Dag og Tid nr. 15, 10. april 1997

Herbjørn Sørebø:
Trøytte av skattesprik

Det vart sagt at den siste skattereforma vi fekk skulle halde til langt ut i det neste tusenåret, så mykje skattejuridisk kunnskap og politisk tankekraft som det vart lagt ned i det arbeidet. Men nå er det klart at vi kan vente eit nytt reformarbeid, drive fram av omsyn til næringslivet. Delingsmodellen som det var så stor strid om då skattereforma vart vedteken i 1992 – og som slett ikkje alle dei folkevalde hadde ork til å setje seg inn i – har ført til mange vanskar i praksis. Så vi må nok få ei ny skattereform, og det ligg alt føre ulike framlegg til eit system med flat skatt. Men får vi ei reform som gjer slutt på det forskrekkelege småpirket folk er så trøytte av at det gjer heiderlege menneske til skattesnytarar, samstundes som det påfører både næringslivet og det offentlege så store utgifter til rekneskapsføringa og kontrollarbeidet at det sikkert alt i alt berre blir tap for samfunnet på denne inndrivinga av skatt på småsummar?

Statsminister Thorbjørn Jagland fauk i taket då han høyrde at det var tale om å leggje skatt på den føremonen folk kan ha av at arbeidsgjevaren har betalt ein pc dei har heime. Denne skattlegginga blir det vel ikkje noko av etter at statsministeren har greidd ut om korleis den nye teknikken skal brukast i arbeidslivet. Men ingenting av det ein høyrer om skatt er så gale at ein ikkje skal tru på det. Det var sant at ein skattefut ville skattleggje folk for ein føremon når arbeidsgjevaren hadde betalt eit kurs for dei for å få dei til å slutte å røkje. Det har også vorte meldt om skattekrav på etterutdanning som skattefuten meinte var utdanning. Det er slike meldingar som gjev grunn til å tvile på om det er råd å få slutt på det meiningslause skattepirket, for ein kan ikkje lage reglar som ikkje kan praktiserast med uforstand.

Nå skal vi ikkje leggje all skuld for bindersteljinga i den offentlege skattejakta på dei stakkars menneska som skal rekne ut og drive inn skatt. Dei folkevalde har med opne auge – har dei hatt det? – vedteke reglar som ein kanskje bør karakterisere med andre ord, til dømes dumskap. Etter reglane skal det svarast skatt av diett på reiser innanlands. Ein som har fri kost på reise, sparer pengar til mat heime, og det er lagt mykje arbeid i å finne ut kor stor innsparinga er. La nå det fare. Det er verre med nattpengane. Etter reglane har ein som ikkje leverer rekning frå hotell 400 kroner til å skaffe seg tak over hovudet for. Denne offentlege satsen blir stort sett brukt også i det private næringslivet. Men desse 400 kronene skal det svarast skatt av. Det skal ikkje det offentlege få store inntekter av. Derimot blir det større utgifter for næringslivet.

Hotellnæringa jublar over regelen om at det skal svarast skatt av dei 400 kronene folk på reise får i nattpengar når dei ikkje leverer rekning frå hotell. I praksis fører dette til at dei som bur privat skriv seg inn på hotell likevel så dei kan levere hotellrekning for opphaldet og sleppe å betale skatt. Resultatet av den tullete regelen er at korkje i det private næringslivet eller i det offentlege bur nokon privat når dei er på reise i teneste.

For tenestereiser i utlandet gjeld det andre skattereglar. Då skal det ikkje svarast skatt av nattpengane, sjølv om det ikkje blir levert hotellrekning. Kanskje fall dette skattekravet bort fordi journalistar på reise i krigsområde i det førre Jugoslavia måtte bu i telt når dei var ute ved fronten, og det fekk dei ikkje noka rekning på. Det er ikkje råd å seie noko sikkert om dette, men det kan ha gått opp for regelskrivarane at det ikkje er nokon føremon å få 400 kroner til å overnatte for i telt i eit krigsområde.

Ved bruk av drosje mellom heimen og arbeidsplassen skal det svarast skatt av halvparten av det refunderte utlegget. Etter dette er det neppe alle drosjesjåførar som veit kvar dei har køyrt folk når dei skal skrive rekning, og alle passasjerar veit vel ikkje kva det heiter der dei bur heller.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |