrytande politiske sakene i Høgre når den politiske historia for dette hundreåret skal skrivast. Men saka er likevel viktig nok når det gjeld å teikne eit bilete av Høgres sjel. For no har partiet kvitta seg med litt av sjela si.
Dette handlar naturlegvis om sidemålsstilen. Til slutt lukkast det altså Unge Høgre å få moderpartiet til å vedta at det skal arbeide for å fjerne den tvungne sidemålsstilen. Ungdomsorganisasjonen har stridd for eit slikt vedtak i årevis, men ei kløktig partileiing med sans for dei verdiane Høgre representerer, har greidd å stoppe det. Truleg ville vedtaket ha vore utenkjeleg både da Kåre Willoch og Kaci Kullmann Five var leiarar i partiet.
Heilt sia krigen har Høgre hatt velvilje for nynorsken og språksituasjonen i landet, sjølv om partiet tradisjonelt var eit riksmålsparti. Høgre har vore varsam med å engasjere seg i målstriden fordi det kunne truge eit borgarleg samarbeid, men også fordi Høgre godtok at bokmål og nynorsk skulle vera jamstilte målformer. På Stortinget har partiet ved fleire krossvegar valt å støtte sidemålsstilen fordi det ikkje ønskte å endre noko som regnes for å berøre våre to skriftspråks offisielle status, som Per Lønning, Høgre-medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen, sa i 1964. Men dette var naturlegvis den gongen det framleis fanst sjølvtillit, vyar og kulturelt utsyn i partiet.
Somme har sagt at Høgre gjekk ut av landsmøtet sist helg med styrkt sjølvtillit. Det er heller tvilsamt. Eit verdikonservativt parti med sjølvtillit har ikkje behov for å fjerne sidemålsstilen. Snarare tyder eit slikt vedtak på desperasjon og manglande sjølvtillit.
Audun Skjervøy
|