Dag og Tid nr. 15, 10. april 1997
Berge Furre 60 år:
Sosialismen på nynorsk
Erik Solheim seier gjerne at han er spørjande, open og 'nysgjerrig'. Sosialistar er vanlegvis ikkje det. Dei har gjerne funne svaret forlengst. Iblant har han vore så 'nysjerrig' at eg kunne lura på om han ikkje heller burde få eit forskarstipend enn eit leiarverv, skriv Berge Furre.
JOHAN BROX
Ei ny Furre-sak ligg på bordet. Ho har tittelen Sant og visst, og er ei samling artiklar, foredrag og preiker frå Berge Furre si hand, utgjevne som bok av Det Norske Samlaget i samband med 60-årsdagen til Furre komande helg.
Berge Furre har i vinter skrive eit nytt innleiings-kapittel: Kva lei tek sosialismen. Her drøftar han kva sosial-ismen har vore og er i verda, i Noreg, i SV og i hans eige liv.
Framtida blir aldri som ho var, skriv Berge Furre. Og dagen og framtida er det viktigaste i dette kapitlet, påstår han, før han slik det sømer seg ein historikar på 60-årsdagen vender seg attover. Og austover, slik det sømer seg ein sosialist.
Berge Furre greier ut om motivet for og resultatet av dei mykje omtala reisene sine til DDR. Men her er lite mat for POT. Furre konkluderer på same måten som ein tidlegare norsk statsminister som drog til Indonesia: Det var viktig å vera der for å læra og å påverka.
Eg har teke fram ein del av det eg skreiv etter reiser i Aust-Europa på femti- og sekstitalet. Det meste er nøktern informasjon som eg trur var nyttig. Men nokre artiklar verkar meir ukritiske enn eg likar å lese i dag. Eg har fått velfortent kritikk for det. Artiklane sprang ut frå ein optimisme som framtida ikkje gav dekning for, vedgår han.
Dagen og framtida
SV har spela ei viktig rolle i norsk politikk. Partiet har henta veljarstøtte frå grupper og rørsler som samla seg kring nye saker som dei andre partia var meir eller mindre framande for, skriv Berge Furre.
Men det som kjem lett, går lett:
Tilslutninga til SF og SV har hatt ein berg-og-dalbaneprofil. Kvar gong partiet har karra seg over småpartigrensa og lukta morgonluft og politisk makt, har indre konfliktar drive tilslutninga tilbake.
Det har gått opp og ned med SV. Nett no er partiet nede, men det har alltid reist seg.
Likevel er SV i ein vanskeleg situasjon i dag. Han går på identiteten laus og det er ingen vits i å snakka seg bort frå alvoret. Det politiske land-skapet partiet vart til i er radikalt endra. Partiet har berre delvis funne fotfeste og retning i det nye landskapet. Dette skaper uro og spenningar mellom 'museumsvakter' med truskap mot syttiåras radikalisme og andre som prøver å orientera seg langt inn i neste tusenår.
I den mon SV var eit protestparti, retta protesten seg mot den kalde krigens kjernefysiske kapplaup mot Ragnarok, mot fiendebiletet og blokktenkinga. No er historia snudd, skriv Furre.
Nye tider
Han registrerer at det ikkje er mykje politisk 'mat' i norsk tryggingspolitikk i dag. Andre krubber er òg tomme:
Til slutt kom bankane krypande sjølve opp på statens fang utan at det vart sosialisme av det. Men då var trua på 'statssosialismen' for lengst død i SV. 'Sosialismen på norsk' proklamerte Rune Slagstad i 1979 'er mindre stat, ikkje meir, og partilandsmøtet applauderte, minnest Berge Furre.
Når landskapet endrar seg, må nye kart teiknast.
SF stod i ein tradisjon som venta at arbeidarklassa skulle reisa eit nytt samfunn utan kapitalisme og med planøkonomi og felleseige til produksjonsmidla. Vi kalla det ein revolusjonær politikk. Men den industriarbeidarklasse som skulle vera fortroppen i ein slik politisk prosess, er ikkje det han var. Når klasseinteresser vart utfordra i Oslo i 60-åra, gjekk telefonalarmen mellom verkstadene i hovudstaden frå Aker til Nyland, til Standard og Spikerverket og Skøyenverkstadene og dei andre. Snart stod femten tusen mann i kjeledress og hjelm på Youngstorget og viste at arbeidarklassen var ei kollektiv makt. I dag er Spikerverket 'næringspark' og på Aker Brygge spring kelnarane med vinflasker der sveisarane trilla surstofflaska. Den gongen var tredjeparten av dei sysselsette i industrien, i dag sjuandeparten.
I det etterindustrielle samfunnet passar ikkje dei gamle typeteikningane lenger. Dramatiske politiske endringar har drege teppet bort under SV. Greier det å finna fotfeste og reisa seg til ny vitalitet, spør Furre.
Berge bakar
Han varar seg for å svara på kva SV bør gjera eller kven som bør leia partiet. Eg vil ikkje gje kakeoppskrifter om slikt for partikjøkenet. (...) Eks-stjerner visste kanskje best, men dei skal vera varsame med å tru at dei veit best.
Og likevel:
Men med så lang fartstid kan eg ikkje stå imot freistinga til å tenkja høgt om nokre idear og verdiar kva eg trur ber i dag og kva som ikkje ber. (...) Han tok feil, historikaren som sa: 'Kapitalismen har sigra. No er historia slutt'. Tvert imot: Historia er tilbake.
Dei rike blir rikare og dei fattige fattigare, mellom land og i landa, vekstøkonomien jagar umetteleg over alle grenser, ørkenen breier seg, kring menneska og i menneska...
Har det nokon gong vore tydelegare korleis marknadsmakta blir eit rovdyr når ho blir herre og nærmar seg allmakt? Systemet kan ikkje leva utan uretten, utan rike og fattige. Skilnadene i levekår er ein del av motoren, den sosiale dumpinga smører systemet.
Men effektiv, det er kapitalismen, vedgår Furre.
Kapitalismen duger til å fylla deler av verda med varer og avfall men er duglaus til å skapa rettferdig fordeling og hushald med ressursane.
Immunsystemet sviktar
Berge Furre held fram at historia vår, dei sosialdemokratiske ideala og den lutherske tradisjonen, har vaksinert oss nordmenn mot kapitalismen i si mest brutale og vulgære form den forma som no kan sjåast i fri dressur i Aust. Men han spør:
Er det smitte vi merkar når forfall i vår eigen sosiale kultur kjem til syne ved at fondsmeklarar håvar inn millionar på innsidehandel, arbeidsfrie inntekter blir rekna som velfortente og til å skryta av, fallskjermar blir sydde jamvel i samvirkeorganisasjonar, nyfattigdomen får gro og halvtanna hundre tusen arbeidslause blir ein 'god' normaltilstand? Det ser ut til at den kollektive forsvarsevna minkar her òg. Dei politiske partia misser mange tusen medlemer kvart år. Dei folkelege organisasjonane som har bore så mykje demokrati og deltaking dei siste hundre år lekmannsrørsle, fråhaldsrørsle, målrørsle, folkeopplysning har tapt mykje av si berekraft. (...) Finst det noka fagrørsle lenger? LO har aldri hatt så mange medlemer. Men finst rørsla, deltakarane, det aktive grunnplanet av medlemer som engasjerer seg, skaper haldningar, opinion, forandring?
Det finst mange organisasjonar og mange organiserte. Men aldri har det vore så få engasjerte.
Og engasjementet blir borte, skriv Furre, når TV-ruta blir sjølve samfunnsarenaen. For der er vi ikkje deltakarar, men tilskodarar, forbrukarar. Også politikk blir ei forbruksvare som vi set pris på i TV-ruta: Terningkast fem, terningkast to.
Uroleg optimist
Den halsstarrige optimisten, som i ein mannsalder har venta på mirakel som aldri kom i Aust-Europa, er uroleg med tanken på framtida i Noreg:
Eg trur vi kjenner uro. For vi er alle offer for krefter som mæler oss og verdset oss som forbrukarar og arbeidskraft og berre det. Vi veit at vi er meir enn dette, at det er andre verdiar som gjev livet glans og kvalitet: Kjærleiksfesten meir enn kjøpefesten, samhald og solidaritet meir enn tap og vinst på ein marknad. Djupt i oss sit trongen etter det heilage, etter ein samanheng som er meir enn det materielle, som gjev meining. Det finaste døyr i oss om dette kjøvest.
Furre spør om det er gagn i å tala om sosialisme i denne situasjonen. Har katastrofen i aust gjort omgrepet ubrukeleg? Må vi finna eit ord som ikkje ber med seg så mykje blod og ulukke?
Kom gjerne med eit anna ord. Men eg har ikkje funne noko betre enda til å gripa og føra vidare dei beste humanistiske draumane og visjonane.
Endring
Samfunnet kan ikkje programmerast. Men det kan forandrast.
Det er største lygna at samfunnet ikkje let seg forandra. Samfunnet står ikkje stilt. Det er i forandring og det er menneske som skapar forandringane, menneske med makt. Og dei forandringane kan påverkast, stansast, drivast fram med motmakt.
Det etterindustrielle samfunnet kan bli eit uhyggeleg teknovelde av kontroll, dirigering og manipulasjon frå dei som meistrar og styrer teknologien. Men teknologien kan òg brukast til å gje tanken om folkeopplysning nytt innhald og styrkja demokratiet ved at fleire får innsikt og kunnskap til å styra og kontrollera dei styrande, meiner Berge Furre.
Han avviser ikkje marknadskreftene. Men dei må gjevast klåre rammer, elles blir marknaden tumleplass for det han kallar grådigskapens evangelistar.
Og sosialisme, kva er det, eigentleg?
Sosialisme er å bryta fåmannsveldet over økonomien og gjera demokratiske prinsipp og rett til deltaking like sjølvsagt i økonomi som vi meiner det skal vera i politikk. Den avgjerande makta i det økonomiske liv må liggja hjå dei som arbeider og hjå folkevalde med samfunnsansvar ikkje hjå dei pengevalde med ansvar for ein marknadsdel.
Sjølv om styresmaktene har gjeve frå seg viktige styringsreiskapar, mellom anna gjennom EØS-avtalen, har me framleis suverenitet til å motverka masseproduksjon av nyfattige og børsmillionærar, skriv han.
Mellom museum og kjøpesenter
Kanskje museumsvakter dunkar vektarstaven i golvet no: Dette er då det skinnbarlige sosialdemokrati? Ja, gjev det var så vel! Men så vidt eg veit er Arbeidarpartiet i praksis svært langt borte frå slike idear no. Dessverre, skriv Berge Furre.
Var det ikkje han sjølv som lanserte omgrepet museums-vakt om dei tradisjonstru SV-arane? Historia er tilbake, skriv sosialisten, historikaren, vestlendingen og teologen Berge Furre og lyfter Hans Nilsen Hauge fram or soga. Hauge visste at fattigdom av naud og rikdom i forbruk var like uverdig.
I røynda har alle folkerørsler som har drive dette landet fram mot større folkestyre visst det same. (...) Jamne kår var mest rettferdig.
Hauge meinte nok at det var bra å tena pengar, men dei skulle tenast for Gud. Gudsfrygt med Nøisomhed er en stor Vinning.
Diskresjon
Med ei slik arv står Noreg sterkare enn mange andre land. Me har korkje hatt koloniar eller adel. I nokre land symboliserer kongen nasjonens makt og stordom. Hjå oss symboliserer han oss, skriv Furre.
Rikfolk har me alltid hatt. Men dei har forstått at eit liv i luksus skal levast i diskresjon. Til denne tid.
Er det teologen eller Berge Furre som deltakande observatør i partiet SV, som får siste ordet? Han skriv:
Eg trur det er viktig å sjå klårt at sosialisme må vera eit jordnært prosjekt som må ha himmel over seg om det skal bli til frigjering. Nyare historie lærer oss noko om det, trur eg.
PS:
Under fyrstegongstenesta mi i militæret og det blei aldri meir hadde eg vakt i porten til Åsegard-leiren ved Harstad. Mellom øktene såg me på TV, og der dukka Berge Furre fram. Vaktsjefen, med ein skarpladd AG3 i handa, sa:
Tenk å få planta ei kule i den feite skallen hans.
Det har eg aldri gløymt. Ikkje av di yrkesbefalet sleppte ei slik padde frå munnen nei, det var måten av di det ikkje fall han inn at nokon kunne vera usamd...
Då overvakingspolitiet i haust skulle mana fram eit spøkelse frå den kalde krigen, valde dei ikkje mellom alle dei måtte ha i mappene sine sersjanten frå Åsegarden. Dei valde Berge Furre.
Men eg tenker stundom at om det er slik at Berge Furre trur på Gud, då må det vel vera noko i kristendomen. |