Dag og Tid nr. 15, 10. april 1997
Bøker:
Skikkeleg gutebok
Marit Nicolaysen og Per Dybvig har her laga ei bok som truleg vil slå bra an hos barn i åtte til tolv-årsalderen, skriv Liv Marit Idsø.
Marit Nicolaysen:
Kloakkturen
Illustrert barnebok
Aschehoug 1996
Teikningar: Per Dybvig
Det er dessutan ei skikkeleg gutebok, ofte ei mangelvare, meiner mange vaksne som leitar etter noko som kan skjerpa bokapetitten hos poden i teikneseriealderen.
Kloakkvandring
Hovudpersonen Svein skal på tur i kloakken saman med Ferieklubben for å sjå kor det blir av bæsjen. Artig og originalt perspektiv, tenkjer den vaksne lesaren. Og eg for min del meinte framleis det etter å ha lese boka.
Entusiastisk oppsøkte eg elleveåringen min for å be han ta ein pause i TV-kikkinga og lesa boka med tanke på ei ekspert-utsegn. Eg venta spent på muntre latterutbrot ved skildringane av kloakksystemet.
Det eg fekk, var noko heilt anna. Noko som heilt sikkert vil gleda både denne og andre forfattarar. Poden meinte Nicolaysen visste mykje om korleis gutar tenkjer. Det med turen i kloakken var ikkje så viktig. Det sentrale var Svein sitt forhold til kjæledyret, hetterotta Halvorsen. Dessutan var det kjærleiken det evig aktuelle litterære temaet som appellerte til lesaren nok ein gong.
Første kyss
Elleveåringen hadde heller ikkje vanskeleg for å finna yndlingssitatet sitt. Det var den plassen i boka der Svein nettopp har fått sin første kyss. Silje har gått heim, og han står på badet og ser seg i spegelen: Svein het jeg. Jeg var 9 år. Jeg hadde lyst hår og blå øyne. Jeg var den samme som før. Den samme som i går. Men allikevel hadde alt forandra seg. Silje hadde kyssa meg. Hun hadde gjort det. Hun likte meg. Jeg hadde bare stått helt stille, jeg. Det var hun som gjorde det. Det var hun som ville. Jeg lurte på om det betydde at vi var kjærester? Jeg dro av meg T-trøya. Presset musklene det jeg kunne. De hadde blitt litt større i det siste. Og nå som jeg sykla så mye, ble jeg sterk i beina også....
Det e' slik det e' ! uttalar eksperten min.
Så då skal ikkje eg prøva å protestera på det jente som eg jo er, og alt...
Eg skal bare leggja til at Marit Nicolaysen har hatt god drahjelp av Per Dybvig. Svart-kvitt-teikningane hans gir ein fin ekstra-dimensjon til boka, utan å konkurrera ut teksten. Dybvig har ein rask strek som appellerer til dei teikneserie-fantastane han her vender seg til.
Liv Marit Idsø
|