Dag og Tid nr. 10, 6. mars 1997

Herman Bang:
Ein hotellgjest i livet, i litteraturen

Nordisk Råds litteraturpris til danske Dorrit Willumsen for romanen “Bang” har fått det til å bruse omkring forfattaren Herman Bang. Nok ein gong og hundre år på etterskot. Det er typisk. Bangs liv utspelte seg nettopp mellom motpolane skandale og suksess, skriv Øystein S. Ziener.

Det byrja alt i 1880. Da debuterte den 23-årige Herman Bang med romanen Haabløse Slægter. Som alltid var Bang i forkant: Haabløse Slægter har i dag status som den første og eigentlege dekadanse-romanen i nordisk litteratur. Påverka av franske førebilete pådrog debutanten seg ein dom for sedløyse etter denne forfallsskildringa. Dei frivole framstillingane hans av kjærleiken i modernitetens København vart for sterk kost for eit borgarleg dansk publikum.

Og i same augneblinken var dei der, dei som skulle bli Herman Bangs svært så tvilsame følgjesveinar og overvakarar livet igjennom: Karikaturteiknarane. Knapt nokon skandinavisk forfattar har fått gjennomgå i karikaturane som Herman Bang. Det var ikkje berre ein spøk. Det var ofte platt. Og djupt fordomsfullt.

Han innbaud til det sjølv òg. Alt frå første stund iscenesette denne innflyttaren frå Sønder-Jylland seg som eit heller oppsiktsvekkjande innslag i bybiletet i København, i den perioden byen voks fram til å verte ein moderne storby. Han bar på ein brennande fascinasjon for stilfulle klede, moterett pannehår, den tunge franske essensen “Es Bouquet” og ikkje minst for portretta av seg sjølv som ofte pryda utstillingsvindauga til fotografane i den danske hovudstaden.

Herman Bang var i forkant. Mest av alt var han eit talande teikn på den motsetnadsfylte tida han levde i. Derfor vert han i dag rekna som den viktigaste danske forfattaren innafor heile den såkalla moderne gjennombrotslitteraturen. For det var det Herman Bang var: Moderne. Som menneske. Og som forfattar.

Han visste å spele på dei nye livsvilkåra som det moderne massesamfunnet baud på: I den anonyme massen kunne kvar og ein iscenesetje seg sjølv. Det var ein kunst Herman Bang meistra. Og like sjølvsagt er han det klåraste dømet på den nye og moderne forfattarrolla: Ikkje berre lar Herman Bang seg lese som eit særleg tydeleg uttrykk for den motsetnaden mellom kunstnarar og publikum som voks fram som ein del av moderniteten. Han var òg den første mediepersonlegdomen i nordisk litteratur. Bang visste å nytte dei media som tida baud han -- avisene, tidsskrifta, teaterscenene, gaterommet. Motpolane i hans liv var den medieskapte suksessen og den like medieskapte skandalen. Hadde Bang levd i 50-åra ville han ha vore ein av dei første som dukka opp i radioen. Hadde han levd i dag ville han vore programleiar i eit populært talk-show på TV. Dan Børge, Per Ståle og Tande P. kunne ha gått heim og lagt seg. Garantert.

Og han flakka og farta. Dei nye jernbanelinene gjorde det mogeleg. Men det var ikkje alltid frivillig.

Bang reiste Europa rundt -- Berlin, Praha, Paris, Roma, St. Peterburg, Helsingfors, Stockholm, Kristiania og Bergen. Han slo seg ofte ned på hotell i den danske provinsen for å få skrivero. Og han var mykje her i landet. Han skreiv ei reisebok som heiter -- ikkje Norge rundt, men Rundt i Norge.

Realisten

Herman Bang måtte vente lenge på publikumsgjennombrotet sitt. Det kom først i 1896 med romanen Ludvigsbakke, den første som vart folkelesnad i hans eiga samtid. I dag er Bang gymnaspensum i Danmark. Katinka Bai, Tine Bølling, Ida Brandt, Irene Holm, Franz Pander og alle dei andre er fiktive personar som høyrer heime i det danske litterære anegalleriet.

Herman Bang skreiv ikkje samfunnsbekreftande, oppbyggjeleg litteratur. Han skreiv eksperimentelt. Og impresjonistisk. Skrivemåten hans var ikkje alltid lett å begripe. Han var i forkant.

Men om han stilte seg på dei svake sitt parti og gjerne ironiserte over borgarskap og embetsstand, var ikkje Bang kritisk på den rette måten heller. Frå første stund sa han seg usamd med Georg Brandes.

Han nekta å skrive under på den programmatiske sentensen om at den litteraturen som lever, er den litteraturen som set problem under debatt. Realismen er ei form, ikkje ein tendens, hevda 22- åringen som livet igjennom skulle ha eit problematisk forhold til dei to Brandes-brørne. Og Georg Brandes kunne ty til usaklege argument om det kneip. Mannen manglar tenkjeevne. Han er berre utstyrt med ein “middelgod Fruentimmerforstand”, skreiv Brandes om Herman Bang i ein seinare debatt og hadde sagt sitt.

Den unge Herman Bang slo seg i staden saman med den like unge forfattaren Gustav Esman og med Peter Nansen som seinare òg vart forleggjaren hans. Saman utgjorde dei eit oppsiktsvekkjande trekløver i 1880-åras danske litterære liv.

Forfattaren

Herman Bang skreiv om dei som fall utanfor. Likevel er det vanskeleg å lese nokon eintydig og systematisk samfunnskritikk ut av romanane og novellene hans. Dei er i staden haldne oppe av empati med dei som går til grunne og ei ironisk utlevering av dei som overlever. 1970-talets marxistar fann -- sjølvsagt -- ut at Bangs samfunnskritikk var reaksjonær.

Det er særleg kjærleik Bang skriv om. Ofte skriv han om kvinner. Han skriv om dei som ikkje lukkast -- og som ikkje kan lukkast i kjærleik, for hos Bang kan ikkje lengten tilfredsstillast. Han fører berre til smerte og innsikt, innsikt i at skiljet mellom lengt og tilfredsstilling er uoverkomeleg. Denne konsekvent pessimistiske framstillinga av kjærleikens vilkår må sjåast som eit litterært uttrykk for at Herman Bang sjølv var homoseksuell.

Bang var homoseksuell i ei tid da homoseksualiteten var dobbelt og formelt tabuert: Han var både kriminalisert og definert som brotsverk, og patologisert og definert som sjukdom. Det fanst ingen vegar ut av denne klemma. Hos Bang vert derfor kjærleiken og seksualiteten framstilt som storleikar som ikkje lar seg sameine. Seksualiteten vert avspalta, sjølvstenddiggjort. Han vert overmenneskeleg og dyrisk. Han vert rein drift, endatil til Driften med stor D. Derfor kan kjærleikslengten heller aldri finne noka tilfredsstilling.

Og Bang mytologiserer Driften. I hans sekualariserte univers tar Driften Guds plass:

-- Det er ikkje andet end Driften. Den alene er Herren og Mesteren, seier den elles jomfruelege morsfiguren i erindringsromanen Det hvite hus (1898).

Driften får status som ei overindividuell, lagnadstung kraft. Ho set seg igjennom på ein altavgjerande måte på alle livets område: Hos Bang vert ikkje berre einskildmennesket sitt liv, men også det nasjonalhistoriske forløpet seksualisert. Derfor lar forfattarskapen seg lese som eit presist litterært tilsvar på dei eksistensvilkåra homoseksualiteten hadde i Bangs samtid: Den sterke tabueringa av han, isolerte homoseksualiteten frå ein kvar mellommenneskeleg og meiningsgivande samanheng. Han vart sjølvstendiggjort. Derfor er Bangs framstillingsmåte meir enn forståeleg.

For det var tabuet som gjorde den utenkjelege og umogelege seksualiteten til drift. Og som drift kunne seksualiteten korkje levast ut eller skrivast ut. Han måtte transformerast: Det einast mogeleg uttrykket for Driften vart og måtte vere Skriften. Defor er Bangs mytologiserte driftsomgrep heilt og fullt skriftleggjort omgrep. Derfor er det svært forståeleg at Herman Bang vart forfattar.

Den moderne

Og derfor er det svært forståeleg at Herman Bang også valde sjølviscenesetjinga som uttrykksform. Ho var ikkje berre ei særleg moderne uttrykksform: Da massesamfunnet gjorde moten mogeleg, byrja klede og hår også å få teiknverdi.

Sjølviscenestjinga balanserer også i skjeringspunktet mellom drift og skrift, mellom kropp og språk. Ho er ein måte å skrive kroppen om og skrive kroppen fram på. Derfor vart Herman Bang ein spelar. Det var berre som iscenesett han kunne syne seg -- ikkje som den han faktisk var, men som den han skulle ha vore: homoseksuell.

Sjølviscenesetjinga plasserer seg -- som skrifta -- i det skjøre balansepunktet mellom avdekking og tildekking, mellom sjølvhevding og sjøvfornekting, mellom opprøret og underkastinga. Som spelar var Herman Bang usynleg og synleg på ein og same gong både for seg sjølv og andre. Og som eit spel vart også Herman Bangs levde liv litterært: Det vart skriftleggjort.

Nettopp fordi Bang plasserte seg i den utsette og kritiske posisjonen som homoseksuell, vart livet hans i særleg sterk grad ein møtestad for tidstypiske konfliktar og forsøk på fortolking. Desse fortolkingsforsøka var i seg sjølve uttrykk for store historiske endringsprosessar: Kva var og skulle samfunnet vere? Kva var offentleg? Kva var privat? Kva var mennesket? Kva var ein mann? Og ei kvinne? Kva var kjønnet?

Nettopp fordi han var homoseksuell vart Herman Bang -- og måtte han også vere -- særleg moderne. Han måtte vere i forkant. Derfor vart Herman Bangs liv også eit historisk drama. Få fekk som han kjenne si eiga motsetnadsfulle tid på kroppen. Konfliktane var så sterke at Bang tidvis fall om i krampeanfall som ettertida har diagnostisert som hysterio-epileptiforme. Det handlar ikkje nødvendigvis om individuell patologi. Det handlar om samfunnsmessige motsetnader.

Sønder-jyden

Hos Bang fell modernitet og seksualitet saman, og det gjer at moderniteten på ein gong vert framstilt som uunngåeleg og som ein smertetilstand. Det moderne samfunnet er så fylt av uløyselege motsetnader at det berre fører til utilfredsstillande kjærleikslengt, liding, sjukdom og død.

Alle positive verdiar projiserer Bang tilbake til ei uskuldsrein fortid. Han framstiller det agrare, før-moderne landlivet som ein bortimot friksjonsfri og avseksualisert idyll.

Brotet mellom dei to samfunnsformasjonane er høgdramatisk: Det er det danske nederlaget i den dansk-tyske krigen i 1864 som set skilje mellom det før-moderne og det moderne hos Herman Bang.

Denne krigen opplevde han sjølv på nært hald som sjuåring, og krigshendingane greip på avgjerande vis inn i hans personlege historie. Ikkje berre leid nasjonen Danmark eit forsmedeleg nederlag som tæra på den nasjonale sjølvkjensla. Når landet måtte avstå Slesvig-Holstein til Tyskland, miste Herman Bang òg barndomslandet sitt, øya Als på Sønder-Jylland der han vart fødd som presteson i 1857. Derfor er det forståeleg at han mytologiserer krigsnederlaget i romanane sine. Om det er uhistorisk, er det som litterært grep svært estetisk effektivt.

Teatermennesket

Men sjølvsagt var det ikkje forfattar Herman Bang hadde tenkt at han skulle bli. Det var skodespelar. Han vart fascinert av teatret alt som born og skodespelardraumen fekk næring da han som unggut var elev på Sorø Akademi og den store skodespelaren Phister skulle opptre i ei gjesterolle i ei Holberg-oppsetjing. Det gjekk ikkje likare enn at den store stjerna fekk jernteppe og gjentok same replikken to gonger. Det var Herman Bang som vart redningsplanken hans. Han var frekk nok til å skrike opp i andletet på Phister at jammen, det har du jo alt sagt, din himmelhund! Phister fekk seg den støkken som skulle til for at jernteppet letta og spådde den unge akademieleven ei lysande framtid på scena.

Det skulle Herman Bang få, ikkje som skodespelar, men som kritikar, som instruktør og som opplesar av eigne tekstar. I 1893-94 oppheldt han seg i Paris, og det vart han som introduserte den nye skandinaviske dramatikken for det franske publikummet -- Ibsen, Bjørnson, Strindberg. Han vart knytt til det eksperimentelle Theatre d'Ouevre som med si symbolistiske stilisering av dei realistiske stykka radbrekte dei til det ugjenkjennelege. Bang korrigerte og instruerte og nådde eit høgdepunkt som instruktør da han fekk innstudert rolla som Nora i Et dukkehjem med primadonnaen Gabrielle Réjane. Etter suksessen fall han utmødd saman i nervefeber og drakk konjakk. Som vanleg.

Men da var det alt lenge sidan Ibsen hadde knust alle Herman Bangs eigne skodespelardraumar. Det skjedde i Bergen. Bang meinte -- sjølvsagt -- at Osvald i Gengangere var den perfekte rolla for han: Kunstnaren frå utkant-Noreg som reiste til modernitetens Paris og kom heim att som dødssjuk.

Det omreisande kompaniet Bang hadde slutta seg til, gjorde suksess i Finland -- og skandale i Norge. På Den Nationale Scene utagerte han så kraftig at fru Alving trudde medspelaren hadde vorte spikk, pine galen da han heldt på å rive ho med seg i eit felles fall ned i orkestergrava. Publikum hyssa, reiste seg og gjekk. Fru Alving reiste seg att. Herman Bang hadde falle for godt frå dei skrå breddene.

Journalisten

Men han var alt etablert som forfattar og ikkje minst som suksessrik journalist. Journalistikken var det halmstrået Bang greip til da den gamle og velståande bestefar hans døydde. Plutseleg måtte han gjere noko sjølv for å overleve, ikkje berre sluntre unna studiane for å ta dramatimar. Det kosta å iscenesetje seg, og arva rakk ikkje så langt. Herman Bang greip til pennen -- og skreiv heim. Han sende små epistlar om slikt han observerte i storbyen København, til Jyllandsposten. Snart fekk han si eiga spalte under tittelen Smaabreve fra Hovedstaden.

Alt året etter, mot slutten av 1879, vart han knytt til den mest ekspansive av dei moderne københavnsavisene, Nationaltidende, og fekk den einaste faste stillinga han hadde i sitt liv. Aviskonsernet vart leia av aviskongen J. Chr. Ferslew, og han synte seg som dristig ekspansiv når han let 22-åringen Herman Bang utfalda seg i spaltene. For Bang sprengde snart dei redaksjonelle linene i den konservative avisa med reportasjane sine om københavnarlivet. Han skreiv med empati og sosial brodd om dei makteslause i samfunnet medan han gjerne såg på det borgarskapet som las avisa, med eit utleverande blikk.

Artiklane sine samla Bang under fellestittelen Vexlende Themaer. Slik skapte han seg eit frirom for den journalistiske verksemda si, eit frirom han nytta til ei journalistisk utforsking av den moderne storbyen som eit motsetnadsfylt sosialt rom. For feuilletonisten skreiv mest av alt om kvardagslivet i storbyen. Med si presise observasjonsevne var det det trivielle, det sjølvsagde han ville gripe fatt i. Det las han som talande teikn: “Hvad en Feuilletonist maa kunne se, er det, som vi alle ser, og som inger ser, det, der ligger os saa nær, at vi hver Dag løber Panden imod det...”, skriv han i ein artikkel. Og det avislesande borgarskapet las, kjende seg att -- og fryda seg. Kanskje særleg kvinnene.

Bang arbeidde seg fram til ei form som var heilt hans eiga. Men han hadde førebilete. Dei var franske. Herman Bang vart den første såkalla boulevard-journalisten i Norden. Han introduserte det vi i dag kalla feature-journalistikken i nordisk presse og skapte forgjengaren for den sjangeren vi kjenner som kronikken.

Den homoseksuelle

Likevel, København var ikkje stor nok for Herman Bang, og i 1885 braut han opp for å leggje verdsbyen Berlin for sine føter. Slik gjekk det slett ikkje. Året før hadde han publisert ein sleivete artikkel om den tyske keisaren i Bergens Tidende. Den fredelege Bang vart kalla inn til politiforhør, stempla som anarkist og utvist frå Tyskland.

Han reiste vidare via Meiningen til Wien før han enda i Praha der han skreiv hovudverka Ved Vejen (1886) og Stuk (1887). Og det var her det einaste kjærleiksforholdet hans utspela seg. Også det under politiovervaking. Som “politisk konspirator” var Bang i utgangspunktet stempla som ein suspekt person, og det var uråd for han og skodespelaren Max Eisfeldt som han hadde møtt i Berlin, å kome unna politiets mistenksame auge.

Forholdet varte ikkje. Kanskje kunne det heller ikkje vare under slike vilkår. Det var Max som gjekk. Og når Bang seinare viste til at han i 1887 fekk ein knekk som sette eit avgjerande preg på heile resten av livet hans, meiner biografane at dei upresise orda er ei tilvising til det lovlause forholdet til Max.

I denne perioden byrja dei første homoseksuelle skandalesakene å skylle over København. Det var for ikkje å verte innblanda i ein slik skandale at Bang reiste til Paris i 1893. Det var ei mordsak, og Bang flykta i djupaste løyndom tidleg ein januarmorgon, trossa innreiseforbodet til Tyskland og kom seg til den franske hovudstaden der han gjorde suksess som teaterinstruktør. Men også her vart han forfølgd. Anonyme brevskrivarar frå heimlandet fortalde dei franske kontaktane hans at dei hadde med ein sedlaus person å gjere. Hetskampanjen gjorde det til slutt umogeleg for han å arbeide i Paris. Han måtte reise heim. Så skreiv han suksessromanen Ludvigsbakke.

Det verste åtaket på Bang som homoseksuell kom likevel først i 1906. Det var signert Johannes V. Jensen. I åra 1906-07 rulla den såkalla “store sedelighedssag” over Danmark. Bang måtte rykke ut i avisa Socialdemokraten i desember 1906 for å dementere rykta om at han hadde vorte avhøyrt i saka. Da hadde Jensen alt omtalt sin eldre kollega i ein kronikk i Politiken om “Samfundet og sedelighedsforbryderen”. “En meget kendt Forfatter, der iøvrigt foruden at være abnorm ogsaa har vist Talent...,” skreiv Jensen, “...lider formodentlig i Øjeblikket af platonisk Kærlighed til en Løjtnant.” Herman Bang kunne ingenting svare.

Ein einaste gong braut han togna: I 1908 utarbeidde han ein artikkel om homoseksualitet saman med sin tyske lege. Artikkelen vart først publisert posthumt etter mykje om og men i 1922.

Hotellgjesten

Herman Bang -- prestesonen, sønder-jyden, journalisten, forfattaren, teatermannen, posøren, den homoseksuelle, like skandaleombrust som han var suksessrik, like sjøloppofrande som han var sjølvoppteken -- kven han var?

Han var og blei eit maskemenneske. Herman Bang iscenesette seg -- som ein einaste stor tragedie. Breva han skreiv frå inn- og utland til vener og til forleggjarar er fulle av sukk og stønn og klager. Det er ikkje alltid godt å vite om ein skal tru på dei alle. Breva handlar ofte om pengenaud, for Herman Bang brukte opp dei pengane han hadde om hender. Ofte var han gåvmild inntil det sjølvutslettande. Det var mange rundt han som hadde det vondt.

Og dei handlar om einsemd. Den einsemda var verkeleg nok. Ho var ein vesentleg del av dei smertefulle livsvilkåra Bang levde og skreiv under. Men Bang hadde òg humor og ironi. Han lo ofte, og han lo av seg sjølv. Det kunne vere en svart latter.

-- Jeg er den evige rekonvalesent, sa han under ein middag hos kollegaen Agnes Henningsen.

Sett i eit historisk perspektiv er det mest av alt Herman Bangs vilje og evne til å overleve som er iaugnefallande. Han meistra tilværet trass alt -- på sitt særeigne vis. Han våga å provosere. Han våga også å vere skandaløs. Han ville berre ikkje bryte lova. Og den ukuelege kreativiteten hans gjorde han til si tids mest sentrale forfattar. Det er historisk oppsiktsvekkjande at eit menneske med så konfliktfylte livsvilkår makta å arbeide seg fram til ein så sentral samfunnsposisjon. Det er det som er det sensasjonelle ved Herman Bang; det er det som er det skandaløse -- at han makta å plassere seg i sentrum og gjere seg sjølv ufråkomeleg, ikkje at han var homoseksuell.

Det er derfor mange finn det uråd å hanskast med han. Både på godt og på vondt må Herman Bang framleis fornektast. Den banale kjensgjerninga at han ikkje opplevde den store, den romantiske kjærleiken kan ikkje forstørrast til eit altoverskuggande faktum som gjorde livet hans til ein einaste stor tragedie. Ei slik fortolking er nettopp ei fornekting. For Bang var slett ikkje aleine om det.

Det Bang var aleine om, var si eksistensielle og samfunnsskapte smerte og si forbløffande meistringsevne. Begge motpolane er like skandaløse, for begge inneheld ein uuttalt kritikk. Begge får dei banale vaneførestellingane om personlegdommen som heilskapleg til å forvitre. Derfor er Herman Bang ei utfordring.

-- Den homoseksuelle, skreiv Herman Bang i 1908, lever som ein hotellgjest som aldri veit om han kan betale rekninga.

Slik levde han. Og døydde.

Herman Bang sovna inn i ein togkupé på det amerikanske kontinentet i 1912. Han hadde lagt ut på det som skulle bli ein verdsturné. Da kista kom til København, vart ho plassert i feil grav.

Herman Bang heldt stilen til det siste.
Øysten S. Ziener




© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |