Dag og Tid nr. 10, 6. mars 1997

Lokal Agenda 21:
Miljødugnaden kjem snart

Rio-toppmøtet når omsider norske bygder og byar. Grasrota skal få armslag til miljødugnad med lokal ståstad og globale følgjer.

SVEIN SÆTER

Det er dei globale miljøproblema nordmenn er desidert mest opptekne av, men det må lokale saker til for at dei skal engasjere seg. Kva gjer ein for å komma over denne kløfta?

-- Lokal Agenda 21, seier Kjell Dahle, prosjektleiar i Idébanken.

-- Vi må byggje bru over det engasjementet folk viser at dei har, og den manglande aktiviteten. Det kan gjerast ved å kople dei lokale miljøproblema med dei globale. Da kan folk sjå samanhengen mellom det vesle dei sjølv kan gjera, og store, langsiktige resultat.

Verdsdugnad

Agenda 21 var det viktigaste resultatet av Rio-toppmøtet om miljø og utvikling i 1992; ein omfattande handlingsplan for samarbeid om å løyse dei store problema. Lokal Agenda 21 er grasrot-reiskapen i dette arbeidet; mobilisering av lokalsamfunn verda over.

-- Verdsomspennande lokale dugnader. Meir mystisk er det ikkje, seier Kjell Dahle. Han meiner Lokal Agenda 21 kan bli noko meir enn berre enda eit tilskot til det globale lageret av miljø-flosklar. Det finn han eksempel på i mange land. Men Norge heng etter.

-- Dette har vore eit forsømt kapittel her i landet, men no begynner ting å skje. Thorbjørn Berntsen spring rundt og seier at dette er voldsomt viktig, og eit sekretariat er under oppbygging. Dermed er dei første stega tekne.

Styrt nedafrå

Eit sekretariat er ikkje nokon garanti for resultat, særleg ikkje i dette tilfellet.

-- Heile poenget med Lokal Agenda 21 er at det skal vera eit nedanfrå-tiltak. Det er tenkt å gje folk armslag til å drive med det dei brenn for, få fram eldsjelene. Vi må unngå straumlinjeforming i eit offentleg byråkratisk system, styrt ovafrå.

Slik håpar Dahle at Lokal Agenda 21 skal bli ein reiskap som “gjev dei hundre blomstrane lov til å blomstre”, ein veg til direkte handling utan lange omvegar gjennom kverna i det offentlege eller organisasjonslivet.

-- Dette skal ikkje vera eit kommunalt prosjekt, men eit prosjekt i kommunen. Miljørørsla må heller ikkje kuppe heile greia. Ho er viktig å ha med som pådrivar, men kan òg bli ei sperre. Målet er breiast muleg lokal deltaking; frå privatpersonar, lokale organisasjonar og næringslivet.

Flinke svenskar

Det var teorien. Kor er praksisen? I Sverige, for eksempel.

-- Svenskane ville bli “världsbäst på att arbeta med Lokal Agenda 21”, som daverande miljøvernminister Görel Thurin formulerte det i 1994. Og det har dei greidd. Sist vår var alle svenske kommunar i gang med arbeidet, og har fått til eit imponerande mangfald av aktivitet, seier Kjell Dahle, og brukar Pajala kommune som eksempel.

-- Pajala har laga ein utkantvariant av kjeldesortering. Ordningane for innsamling var ikkje konstruert for ein kommune med 8000 innbyggjarar spreidd på 80 bygder over 8000 kvadratkilometer. Det gjekk med så store ressursar til transport at miljøvinninga gjekk opp i spinninga. Bygda Lovikka fann løysinga: Sortering av søpla i elleve ulike bingar, laga av det lokale sagbruket. Eit mellombels lager i bygda reduserer transporten til eit minimum, og “søppelproduksjonen” i Lovikka har gått ned med 75 prosent.

“Fra Rio til Roa”

Det er ikkje berre svenskane som har fått fart på Lokal Agenda 21. “Miljøsinka” Storbritannia ligg også langt framme, og stadig fleire kommunar kjem i gang i land som Polen, Danmark, Nederland og Finland.

Her i landet har stiftinga Idébanken vore ein pådrivar for å få arbeidet i gang. Den har funne ut at kommunane er interessert: Kursopplegget “Fra Rio til Roa” har resultert i over 100 studiesirklar i 80 kommunar.

Kjell Dahle meiner Lokal Agenda 21 kan bli ein ny og viktig reiskap i miljøvernarbeidet.

-- Erfaringane frå Sverige viser at dei har greidd å skapa stort engasjement og utløyst mykje aktivitet. Eit kjenneteikn ved denne “reiskapen” er at ein koplar dei lokale miljøproblema med dei globale. I Norge har vi gode føresetnader for å få til dette, ikkje minst gjennom vennskapssamarbeidet som mange norske kommunar har med kommunar i andre verdsdelar. Og vi kan trekkje inn innvandrarane som ein ressurs når det gjeld å knyte kontaktar til andre land.

Kjært barn...

“Lokal Agenda 21” er ikkje det mest eggjande slagordet som tenkjast kan, men det er det same kva ein kallar det. Nittedal kommune har teke konsekvensen av det, og lyst ut idékonkurranse om eit betre, lokalt namn.

-- Det er ikkje noko poeng at all aktivitet skal kunne puttast inn i same bås. Målet må vera at om nokre år vil ingen veta kva av alt ein har fått til som skuldast Lokal Agenda 21, seier Kjell Dahle. Han trekkjer sjølv trådar frå analyse til handling i miljøvern-arbeidet i boka “Forsøk for forandring”, som kjem på tiårsdagen for Brundtland-rapporten i april.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |