Dag og Tid nr. 9, 27. februar 1997

Peder Furubotn:
-- Ein ruvande politikar

-- Kommunisten Peder Furubotn ruvar blant norske politikarar i dette hundreåret, slår historikaren Torgrim Titlestad fast. Og viser til Furubotns rolle mellom 1940 og 1970.

OTTAR FYLLINGSNES

Torgrim Titlestad har brukt mykje tid på å forska på Peder Furubotn (1890-1975).

I desse dagar kjem doktoravhandlinga hans “I Stalins skygge. Kampen om NKP 1945-1949” ut i bokform.

Dette er Titlestads fjerde bok om den tidlegare generalsekretæren i NKP. Til hausten kjem den femte. I den følgjer Titlestad Furubotn frå eksklusjonen i 1949 og fram til han døydde.

Titlestad meiner at Furubotn er ein av dei norske politikarane som har størst biografisk interesse.

-- På grunn av den kalde krigen har det ikkje kome fram kor viktig Furubotn var i norsk politikk. Under den kalde krigen vart han demonisert og utstøytt. Når eg påstår at han er ruvande, går det ikkje ut på å summera opp formelle verv i parlamentariske forsamlingar. Furubotn var aktiv på fleire nivå; han påverka gjennom utanomparlamentariske forsamlingar, folkerørsler og fagforeiningar.

-- Eg legg ikkje hovudvekta på Furubotns læretid i Bergen fram til 20-talet, eller hans tid som NKP-formann på 20-talet, eller hans tid i Moskva på 30-talet. Derimot legg eg vekt på at han var den einaste norske politikaren som kontinuerleg var forfølgd av tyskarane frå 1940 til 1945. Han overlevde, og den bragda må me hugsa lenge etter at dei som me trur er dei største politikarane, er gløymt.

Akeravtalen

-- Kor viktig var Furubotn i motstandskampen?


-- Ser ein det gjennom den kalde krigens briller, vil ein seia at han undergrov heimefrontens liner -- og det var uansvarleg. Slik vart han omtalt i den første fasen av den kalde krigen. Det som gjer han viktig, er at han tende håp om at det var mogeleg å kjempa mot den talmessig overlegne okkupanten på eit tidspunkt då nordmenn flest trudde at håpet var tapt. Han prova at det gjekk an å leva under jorda utan å verta teken av tyskarane. Dermed gav han folk tru på eigne krefter.

-- Det andre gjeld atterreisinga av Noreg etter krigen, blant anna ved at Furubotn prøvde å føra kommunistpartiet bort frå klassekamp-politikk. Dermed var han med på å hindra uro og streikar, og han medverka til gjenreisinga av Noreg. Men det viktigaste var utviklinga av den såkalla produktivitets-politikken på 50-talet. Furubotn var mannen bak Akeravtalen -- der ein gjekk over frå akkord til fastlønsavtale.

Viktig rolle

-- Furubotn har vorte framstilt som ein fullstendig spedalsk og utstøytt person, og ein kunne difor tru at han var utan politisk innverknad. Men det merkelege var at ei rekkje fagforeiningsformenn frå ulike delar av landet kom til Furubotn for å søkja råd i den faglege politikken. Det var Furubotn som lanserte forslaget om produktivitetsavtalar som skulle avløysa det stressande akkordsystemet. Han meinte at arbeidarane på denne måten skulle få meir i lønningsposen og større innverknad på arbeidsplassen. For han var dette ledd i ein sosialistisk strategi; ein skulle kvalifisera seg for å overta makta i landet. Sosialismen var ikkje eit mål i det fjerne, det var noko ein bygde dag for dag. Produktivitetsavtalane vart ein enorm suksess og ein modell for mange bedrifter kringom i landet. Faglege tillitsmenn søkte stadig råd hjå Furubotn, og difor kom han til å spela ei viktig rolle. Til slutt vart han innkalla på golvet hjå Einar Gerhardsen, som var svært positiv til slike avtalar. På sine gamle dagar sa Gerhardsen til meg at det var leitt at det vart slutt på Furubotns incitament i produktivitetsspørsmålet.

Ragnar Kalheim

Torgrim Titlestad slår fast at Ragnar Kalheim -- fagforeiningsmann og leiande i nei til EEC-rørsla -- var eit av dei viktigaste instrumenta som Peder Furubotn hadde å spela på.

-- Ragnar Kalheim var skapt av Peder Furubotn. Det meinte i alle fall forfattaren Torborg Nedreaas. Også ho var med i Furubotn-gruppa. Furubotn produserte fleire kjende leiarar i norsk næringsliv og politikk. Tidlegare NSB-direktør, Kristian Rambjør, var ein av elevane hans. Thorbjørn Berntsen var sterkt inspirert av produktivitetspolitikken. Det påtenkte statsministeremnet Lars Skytøen var ein av Furubotns elevar. Tidlegare Ap-statsråd Vetla Vetlesen høyrde til dette miljøet. Det same gjeld LO-formann Tor Halvorsen.

-- Kalheim hadde ei sentral rolle i LO. Etter 1957 hindra han streikekonfliktar gong etter gong. Dette var i nært samråd med Furubotn. Hadde ikkje Kalheim og Furubotn spelt på lag, hadde det vorte fleire streikar i Noreg på slutten av 50- og byrjinga av 60-talet. Dette ville sjølvsagt ha påverka norsk økonomi og den politiske mentaliteten. Ein ville ha fått meir klassekampmentalitet. Dette greidde Furubotn å påverka, til tider kanskje sterkare enn leiinga i Arbeidarpartiet. Han hadde tillit på arbeidsplassane hjå tillitsmennene, og han var ikkje partipolitikar. Derimot gav han konkrete svar på dagspolitikken kringom på bedriftene.

Ulike meiningar

-- Haakon Lie og Martin Tranmæl meinte at Furubotn var ekskludert frå NKP for å driva endå meir hemmeleg kommunistisk undergraving for Sovjet, og denne konspirasjonsteorien vart dyrka i delar av Arbeidarpartiet. I kommunistpartiet såg ein annleis på det. Under krigen hevda kommunistane at Furubotn var Gestapo-agent. Dei meinte at det var difor at han overlevde krigen. Det vart hevda at han hadde ein avtale med tyskarane som gjekk ut på at han skulle angje andre kommunistar til Gestapo. Han fekk til dømes skulda for at 21 leiande kommunistar vart skotne. Dessutan vart han skulda for klasseforræderi under krigen av di han ikkje hadde oppmoda til revolusjon. Han hadde kjørt ei ansvarleg line, og dette vart sett på som bevis på at han samarbeidde med Gestapo. Dette har gamle kommunistar fortald meg. Etter krigen meinte dei at han hadde gått over i anglo-amerikansk teneste, og at han mottok dollar frå CIA. Dokument frå Moskva fortel at GRU hadde ein mann på eit postkontor som overvaka Furubotns post, og som registrerte at han mottok 8000 kroner frå CIA. Ein kjent norsk kommunistleiar gjekk på sovjetambassaden og sa at Furubotn sannsynlegvis finansierte aktiviteten sin ved hjelp av bankran, men vedkomande kunne ikkje stadfesta opplysningane.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |