Dag og Tid nr. 10, 6. mars 1997
Lyrikaren:
Kompromisslaus einstøing
Den einaste norske lyrikar som var samtidig med europeisk modernisme i vårt hundreår, var den sjølvlærte rallaren og nynorskdiktaren frå Beitstad -- Kristofer Uppdal. Det førte til at han måtte tole motgang og manglande forståing, skriv Vigdis Ystad.
Kanskje var det dei upoetiske emna hans som gjorde at Kristofer Uppdal lenge var ein heller ukjend lyrikar i norsk bokheim. Meir lesen var han nok som forfattaren av romanverket Dansen gjenom skuggeheimen, der han i ti ruvande band skildrar framveksten til den norske arbeidarrørsla, frå 1880-åra og fram til tida kring første verdskrigen. Fleire av banda i romanserien er såkalla nøkkelromanar, der Martin Tranmæl og andre sentrale politikarar og tillitsmenn frå tida er lett attkjennande.
Men trass i dette: heller ikkje romanane vann noko stort publikum. Ein kan spekulere over årsakene: Den manglande interessa kan henge saman med det målet Uppdal skreiv på -- eit nynorsk som etter kvart vart meir konservativt. Meir truleg skuldast det den kunstnarlege forma Uppdal utvikla i romanverket. Her står vi nemleg andsynes dei første døme på ekspresjonistisk prosakunst i Noreg. I dei bøkene Uppdal skreiv fram mot 1920-åra syner han mennesket som type, som kraftovring, som erotikar, som lidande, blødande individ -- sterkt forstørra eller karikert dersom ein nyttar den konvensjonelle psykologiske realismen som målestav.
Det er lang veg mellom dei realistiske psykologiske utviklingssogene i samtidslitteraturen og Uppdals ekstreme individteikningar. Og soga om den norske arbeidarrørsla som veks fram frå 1880-åra av, blir ikkje fortald i form av tradisjonelle historiske referat og analysar, men som stiliserte bilete, som utsnitt og glimt av ein dynamisk, organisk prosess der einskildmennesket og den rørsla det går inn i, er framstelte som ovringar av større, universelle livskrefter.
Dansen gjenom skuggeheimen er ingen dårleg tittel på eit slikt ekspressivt verk: Her skildrar diktaren korleis mennesket og historia tek form og stig fram som ein rytmisk dans, ei eruptiv livskraft som tvingar seg veg frå eit opphaveleg kaos og mørke, gjenom motgang og liding, mot lys og dag.
Einstøing
Det som gjeld romanforfattaren Uppdal, kan i enda høgre grad seiast om lyrikaren. Også her er han i norsk samanheng noko av ein einstøing -- kompromisslaus og kresen skreiv han i det målet og i dei lyriske formene han fann rette -- utan å skjegle for mykje til kva som var venta av lesarar og kritikarar i samtida. Uppdal debuterte som lyrikar i 1905, med dei to heller tradisjonelle samlingane Kvæde og Ung sorg, der han skriv natur- og kjærleiksdikt i frie former som er klårt inspirert av 1890-årsmodernistar som Obstfelder og Krag. Men det gjekk ikkje mange åra før han utvikla si eiga form -- meir ætta med den lyriske modernismen på kontinentet i åra fra 1910 og framover. Kristofer Uppdal kan nemleg kallast vår første eigentlege modernist -- meir i slekt med ekspresjonistiske diktarar som dei tyske lyrikarane Heym og Trakl, den finlandssvenske Edith Södergran og svensken Pär
Lagerkvist enn med samtidige norske lyrikarar som Øverland, Wildenvey, Nygard og Aukrust.
Mange har villa sjå ekspresjonismen (og modernismen i det heile) som ein negativ reaksjon på opplevinga av tilveret som meiningslaust og kaotisk, og meiner at diktarane bryt opp tradisjonelle språklege og formelle harmoniar for å skildre ei slik oppleving av meiningstap. Dikta får såkalle frie vers utan rim og rytme; språket tek inn ei rad upoetiske og trivielle ord; biletet av røynda tek form av kaos og meiningsløyse.
Men dette treng ikkje vere dei einaste kjennetikn på modernitet -- og det stemmer heller ikkje med den spesielle ekspresjonismen som Kristofer Uppdal og ei rad kontinentale samtidslyrikarar dyrka i åra kring første verdskrigen. Desse kunstnarane kan vi tvert om karakterisere som ein slags trassige optimistar, med ei veldig utvikla tru på kreftene i menneskesinnet og på kunsten som middel til sannkjenning. Ekspresjonismen -- og Uppdal -- fører vidare impulsar frå filosofar som Friedrich Nietzsche og Henri Bergson, med individualisme og intuisjon som sentrale område for kunstnarleg djupnboring. Ekspresjonistane skreiv som om dei kunne skape ei ny røynd for å erstatte den som var tapt. Nietzsche hadde forkynt at Gud var død -- men både han og ekspresjonistane visste, at det fanst ein menneskeleg mental kapasitet som kunne overvinne denne kjensla av tomrom og meiningsløyse. For ekspresjonistane gjekk vegen gjennom den
intuitive og skapande evna dei meinte menneskesinnet hadde til å gjere seg eitt med verda omkring seg; dei skildra korleis sinnet kunne vekse til uhorvelege dimensjonar, gjere seg identisk med all tid og all materie og slik gi naturen og heile universet ny meining.
Angst og liding
Det ligg ei grensesprengjande, universell kjensle bak slike ekspresjonistiske dikt: det einskilde menneske uttrykkjer kjenslene til alle menneske; naturfenomena sprengjer med si innebuande ånd alle grenser for normal røyndom og blir kosmiske eller universelle. Vi kan samanlikne det med andletet på Edvard Munchs målarstykkje Skrik, som ikkje er eit individuelt portrett, men eit samla uttrykk for ein flerrande angst som sameinar menneske og natur og fyller biletflata med ekspressive uttrykk der alle naturlege harmoniar er brotne og ny meining oppstår.
Angst og liding er nok og sentrale innslag i den ekspresjonistiske livskjensla -- og i Uppdals lyrikk. Talrike dikt skildrar slike lidingsfylte tilstandar -- gjerne på grensa til galskap. Men det er langt frå mental sjukdom eller meiningsløyse diktaren er oppteken av: galskapen er snarare ovringar av det over-normale, det overnaturlege, det ikkje-realistiske som lagar sine eigne lover i tilveret, langt frå all borgarleg eller triviell kvardag. Det er slike lover for menneske og natur Uppdal utforskar i dikt etter dikt -- og han er stadig oppteken av den liding som følgjer med å vere utvald som bodberar for slike universelle krefter. Også på det viset er han i ætt med Nietzsche. Tittelen på ei av dei store diktsamlingane -- Altarelden frå 1920 -- er karakteristisk: For ekspresjonisten Uppdal er dei store kreftene i tilveret heilage makter som berre dei sterkaste toler å bere fram til
uttrykk.
I titteldiktet Ved altarelden møter vi det lidande, men og sterke menneskesinnet i pakt med slike krefter:
Ser eg sjelar i eldar,
brenn alle gule, varme, røykvarme.
Min eld er kvit
utan røykvarme
-- er blåkvit som synda.
Kanskje eingong stilnar alt i meg
i dette blåkvite.
Ja -- ja!
Eg veit eitt--:
Heilag er kvida!
Høgt -- vidt -- stilt!
Det siste.
Slik talar ein kompromisslaus lyrikar som godt visste om sitt eige verd.
Som mange av ekspresjonistane (og for den del også andre modernistar) kunne Uppdal handsame tradisjonelle strofe- og diktformer med stor meisterskap. Talrike terzinar og sonetter flaut han frå pennen -- dei mest kjende er vel Håløygske sonettar frå Altarelden (1920), der han teiknar bilete av ei rad diktarar med tilknytning til Helgelandskysten. Denne lange diktrekkja er som ein serie portrett i harnisk: her skaper Uppdal bilete av samhøvet mellom menneskesinn og natur -- ikkje som psykologiske stemningar utløyst av eit landskap, men som faktisk identitet mellom ånd (menneskesinn) og åndeleg-materiell natur. Språket er kompakt, ordvalet er sjeldsynt og glitrande -- og forma er altså den kravstore sonetten, med 14 versliner organisert etter eit strengt logisk skjema. Hamsun og Helgelandsnaturen blir her uskiljande storleikar:
Ei jord-ånd, ør av storårs nattsvevn, vaknar,
dér gjekk og faun-spel, vårvarm anddrått ryk,
det fløyter, gigjar, millom hornlur-knegg.
Og risen skjék' sitt mjell-snø-hår og skjegg
det breier seg lik uvers-él som flaknar,
og bringa skin der lynet glør i stryk.
Sonettar
Den som trur at modernisme er det same som formoppløysing må endre oppfatting etter å ha lese Håløygske sonettar! Uppdal gir oss her ei rad portrett av store kunstnarar -- dei fremste er vel Petter Dass og Hamsun. Og han framsteller det slik at det er dei same skapingskreftene i tilværet som ovrar seg i både i Helgelands-naturen, i sinnet til diktarpresten Petter Dass og i livsverket hans. Her kan vi ikkje trekkje noko skarpt skilje mellom naturskildring og psykologisk portrett. Fjella og diktarånda er identiske storleikar:
I eld hans andlet skin or ishavs-myrke,
hans dikt-verk rid kvart hundrad-år i hel,
og enn hans ånd or natt stig tindekvass
i nordlys'-bragd og fjelltung skaldestyrke,
for han ber gråberg-landet i si sjel,
den trollskaps-temjar, skalden Petter Dass.
Versa om Petter Dass inneheld, som dei andre sonettene i rekkja, ein poetikk -- det vil seie tankar om kva som kjenneteiknar stor dikting. For Kristofer Uppdal stig kunsten fram av djupe krefter i tilværet -- krefter som ovrar seg såvel i landskap som menneskesinn. Men for Uppdal er det nok dei lidande individa som best skjønar å smelte om slike impulsar til foredla kunst. Han kan skildre den skapande lidinga i bilete av ein herdande og foredlande eld -- slik vi såg det i diktet Ved altarelden. Skapingskreftene kan òg ta form som eit eruptivt utbrot -- slik det kjem fram i det merkelege diktet med den typisk ekspresjonistiske tittelen Skriket -- også det frå Altarelden:
Men tid og onnor smell stilla sunder.
For skriket bråhøgg, -- det lurer allstad.
Det kjem frå himlar og djupt frå jorda,
frå dyredrifta, frå mannasjela.
tid og onnor
-- lik stjerne-lyning -- geniet ter seg.
I religionen går Kristus-skriket,
i kunst og dikting det same ogso:
Eit hogg som søkk gjenom avgrunns-dypter
og skjer eit skile med veg som når fram
dit alt er æve og svimrings-høgder
-- som sjølve skriket, det høgg og detter.
Ei slik oppfatting av det skapande sinnet er kanskje i ætt med det kunstsynet som rådde i romantikken, meir enn eit hundreår tidlegare. Også romantikken såg som kjent på den geniale kunstnaren som ein bodberar og tolk på vegner av større, gjerne guddomelege krefter i tilveret. Men den ekspresjonistiske modernisten er meir radikal enn romantikaren. Det nye er at mennesksinnet sjølv er identisk med alt det som gjev meining -- ingen annan guddom finst enn det totale, åndeleg-materielle medvit. Eget kan dermed vekse til uhorvelege dimensjonar -- hinsides godt og vondt, for å nytte ei formulering frå filosofen Friedrich Nietzsche.
Isfjellet
Eit av dei fremste døma på eit slikt over-realistisk, totalt medvit, der ånd og materie er identiske og til slutt fyller heile universet, har Uppdal gjeve i diktet Isberget frå Altarelden. Diktet skildrar tilsynelatande eit naturfenomen som er velkjend nok: Ein bre i nordhavet kalvar eit isfjell som sigler mot sør lik eit kjempeskrog. Handlinga i diktet er berre dette eine: ei skildring av korleis fjellet snur og vender seg i havet; korleis det glitrar og skin, dyljer seg i tåke og på ny stig fram i all sin glans. Så langt kunne vi tru at diktaren har laga ei rein naturskildring. Men Isberget er samstundes eit av dei mest karakteristiske ekspresjonistiske dikt i europeisk litteratur. Dette isfellet fylgjer nemleg ikkje vanlege naturlover. På vegen mot sør ville eit vanleg isfjell langsamt smelte og bli borte. Uppdals isfjell gjer det motsette: Det veks og veks, slik at det til slutt når
uhorvelege dimensjonar og fyller heile universet, frå havbotn til himmelbryn, med eit grenselaust medvit som samstundes er identisk med all materie, all tid og alt rom:
Eg, isberget, skar meg ut av æve-kuldens heim,
...
Det finst ikkje ondt eller godt, -- berre stråleskin.
Eg er eit slikt stråleskin. -- Er eg ond eller god?
Eg ber jordheimens fargesjel, eg sigler i mi ro
under himlens stjerneskin, over dyptene fram.
Isberget er altså ikkje noko tradisjonelt naturdikt. Det er heller ikkje eit kamuflert portrett av eit menneske. I så fall ville dette vere skræmande lesing. Men modernisten Uppdal er ikkje oppteken av psykolologiske, etiske eller moralske emne. Han utviklar etter kvart lyrikken sin til uttrykk for ei ekspresjonistisk oppleving av totalitet. I Isberget handlar det om ånda i isverda -- den umåtelege og uovervinnelege del av kloden der vinteren rår aleine: Isverda, polverda, storlagd glitrande og uovervinneleg, utan motmakter som kan truge, utan kjensler, utan nåde, tidlaus og uforgjengeleg.
Svake lyrikkbøker på si
Og her står vi framfor trekk som er med til å gjere Kristofer Uppdal til ein av dei mest originale og nyskapande norske lyrikarar i vårt hundreår. Den språklege fantasien og den formelle meisterskapen som kjenneteiknar så mykje av den mogne lyrikken til Uppdal frå åra fram mot 1920, blir uttrykk for ei oppleving av tilveret som er ny, sjokkerande og sprengjer alle grenser for det normale. I vårt land, der den realistiske litteraturen alltid har stått sterkt både hjå kritikarar og lesarar, var det kanskje ikkje så overraskande at mange hadde problem med å trengje inn i denne djupt originale lyriske forfattarskapen. Uppdal-resepsjonen såg lenge på forfattaren som norsk arbeidardiktar med nokre få interessante og fleire svake lyrikkbøker på si. Først seint i vårt hundreår skulle det gå opp for oss at norsk modernisme ikkje tok til med
Rolf Jacobsen og Claes Gill i 1930-åra; med Brekke-Vesaas-Hofmo-generasjonen etter andre verdskrigen, eller med Profil-modernismen fra slutten av 1960-talet. Alle desse rørslene kom på etterskot i høve til europeisk modernisme. Den einaste norske lyrikar som var samtidig med europeisk modernisme i vårt hundreår, var den sjølvlærte rallaren og nynorskdiktaren frå Beitstad -- Kristofer Uppdal. Det førte til at han måtte tole motgang og manglande forståing for det han skreiv, -- men utan at han av den grunn innretta seg meir populært og byrja skrive i pakt med forventningar og konvensjonell smak. Kristofer Uppdal vart i staden meir og meir seg sjølv. Derfor kan det høve å avrunde med nokre ord som står som innleiing og motto for diktsamlinga hans frå 1920, Altarelden:
Lat deg brenne i den elden
som er bygd av all di sut.
I dei raude flammetungur
skal ditt auga vekse ut.
Vigdis Ystad
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|