Dag og Tid nr. 10, 6. mars 1997

Leiar:
Smurd makt

Det kunne tyde ulukke. Det kunne gå gale med skipet. Difor sa stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl "ja takk" da ho vart tilboden ei gullenkje frå eit tysk verft fordi ho var gudmor for eit nytt skip. Denne gullenkja ville truleg aldri ha blitt noka offentleg sak, hadde det ikkje vore for at den same stortingspresidenten fann ut at det var grunn til å refse Kjell Magne Bondevik, Johan J. Jakobsen og Jan Petersen fordi dei dro på smørjetur til Trondheim. Dei var inviterte av Elkem, og hadde ein innlagd avstikkar til Ski-VM i Granåsen.

Etter at Kolle Grøndahls kritikk vart kjend, har politikarmiljøet gjort alt dei har kunna for å bagatellisere slike smørjeturar. Ja, dei vil ikkje ein gong gå god for namnet "smørjetur". Dette handlar om å halde seg orientert, om å skaffe seg informasjon og lære meir om dei oppgåvene dei har, hevdar dei. Politikarane er dessutan så prinsippfaste, upåverkelege og politisk medvitne at slike smørjeturar ikkje får noko å seia for deira evne til å gjera rettvise vedtak.

Dette vil dei at vi skal tru på.

Journalistane har ikkje øst seg opp så veldig i denne saka, heldigvis. Dei som vanlegvis står fram som dei største moralistane her til lands, har denne gongen halde ein heller varsam tone. Det har dei all grunn til å gjera. Få yrkesgrupper har vore så "velsmurd" opp gjennom åra som journalistane -- velsmurd i form av gilde, uforpliktande turar rundt om kring i verda, gåver, drykk, mat; ja, det meste som kan gjera dei så mjuke at kantane i det dei skriv skal forsvinne. I pressekrinsar er smørjekulturen på vikande front. Ordskiftet i pressekrinsar har vist at journalistar flest ser på dette som ein ukultur. Og ukulturen har vore med på å svekkje tiltrua til pressa.

Det som har vore eit problem i pressekrinsar, er tydelegvis ikkje det blant politikarar. Jan Petersen skauv Per-Kristian Foss framføre seg som forsvarssoldat. Og Per-Kristian Foss slo tilbake mot Kirsti Kolle Grøndal ved å fortelje om gullenkja ho fekk frå det tyske verftet. Ei dårleg samanlikning, for det verste med Kirsti Kolle Grøndahls "dåpsgåve" er ikkje at det er ei gullenkje. Det verste er at stortingspresidenten avslører seg sjølv som overtruisk. Jan Petersen, Kjell Magne Bondevik, Johan J. Jakobsen, Per-Kristian Foss, og andre politikarar som forsvarer smørjeturar og gåver, burde kaste eit blikk på debatten blant pressefolk. Forsvaret deira for smørjeturar viser at dei dei har elendig sjølvinnsikt og enda dårlegare innsikt i maktprosessar -- så dårleg at ein verkeleg kan lure på om dei er skikka til å styre landet.
Audun Skjervøy


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |