Dag og Tid nr. 10, 6. mars 1997
Leiar:
Slepp Uppdal fri
Tett oppunder Kristofer Uppdals 80-års-dag i 1958 intervjua Johs. Aanderaa forfattaren for NRK. I intervjuet står Uppdal tidvis fram som ein bitter og trøytt mann, ein forfattar som har møtt motbør og motarbeiding gjennom heile livet. Men intervjuet viser også den vitaliteten, trassen og genialiteten som pregar diktinga hans.
Det gjer sterkt inntrykk å høyre den tilårskomne Uppdal bla i skuffene etter manus. Uppdal seier fram ordet Ævelengdn med ein intensitet og ei kraft som får det til å ise nedetter ryggrada. Ein kan høyre papirknitringa frå eit stort bokmanuskript. Det handlar om ein stor diktsyklus. Det handlar om mange årsverk i forfattarens liv. Han arbeidde på diktsyklusen frå 1947 til han døydde. Det er vanskeleg å tenkje seg at forfattaren nokon gong ønskte at manuskriptet til verket skulle bli liggjande i løynd på eit bibliotek -- under den vernande handa til ein Uppdal-forskar.
Dag og Tid ønskte å ta bilete av manuset. Vi fekk diverre ikkje sleppe til. Andre som har ønskt å sjå manuset har lide same skjebne. Uppdal sjølv viste det gjerne fram til Johs. Aanderaa da han var på vitjing hos Uppdal i 1958.
Uppdal vart motarbeidd som forfattar gjennom heile livet. Geniet hans vart forstått så altfor seint, kritikarar sabla han ned fordi det han skapte var så nytt og annleis at dei ikkje skjønte rekkjevidda av det.
Dei som vaktar over Uppdals ettermæle står i fare for å gjera den same synda mot mannen som samtida gjorde. Ævelengdn kan ikkje gjevast ut fordi så få vil ha glede av verket, og fordi det kan skade forfattarens ry. Det er vanskeleg å la ein slik fåmannsdom over eit upublisert verk bli ståande -- også fordi det er ein trass mot Uppdals eige ønske og eiga diktargjerning.
Kristofer Uppdals forfattarskap blir ikkje heil før også dei upubliserte dikta blir gjevne ut. Først da har vi vist respekt for livsverket hans.
Audun Skjervøy
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|