Dag og Tid nr. 15, 10. april 1997

Kommentar:
Ope brev til Posten – post mortem

Er postministeren open for eit aldri så lite byte av tenester, spør Tove Bakke.

Når livet's plog har pløyet sine spor... Denne overskrifta skar meg i auga palmefredag. Men ho vart blodig realitet alt måndagen etter, då eg sprang på posten. Eg skulle både hente pakke og sende pakke til påske. Men det var stengt. Det vil seie: Posthuset mitt hadde daua. Sjøldaua. Ei stor, kvit dødsannonse på døra fortalde at krans var lagd ned, og dei tilsette hadde teke eit siste farvel. Eg vart så sint at eg greidde å stappe heile den pakken eg skulle sende, heile teddybjørnen, inn gjennom sprekken i nærmaste raude postkasse. Posten skal fram, tenkte eg, dei får f... meg ta og reparere skadane på pakken sjøl. Papirskadane. Sjøl kjende eg at livet's postplog hadde skore seg langt inn i hjarterøtene på meg. Skammeleg sviken var eg, og det av mitt nærmaste Vesen. Og det på personleg og prinsipielt grunnlag. Jammen kunne dei ha lagt lapp i postkassen om at dei slakta posthuset til påske. Rett nok har eg Postens reklamefri-merke på kassen, men det var uønskt reklame eg ikkje ville ha! Dei kunne også lagt lapp om kor eg no skulle gå med hentelappen. I tillegg passar dei på å leggje ned eit posthus midt i påskeferien, så ingen er heime til å protestere! Det minner meg om ein promotør som gjekk og skrytte opp egoet sitt med at han fekk rive det verneverdige franske kapellet i Barcelona juledagen, så verken offentlege kontor eller miljøvernarar kunne nå å stogge han. Men han var trass alt næringslivets mann, og i utlandom.

Post-uvesen

Det er endå meir hårreisande arrogant, kortsynt, respektlaust, tankelaust og hjartelaust at nokon statlege, men anonyme Post-uvesen her til lands går rundt og pløyer ned små posthus.

Eg må tenkje på kor naiv og dum eg har vore òg. Her har eg i årevis gått og bygd opp moment til å skrive ein rein og lysande hyllingskommentar til Postvesenet, “ja, er det nokon som har fortent takk!”, har eg tenkt mang ein gong, “ein skikkeleg takk skal dei ha, for ein service som ikkje finst maken til i Norges land!” Faktisk trur eg at eg har nemnt det alt, her i Dag og Tid. Men, tenkjer eg no, hylle Posten! Kva er det for unyansert tåkepreik? Raseriets lys gav meg heldigvis eit klarare syn på det som så reint for generelt hadde gledd meg før: Nei farr, her trengst presisjon i utsendinga, skal takken nå fram til dei som treng han. Den presiserte takken skal heil og udelt gå til dei som “sit i lukene”. (I hermeteikn fordi uttrykket sjølsagt inkluderer landpostboda, det ein kan kalle dei ambulerande lukene.)

Måtte Postens rasjonaliseringsekspertar, som driv plogskjera sine fram både her og der, falle i sine eigne fòrer og bade i si eiga sårvæske! Det er ikkje berre i Bygde-Norge det svir når dei legg ned det lokale posthuset, må de tru. Det er ikkje kilometermål på kor trist og vanskeleg det er å vere utan posthuset sitt. Det er heller ikkje dei praktiske brev- og pakke-konsekvensane som er hovudproblemet. I dette forholdet, og det uttrykket bruker eg med vilje, i dette forholdet er Smerta større enn Strevet. Det postplogen gjer når han pløyer ned eit posthus, er å pløye seg like ned i nerven til folk, ned i heimenerven, så å seie, den tråden som bitt deg fast til den plassen du bur på i verda. Det går på respekten, på sjølrespekten laus når Posten berre bestemmer at den plassen altså ikkje er ein heimstad meir, den plassen er ikkje lenger verdig posthuset sitt, den plassen kan hengast på ein viktigare postkrins, eit større og meir postmoderne opplegg med mange luker og endå fleire køar. “Fru Kaspersen, ja det hjelper dessverre ikkje at du aldri gjekk med legitimasjon på deg før, her er det ingen som kjenner deg, du må nok komme att ein annan dag. Og du sniffevraket i ein haug der på golvet, ser du ikkje at du seinkar køen her, har du kølapp?” Gudane skal vite at gamle Ila ikkje hadde dei mest trendy kundane, det bur mest minstepensjonistar, narkomane, alkoholikarar, blandingsmisbrukarar, krigsinvalidar og enker her omkring, samt ein del andre med brokete bakgrunn. Og gudane skal også vite at det tek si tid å komme fram til luka med så mange fomlete, somlete og einsame sjeler som skal hente trygdene sine framfor eit stressa storbymenneske. Men eitt har vi ilabuarar vore saman om, ein vennleg instans behandla alle likt og tok alle alvorleg, og det var posthuset, orsak postlukeopnarane. Om eg innbiller meg at posthuset er eit sosialkontor? Ja. Iallfall eit sosialt kontor. Posthusa her i landet har ein sosial funksjon i ein heilt annan grad enn nokon andre offentlege rom nokon gong har klart å nærme seg, og den går langt utover alskens brev- og pengetransaksjonar. Posten har alltid vore ein stad for kommunikasjon, informasjon, møte og samvær, og det skal han halde fram med å vere. I postluka sit siste rest av likheitssamfunnet, siste rest av marknadsløysa, siste rest av eit offentleg apparat som kan møte gamle Olsen på ein høfleg og respektfull og menneskeverdig måte. Så ta konsekvensen av det, Postverk, og bygg heller vidare enn å byggje ned. Det er ingen grunn til å begynne å leike at det sosiale aspektet ikkje har vore viktig, eller at det ikkje er Posten si oppgåve, eller at vi i vår tid er inne i eit moderne informasjonssamfunn som krev heilt andre og meir konkurransedyktige og kostnadseffektive system. De som styrer kan ta og slutte med denne småtenkinga, og sjå ting i samanheng. Skulle det vere så vanskeleg, med eit så lite land som de har å halde styr på!

Trist

Posten held på å falle i grus for meg. Plogane har hakka seg inn i sjølve grunnmuren. Ein kan bli oppgitt, trist, forbanna og matlei av mindre, eg klagar mi naud til far min, som jobba i trygdevesenet til både velferdsstaten og han sjøl pensjonerte seg. Men far min bur i bygd, og seier forskrekka at eg ikkje må seie eit vondt ord om posten, postkøyrarane er framifrå, dei ordnar det meste. Nei, det er heller ikkje fotfolket eg riv meg på. Teikn i tida og nyheitene tyder rett nok på at eg har hatt altfor blåøygd tillit til dei òg, at postens eigne i fjor åt meir av lasset enn postranarane greidde å få med seg. Er det fordi postfolka òg har begynt å misse respekten – for den etaten dei arbeider i? Er dei smitta av dei store plogførarane oppe i systemet? Dette blir tristare og tristare, Opseth, eg veit ikkje mi arme råd, kven skal eg no stole på? Far min påstår også at vi truleg er i slekt med deg, Opseth, og at eg ikkje må seie eit vondt ord. Kor som er, og vi er alle sunnfjordingar for Vårherre: Når det no har komme så langt med Posten, då er postministeren kanskje open for eit aldri så lite byte av tenester? Tilbodet mitt er: Du kan få låne ein fin raud blyant av meg, mot at du set raude strekar både her og der neste gong du ser ei nedpløyingsliste gå forbi.

PS! Ei heilt anna sak: Du skal få den blyanten, viss du teiknar tunnel i Gamlebyen inn på eit hastekart, eg har budd der sjøl og kan godt fortelje deg korfor eg flytta etter seks veker!
Tove Bakke

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |