Dag og Tid nr. 10, 6. mars 1997

Om Kristofer Uppdal:
Etterlyser upubliserte dikt

-- Kristofer Uppdal var ikkje berre rallaren som kom rykande ut frå boreholet. Han var ikkje minst ein innsiktsfull bokmeldar og essayist, seier Einar Økland. Han etterlyser upubliserte dikt.

CECILIE N. SEINESS

Inga Næss etterlyser biografien om Kristofer Uppdal. Ho tykkjer Uppdal er ein av dei meste spennande forfattarane frå byrjinga på 1900-talet.

-- Han er altfor lite tydeleg no. Uppdal har eit stort spenn i forfattarskapen sin. Til dømes er mange av essaya svært humoristiske. Lyrikken er flott, men ikkje særleg lett tilgjengeleg på grunn av språket.

Det er skildringa av spenningane i overgangen frå jordbruk til industri Næss har vorte fascinert av.

-- “Dansen gjenom skuggeheimen” syner korleis folk står med ein fot i kvar leir. Det siste bindet les eg som hans eigen biografi. Han levde eit dramatisk og tragisk liv.

Næss, som sjølv skriv nynorsk, seier at det språklege valet hennar var politisk og ei bevisstgjering på det nasjonale i tidlege EF-tider.

-- Dessutan har Uppdal og Garborg vore viktige for det valet. Dei skildrar samfunn som er i endring og utvikling. Eg er oppteken av det same.

Nynorskklassikar

Eldrid Lunden trur Uppdal har hatt mykje å seie for utviklinga av det nynorske skriftspråket.

-- Tonefallet og fridomen i hans måte å uttrykkja seg på har hatt store konsekvensar, men påverknaden er indirekte sidan han er så mykje eldre enn forfattarane i dag.

Lunden er ikkje ei av dei som blar opp i Uppdals produksjon dagleg, og ho var meir oppteken av han tidlegare.

-- Han er ein av nynorskklassikarane. I lyrikken han har skrive er formspråket så sterkt og direkte at det er på grensa til det ubehagelege. Han skriv på ein måte det er vanskeleg å ikkje leggje merke til.

Lunden høyrde saman med mor si “Dansen gjenom skuggeheimen” for fyrste gong i ei radio-opplesing like etter krigen. Ho las bøkene om att på gymnaset.

-- I dag er han ikkje den største samtalepartnaren min. Uppdal er ein del av det kulturelle grunnlaget. Han er der.

Svak for erotikken

Einar Økland har sett Kristofer Uppdal sin litteratur høgt frå han støtte på den. Han tykkjer Uppdal er miskjent som lyrikar. Folk kjenner berre “Dansen gjenom skuggeheimen”, men slik Økland ser det er han ikkje minst ein stor moderne poet. Grunnen til at lyrikken hans ikkje har fått nokon stor plass i lærebøker eller i folkeopplysinga, trur Økland har å gjera med at ein ikkje veit korleis ein skal behandla den.

-- Han er visjonær, ekspresjonistisk og nyttar eit språk som kan vera tungt og lesa. Trønderorda Uppdal nyttar har truleg gjort det enno vanskelegare for mange lesarar.

Økland tykkjer Uppdal har vorte sviken, tilsidesett og neglisjert av arbeidarrørsla.

-- Det kom vel delvis av at han ikkje skreiv bokmål.

Økland seier Uppdal aldri har stått sterkt korkje blant arbeidarar eller nynorskfolk.

-- Det er trist å tenkje på at han aldri vart ein Duun eller Vesaas.

Dei erotiske innslaga i lyrikken til Uppdal tykkjer Økland er eineståande i djervskap og vitalitet.

-- Dei etterlatne dikta burde ha vorte publiserte for lenge sidan. Hadde det vore 800 dikt etter Garborg liggjande ville dei ha vore trykte sjølv om dei ikkje var gode. Det er ei stor forsømming at ikkje alt er publisert. Dessutan burde det kome ut ein ny biografi om Uppdal.

Økland ynskjer å høyra røysta til Uppdal. Dersom det finst opplesingar av Uppdal i NRK, tykkjer han dei burde vorte gjevne ut slik at folk kan få høyra. Han etterlyser òg amatøropptak av Uppdal.

Til dei unge vil han seie at ein må hugse på kven Uppdal var.

-- Han var ein stor poet, romanforfattar, men ikkje minst ein stor bokmeldar og essayist. Han var ein vital observatør som skreiv innsiktsfullt og myndig om litteratur. Mange ser han berre føre seg som rallaren som kom rykande ut frå boreholet.

Ei anna side ved Uppdal som kjem altfor sjeldan fram, meiner Økland, er at Uppdal var eit kontaktledd til Europa.

-- Få har understreka det. Ekspresjonistar i Danmark likte Uppdal godt, og han vart skriven om i avantgardtidsskrift der. Uppdal var både ein pioner og eit kontaktledd.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |