Dag og Tid nr. 15, 10. april 1997

Bokmelding:
Røyndom? Verkeleg!

I essaysamlinga “Virkelighet” er det den litterære entusiasten Geir Gulliksen som fører pennen. Men kvifor må han posere som uskuldsrein og pubertal? spør Øystein S. Ziener i denne meldinga.

Geir Gulliksen:
Virkelighet og andre essays
Oktober 1996


Det er ikkje ofte eg kjenner kroppen verte fyld av varm takksemd når eg les sakprosa, men innleiingsessayet i Geir Gulliksens Virkelighet og andre essays får varmen til å strøyme gjennom meg. Under tittelen Guds finger skriv Gulliksen om å lese og om å skrive, om gleda ved å lese, nytinga ved å lese, om den altoppslukande sjølvforgløyminga den gode lesaropplevinga alltid gir oss. Og derfor rører ho ved oss. Derfor får ho oss til å røre ved oss sjølve – og ved livet, mennesket, verda, røyndomen. Det er eit forsvar for det sant menneskelege Gulliksen leverer. Men han tar korkje nokon forsvars- eller nokon åtaksposisjon. Han skriv utan pretensjonar, utan å sjå til høgre eller til venstre. Gulliksen ser rett fram – på teksten. Han går rett på. Det er tiltrengt i ei tid da alt hastar, da det rommet tanken treng for å utfalda seg, er trua. Gulliksen opnar det rommet i og med teksten sin, og han held det ope. Det er godt, og det er godt gjort. Det er beint fram nødvendig.

Tretten år og einsam

Like nødvendig er det med entusiastar i verda. Geir Gulliksen er utan tvil ein litteraturens entusiast. Han har evna til å la seg røre ved i behald. Derfor rører han òg ved lesaren sin med ein finger som peikar.

Best er han når han skriv om seg sjølv, når han er personleg. For det er det Geir Gulliksen er. Personleg, ikkje privat. Når han vågar å vere seg sjølv, bruke seg sjølv, stole på røynslene sine, opplevingane sine, maktar han å allmenngjere dei, å halde dei opp som ein spegel for lesaren slik at også han ser sine eigne konturar i dei. Slik omset Geir Gulliksen sin eigen teori i praksis når han er på det beste i Virkelighet: Han skriv så lesaren sjølv får oppleve på kroppen den sjølvforgløyminga og den paradoksale kommunikasjonen lesehandlinga kan opne for.

Det er glimt, innimellom. Det kan ikkje få blitt meir. Kanskje er å lese det same som å skrive: Å skrive er å vente på at noko skal skje, å halde det rommet ope der noko kan skje, der mennesket og livet kan bli sett på nytt, hevdar Geir Gulliksen og slår beina tvert unna kvart eit krav om større effektivitet og auka produktivitet. Bruttonasjonalproduktet er ikkje det som opptek han mest.

Gulliksen er langt meir oppteken av den einsame trettenåringen som sit samankropen i kroken på biblioteket i sitt eige hemmelege rom og les. Men heller ikkje det er eit tomt rom. Og Geir Gulliksen er ingen trettenåring lenger – han er ein trettitre år gammal aktør i det nasjonale litterære krinsløpet. Derfor slår han også beina under seg sjølv når han freistar å skaffe seg full ryggdekning ved å gjere trettenåringens filipensplaga, uskuldsreine posisjon heilt og fullt til sin. Det er korkje ein nødvendig eller ein truverdig positur.

Mandig og urban

Ingen kan skrive om alt. Heller ikkje Geir Gulliksen. Han har gjort sine val. I eit slags etterord gjer han greie for dei vala som ligg til grunn for Virkelighet og for intensjonen med essaysamlinga: Det han vil, er å krinse om forholdet mellom forfattar og tekst og mellom teksten og verda, røyndomen. Han vil ikkje etablere nokon kanon, skilje mellom vesentlege og uvesentlege forfattarar. Geir Gulliksen vil frå-skrive seg makt. Intensjonen bak ei programerklæring som dette er god nok, og ingen kan tvile på at Gulliksen skriv for å skrive seg fram til nye innsikter, nye utsikter og ikkje for å arbeide seg opp til nokon maktfullkomen posisjon.

Men ein skal vakte seg vel for å tru på forfattarintensjonar. Særleg når dei er så tydeleg uttalte. Ein skal ikkje ta dei for god fisk. Alle tekstar produserer fleire meiningar enn berre den forfattaren sjølv vil at teksten skal ha.

Når det er så nødvendig for Gulliksen å fråskrive seg all makt, vert det faktisk eit vitnemål om det motsette: At Gulliksen faktisk har makt. Og han veit det. Elles ville han ikkje ha tatt opp kanoniseringsproblematikken som om han skulle ha vore ein Harold Bloom med internasjonalt nedslagsfelt. Virkelighet er ei måtehalden bok skriven på norsk. Ingen ville ha mistenkt Geir Gulliksen for å ha nokon kanoniseringsambisjon om han ikkje sjølv hadde retta den mistanken mot seg. Derfor får sluttmerknadene hans stikk motsett tyding av intensjonen bak dei: Gulliksen tilskriv og tilranar seg makt i same augneblinken som – og nettopp fordi – han fråskriv seg denne makta. Han tilranar seg makta til å inkludere eller ekskludere. Epilogen hans kan ikkje anna enn å få status som ein altfor tydeleg avvergemekanisme, ei einaste stor nekting. Geir Gulliksen er ein trendsetjar. Han veit det, og han opptrer også som det. Og Virkelighet er ei bok som har ei slagside. Det er heller ikkje til å unngå. Risikoen ved å skrive kan ingen fråskrive seg.

Med unnatak av to essay med emne frå mellomkrigstida som handlar om brørne Nordahl og Harald Grieg og om Gunnar Larsen, er det framfor alt unge, urbane eller sjølv-urbaniserte litterære menn Gulliksen skriv om. Dermed løfter han dei òg fram som vesentlege: Jonny Berg, Niels-Fredrik Dahl, Rune Christiansen, Gene Dalby, Stig Sæterbakken, Jonny Halberg. Bak dei ruvar to eldre lyrikarar som er grundig kanoniserte, som bakgrunnsfigurar: Göran Sonnevie og Nils Yttri. Dermed definerer Gulliksen det som er referanseramma hans: Ho er mandig; ho er ung, og ho er urban.

Det er lov å vere mann. Det er lov å vere ung. Det er lov å vere ein av gutta boys. Gulliksens posisjon er på alle vis legitim og også nyttig. I Virkelighet ordfestar han refleksjonar som ei heil gruppe yngre forfattarar deler. Gulliksens posisjon hadde framstått som uproblematisk om han sjølv hadde stått inne for han. Når han problematiserer han så tydeleg, syner han i staden at han trass alt ikkje stolar heilt og fullt på si eiga røynd, sin eigen tekst.

Kjerringar og kvinnfolk

“Jeg forsøker å bringe inn noe nytt – så å si selve virkeligheten.” skreiv Cecilie Løveid i romanen Sug. Det var i 1979. Løveid er kvinne. Ho er eldre enn Gulliksen, snart gammal nok til å vere kjerring. Ho kjem frå Utkant-Norge (= Bergen). I lys av eit sitat som dette er det forholdet mellom teksten og verda Gulliksen krinsar om, slett ikkje ny – sjølvsagt ikkje. Og kanskje har denne problemstillinga i lang tid vore mykje meir påtrengjande for kvinnelege forfattarar som har arbeidd ut frå utkanten, ikkje frå det midtpunktet der Gulliksen har sin plass. Derfor er den systematiske utgrensinga hans av kvinnelege forfattarar djupt problematisk. Geir Gulliksen hadde truleg hatt noko å hente der, der også, hos ei Gro Dahle, ei Karin Moe, ei Hanne Bramness. Til dømes. For kvinnene har nok levd og skrive med det røyndomsproblemet Gulliksen tar for seg, som eit langt meir påtrengjande faktum både kroppsleg, psykisk og intellektuelt enn det som er mogeleg for ein mann sjølv om også mannen er eit menneske. Med sine hurpete tekststrategiar kunne kvinnfolka ha fungert som ei foruroligande brekk-stong inn i Gulliksens problemfelt og tvinga fram også andre perspektiv.

Aller mest påfallande er det at Inger Elisabeth Hansen som med si kresen-sensuelle samanskriving av bibelske allusjonar med krigsbilete frå Jugoslavia i den heilt sentrale 90-talssamlinga I rosen (1993) har tilrana seg eit særleg-kvinneleg rom midt i Gulliksens problemfelt, ikkje vert nemnt med eit einaste ord, men ekskludert frå Gulliksens tekst-røyndom og røyndomstekst. Det er uråd å ikkje lese nett denne utgrensinga som uttrykk for at det er ein hund gravlagd her ein stad – at den referanseramma Gulliksen etablerer er for trong. Dette er ei innvendig Geir Gulliksen sjølv inviterer til når han tydelegvis ikkje kan anna enn å innrømme at også han er ridd av dårleg samvit fordi han er mann og har makt.

Fantasi og røyndom

Tretten eller trettitre – i spenningsfeltet mellom posisjonen som ansvarsfri backfish og ansvarleg mann plasserer Virkelighet seg som ei bok som er skriven av ein litterær entusiast. Gåvmildt vil han dele sine refleksjonar omkring litteraturens særlege fascinasjonskraft med lesarane. Kanskje er det røyndom. Kanskje er det fantasiens frie flukt. Kanskje er det ikkje så store forskjellen. Geir Gulliksen har nok fleire spørsmål enn han har svar. Det vert det vonaleg fleire essay av. Det treng det litterære Norge. Det er ingen grunn til ikkje å ta imot. Entusiastar er eit overskotsefenomen vi ikkje kan greie oss forutan. Men dei treng ikkje posere som uskuldsreine for det.
Øystein S. Ziener

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |