Dag og Tid nr. 10, 6. mars 1997

Herbjørn Sørebø:
Forvirringpå høgt plan

Det har vorte eit forvirrande ordskifte om språkbruken i det politiske oppgjeret om Lund-rapporten og Furre-saka. På høgt plan gjer det seg gjeldande uklare tankar om kva som ligg i uttrykka konstitusjonelt ansvar, parlamentarisk ansvar og bruken av dei. Skilnaden mellom desse uttrykka burde dei folkevalde vere på det reine med. Konstitusjonelt ansvar har med strafferettslege tilhøve å gjere. Dersom det skal gjerast konstitusjonelt ansvar gjeldande overfor ein statsminister eller ein statsråd, må det vere tale om lovbrot, og det er Riksretten som feller eller frikjenner. Parlamentarisk ansvar er noko anna. Med dette uttrykket meiner ein det ansvaret regjeringa og dei einskilde medlemmene av regjeringa har overfor Stortinget. I skjemt har det vorte sagt at eit fleirtal i Stortinget kan gjere vedtak om mistillit mot regjeringa eller ein statsråd på grunnlag av misnøye med eit julekort, og i denne siste stortingsbolken har det vore ei syndflod av mistillitsframlegg som ikkje har samla fleirtal. Dei to uttrykka konstitusjonelt ansvar og parlamentarisk ansvar har så ulikt innhald at dei ikkje kan brukast om kvarandre slik vi nå har opplevd.

Statsminister Thorbjørn Jagland brukte feil uttrykk då han sa at Grete Faremo hadde teke det konstitusjonelle ansvaret i Furre-saka og difor hadde søkt avskil. Det var nok det parlamentariske ansvaret han tenkte på, for han hadde nok kjensla av at det kunne bli fleirtal for eit mistillitsframlegg i Stortinget -- kanskje mot heile regjeringa -- så oppøst som stemninga var før jul. Men han kunne ha brukt berre det eine ordet ansvar. Grete Faremo hadde ansvaret for å halde både seg sjølv og den samla regjeringa -- iallfall statsministeren -- informert om det som vart gjort på det området ho var sett til å styre med. Det hadde vore nok. Det kan til og med hevdast at statsminister Thorbjørn Jagland kunne ha tagd med grunngjevinga for avskilssøknaden. Er det noko ein statsminister har rett til å avgjere på eiga hand, så er det kven han vil ha med seg i regjeringa. Det er nå likevel innarbeidd skikk og bruk at statsministeren tek avgjerd i slike spørsmål i samråd med organ i det eller dei partia som står bak regjeringa.

I det parlamentariske livet kan det oppstå situasjonar som får ein statsminister til å tenkje at det klokaste er å la ein statsråd gå. Dette såg vi eit døme på i ei av dei mest dramatiske sakene vi har hatt i etterkrigstida, Kings Bay-saka i 1963. Dåverande industriminister Kjell Holler søkte avskil då det kom ein svært kritisk granskingsrapport på bordet, endå namnet hans var ikkje nemnt i denne granskingsrapporten ein gong. I vandrehallen i Stortinget la Trygve Lie hendene på akslene til den unge og hardt pressa industriministeren, såg han inn i augo og sa så fleire gonger: -- Du må skaffe deg medskyldige, for faen! Men stemninga i stortingsmiljøet var så utruleg oppøst då at Kjell Holler søkte avskil. I ettertid vedgjekk Einar Gerhardsen at industriministeren burde ha fått høve til å forsvare seg i stortingssalen.

Alle statsrådar veit at dei sit på oppseiing. Det trengst ikkje at det blir sagt. Få har fått vite det på ein så brutal, men grei måte som Olav Haukvik då Odvar Nordli bad han om å gå inn i regjeringa som industriminister. Statsminister Odvar Nordli sa rett ut at Olav Haukvik var tiltenkt berre ei oppgåve. Det var å rydde opp i Tandberg-saka, og det ville bli hardt og krevjande nok å finne løysingar i det økonomiske uføret radio- og fjernsyns-fabrikken hadde komme opp i. -- Men når den saka er ferdig, så er du ferdig også, sa statsminister Odvar Nordli. Men Olav Haukvik tok jobben. Olav Haukvik er død nå, men han kom frå tida i regjeringa med ære og eit godt ettermæle. Kva ein nå elles vil seie om forspelet til statsrådsskiftet den gongen, så var det iallfall ein samtale mellom vaksne folk.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |