Dag og Tid nr. 10, 6. mars 1997
Lyrikaren om lyrikaren:
-- Kan saman-liknast med Wergeland
Kristofer Uppdals dikt må koma ut i samling, dei mange ukjende dikta og storverket Ævelengdn må publiserast, meiner Jan Erik Vold.
OTTAR FYLLINGSNES
Kristofer Uppdals lyrikk er ein av dei best bevarte løyndomane i moderne skandinavisk lyrikk, skriv Jan Erik Vold.
-- Kvifor?
-- På grunn av at hans lyriske tekstar ikkje finst i handelen. Det er aldri laga ei samla utgåve av Uppdals dikt. Det finst store mengder upubliserte dikt på Universitetsbiblioteket som vart tekne vare på av sonen, Skjalg Uppdal. For det tredje vert Uppdals litterære produksjon forvalta av ein person som meiner at Uppdals samla produksjon ikkje toler offentleggjering; som i klartekst motarbeider Uppdals intensjonar og som ikkje trur på Uppdals og Wergelands visjonar.
Urimeleg
-- Du meiner at alt som Uppdal har skrive bør offentleggjerast?
-- Sjølvsagt bør det lesast med kritiske augo. Uppdals store stridsmann, Olav Dalgard, som var ein heiderskar og ein positiv forkjempar for Uppdals verk, meinte at det store upubliserte verket Ævelengdn ikkje er vellukka. Det er dessutan refusert på Aschehoug, men det var gjennom ei lesing som baserer seg på smaken frå 1950. Det er gjort utan forståing for Uppdals sentrale posisjon i norsk og skandinavisk lyrikk. All ære til Dalgard, men det er urimeleg at me i dag ikkje skal få lesa Ævelengdn. Det går fram av papir frå 1960-talet på Universitetsbiblioteket at Skjalg Uppdal har arbeidd for å få ut Uppdals lyrikk, men mislukkast. Det finst til dømes manus med etterlatne dikt. Skjalg Uppdal seier at desse dikta fall utanfor den posthume utgåva av Hestane mine:Men noen er av direkte høy klasse og bør til ny vurdering.
Jan Erik Vold dreg ein parallell og samanliknar Uppdals upubliserte verk med musikk.
-- Det er som om me ikkje skulle få høyra dei siste platene til Billie Holiday av di ho har sprokken røyst. Kva er livet? Det er ei einaste lang vandring mot den sprokne røysta, og det som følgjer etter det. Sjølv om Billie Holiday vert sett i kontrast til alderdommens kraft, elskar me hennar ungdommelege kraft like mykje.
Temperamentet
-- Thomas Tranströmer, den store svenske skalden, sa ein gong til meg: Det er ein nordmann som byrjar på U... Kva er det han heiter? Kristofer Uppdal, sa eg. Uppdal, ja! Kven er det, spurde han. Tranströmer er ein flittig og nyfiken lesar som kjenner godt til norsk lyrikk. Når Uppdal var ny for Tranströmer, var det neppe mange andre som kjende han. Den svenske utgåva med utvalde dikt er den første omsetjinga av Uppdals lyrikk. Han er heilt ukjend utanfor grensene, og temmeleg ukjend innanfor. Den som skal ha æra for at Uppdal har kome i søkjelyset, og den som har gjort min generasjon merksam på det store hjå Uppdal, er Olav H. Hauge. I Hauges tekstar kan ein sjå at han har lært eitt og anna hjå Uppdal, blant anna når det gjeld å uttrykkja eit eldfullt temperament. I norsk lyrikk er det eldfulle temperamentet svakt representert. Det melankolske har fått dominera. Dersom lyrikk er den sjangeren som
gjev oss heile menneskebiletet, skal sjølvsagt alle dei fire temperamenta og alle dei fire elementa vera med. For meg er det Uppdal, Hauge, Gunvor Hofmo og Georg Johannesen som har teke vare på dei fire.
Volds kanon
-- Hauge lærte av Uppdal, men dei møttest aldri?
-- Uppdal budde på Kletvold i Oppdal frå 1947 til 1961. Hauge debuterte i 1946 og kom med sine første samlingar i åra etterpå. Han hadde lese sin Uppdal, og han snakkar om Elskhug og Altarelden som to av dei viktige bøkene i hans lyriske danning. Hauge kom aldri til å ta kontakt med Uppdal.
-- Du tar med Uppdal i din lyriske kanon?
-- Eg har teke med Petter Dass, Henrik Wergeland, Sigbjørn Obstfelder, Olaf Bull, Kristofer Uppdal, Rolf Jacobsen, Gunvor Hofmo, Olav H. Hauge og Georg Johannesen, med plass til ei handfull suppleringar. Desse er alle store tonegjevande i sin periode. Den poeten som kan lesast av stadig nye generasjonar, må det vera noko med, seier Jan Erik Vold.
Men det er ikkje så lett å seia kven som er størst av dei store.
-- Du kan ikkje samanlikna Keith Jarret og Fats Waller. Dei er stor jazz-pianistar begge to. Jarret har lært av mange, også indirekte av Waller, medan Waller har lært av folk før seg.
Obstfelder
-- Du er oppteken av Obstfelder. Det var Uppdal også?
-- I Trønderungdommen 8. august 1900 vart det publisert eit minnedikt til den avdøde Sigbjørn Obstfelder, berre nokre dagar etter at han døydde. Bak minnediktet står Kristofer Uppdal. Det er skrive fem år før han debuterer. Seinare vart Uppdal ein formidabel bokmeldar. Meldingane hans er små mini-essay som står svært høgt i norsk bokomtale. Blant anna skreiv han fantastisk fint om Obstfelder. I Aftenposten 1925 vart det trykt eit Uppdal-dikt som heiter Til Sigbjørn Obstfelders minde. Mange andre har lært av Obstfelder, men Uppdal kvitterer med takksemd for å ha å vorte rørt av denne sjeldne, men avgjerande poesien.
Uppdal såg det mykje klarare enn Francis Bull og kompani at det var stor lyrikk som kom frå Obstfelder. Rett nok skriv Bull om Obstfelder, men han skriv om dei andre samtidige også -- som om ein kunne samanlikna dei andre såkalla nyromantikarane med Obstfelder.
-- Uppdals lyrikk fekk ikkje fekk nokon plass i litteraturhistoria før på 70-talet?
-- Romanserien har fått ein stor plass. Difor er det litt paradoksalt når ein seier at Uppdal er ein godt bevart løyndom, men det var lyrikken ein oppdaga seint. Det er som lyrikar eg set Uppdal i særklasse, og det er på det feltet at nyskapinga gjer han så sentral.
Wergeland
-- Uppdal skal ha uttalt at han ville verta den nye Wergeland. Var han stormannsgalen?
-- Eg synest me skal vurdera han ut frå hans eiga utsegn. Han bør takast på alvor. Roman-syklusen er svært ambisiøs. Eg har forstått at den store arkitektoniske planen for verket demra for han undervegs. Når han såg det, reviderte han nokre av bøkene for å få dei til å passa inn i domkyrkjestrukturen. Det er stort å tenkja arkitektonisk. Uppdal skal ha ære, ikkje minst for sine ambisjonar. Utan ambisjonar er det ikkje alltid at det vert stor dikting. Delvis stod Wergeland for eit folkeopplysnings-prosjekt. Eg går ut frå at Uppdal såg roman-syklusen som ein stor hyllest til arbeidarklassen. Seier ein at romanen er borgerskapets form, er dette å hylla arbeidarklassen i ei form som er tilgjengeleg for borgarskapet. Slik sett ligg det folkeopplysning og informasjon i dette svære arbeidet. Som litteratur-pedagog er dessutan Uppdal ein av våre aller, aller største. Han skreiv
innsiktsfullt, leseleg og klokt om litteratur i bokmeldingane, slik at folk kunne få lyst til å lesa bøkene. Ved sida av folkeopplysningsprosjektet har han også det lyriske gemyttet felles med Wergeland. Mennesket, Skabelsen og Messias av Wergeland er eit stort opus. Det same er Uppdals Kulten, men ein kan seia at båe er like vanskeleg tilgjengelege. Likevel -- dei er skrivne, og bak dei ligg ambisjonar.
Uppdal kunne skriva Kulten, men det kunne neppe Olav H. Hauge. Den store monumentaliteten låg ikkje for han. Tenk deg at Kulten vart til samstundes med Vigelandsanlegget. Dermed ser du problemet med det. Mange av oss synest at Gustav Vigeland gjekk litt for langt i retning av å få alt til å stemma i eit stort arkitektonisk prosjekt. Uppdal som lyrikar er mest tilgjengeleg i dei enkeltdikta der han lukkast, men det skuldast også at Uppdal-lesinga har kome så kort. Dei som burde vore pedagogar og formidla Uppdal-stoffet, har ikkje gjort så mange forsøk på det, meiner Jan Erik Vold.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|