Dag og Tid nr. 6, 6. februar 1996

På tomannshand:
Han klør i fingrane

David Bowie gjer det. Wenche Myhre gjer det. Per Olav Kaldestad gjer det. Og Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere gjer det.

OTTAR FYLLINGSNES

Dei feirar alle 50-årsdag i år. Olav Kaldestad feirar dobbeltjubileum, først for seg sjølv i juni og sidan for NBU i september. Det ligg an til ei lang bursdagsfeiring, seier formannen for dei norske barne- og ungdomsbokforfattarane.

Kaldestad debuterte med diktsamlinga "Kikkert" i 1973, og sidan har han sett namnet sitt på om lag 25 bøker i ulike sjangrar. Blant desse er det fleire barnebøker.

-- Er me inne i ein gullalder for norsk barne- og ungdomslitteratur?

-- Norske barne- og ungdomsbøker sel bra. Det var ein liten nedgang i salet av skjønnlitteratur i fjor. Bøker for barn og ungdom var einaste gruppa som hadde ein auke. Det er vanskeleg å forklara kvifor det er slik, men det er eit faktum som me merkar oss med glede. Dessutan gler me oss over at me vert lagde merke til i utlandet. Ei undersøking viser at ein tredel av bøkene som NBU-medlemmene gav ut mellom 1990 og 1995, er omsette til eitt eller fleire språk. Det tyder på at norsk barnelitteratur står sterkt internasjonalt.

-- Var det kvaliteten -- eller dyktige omsetjarar med foten innafor i tyske forlag som gjorde at det kom ut 32 norske barne- og ungdomsbøker i Tyskland i 1995 og 1996?

-- Eg trur at det er på grunn av kvaliteten. Norske barnebøker er varierte og litterært sett sterke, både utprøvande og utforskande. Innkjøpsordninga har gjort det tryggare for forlaga å gje ut bøker. Me har fått sjansen til å dyrka eksperimentet og sjangerforskande skrivemåtar. Dette har ført til ei breidde som er eineståande både i Norden og Europa. Internasjonalt har Noreg overteke for Sverige, og eg trur det er rett å seia at me er leiande i Norden. "Look to Norway" heiter det på internasjonale barnebokmesser.

-- Greier Noreg å halda på den posisjonen?

-- Det veit ein aldri. Det er slik med alle boomar, dei har ein tendens til å svekkjast når aktørane slaknar i eigen glans. Det er alltid ein fare for at ein i sjølvnytande fryd kan verta slappare, men eg vonar ikkje det. Likevel gler me oss over det som skjer. Me føler sjølv at me er viktige og at andre -- både nasjonalt og internasjonalt -- set pris på oss.

-- Lever norske barne- og ungdomsbokforfattarar godt?

-- Ei levevilkårsundersøking blant kunstnarar i fjor viste at me tener litt over gjennomsnittet, men det er få som lever berre av å skriva barnebøker. Skal du vera forfattar i Noreg, må du skriva alle typar bøker; frå fagbøker til barne- og vaksenbøker, men det finst nokre få som lever av barnebøkene.

Sel ein norsk barnebokforfattar 10.000 eksemplar av ei bok, er det svært bra. Dei nynorske barnebøkene har det ekstra vanskeleg. Vanlegvis sel dei meir i Oslo enn på Vestlandet.

-- Sel ein nynorsk-forfattar ut førsteopplaget etter at Kulturrådet har teke sine 1550, kan han vera glad, meiner Kaldestad.

Han rasar mot barne- og ungdomsbokklubbane som ikkje tilbyr nynorske bøker som hovudbøker -- utan at dei er skrivne på bokmål eller svensk først.

-- Det er ein "forferdelse" , ei sjokkerande oppdaging. Eg trudde at det var slik for ti år sidan, men ikkje at det var slik framleis. Ungdomsbokklubben er faktisk best. Der har dei teke inn nokre få tilleggsbøker på nynorsk. Diverre har ikkje Samlaget vore i stand til å gjera noko med den "bedritne" politikken til bokklubbane. Samlaget burde sjølv ha laga ein barnebokklubb. Eg kan ikkje heilt forstå kvifor dei ikkje gjer det. Når eg tenkjer på kor mange spennande barnebokforfattarar som skriv på nynorsk; Ragnar Hovland, Rune Belsvik, Einar Økland og Erna Osland, vert eg både fortvila og rasande. Eg får lyst til slå rundt meg. At ikkje desse forfattarane kan koma på barnebokklubbar, er ein kulturpolitisk skandale -- overfor lesarane.

-- Har du teke det opp med bokklubbane?

-- Ikkje enno, men eg klør i fingrane. Eg kjem til å gjera det ved første høve.

Då foreininga for barne- og ungdomsbokforfattarar vart starta i 1947, heitte ho Ungdomslitteraturens forfatterlag (ULF). På den tida var både Alf Prøysen, Ann-Cath. Vestly og Inger Hagerup i ein oppstartingsfase.

No har Ulf skifta namn til NBU, og 192 forfattarar er medlemmer. Kaldestad reknar med å runda 200 i jubileumsåret.

-- Den viktigaste saka for NBU er i augneblinken å verna om opphavsretten til åndsverk. På det feltet møter me store utfordringar; medierevolusjonen, internett, CD-rom. Stoffet vårt kan verta brukt utan at me veit om det og utan at me får betalt for det. Difor treng me overvakingsstrategiar og overvakingsinstitusjonar. Saman med dei andre skribentorganisasjonane har me etablert Lino, som er ein forvaltningsorganisasjon for digitale rettar. Lino svarar til musikarane sin organisasjon Tono.

-- Det frie internettet er ikkje det farlegaste. Det er meir skummelt når store bedrifter, organisasjonar og institusjonar byggjer opp intranett. Naturlegvis er dei faglitterære forfattarane mest utsette dersom Hydro og Statoil byggjer opp intranett og byrjar å bruka tekstane deira. Men også barne- og ungdomsbokforfattarane treng i framtida ein ekspertise som skaffar seg innsyn i slike saker.

Gutane brukar mykje tid på data, jentene melder seg ut. Jentene les bøker, gutane gjev blaffen. -- Fryktar du denne utviklinga?

-- Alle lesarundersøkingar tyder på at svært mange gutar sluttar å lesa bøker i tenåra. Kanskje vert det skrive feil bøker? Kanskje må ein tenkja på det når ein utviklar bøker? Eg vil ikkje meina noko om kvifor det er slik. Men kanskje viser det at kjønnsrollene har endra seg mindre enn me likar å tru. Gutar har alltid vore ekspansive og rastlause. Dei har herja omkring, medan jentene har sete i ro og brodert. Kanskje har den strukturen levd vidare i urovekkjande grad? Kanskje er gutane meir kreative enn jentene likar å tenkja på -- etter fleire tiår med feministisk propaganda. Ein kan sjølvsagt seia seg lei for det. Men det finst no ein del gutar som oppfører seg som kvinnfolk, sjølv om me av og til kjenner den vonde hugen i hjarta vårt om aldri å lesa ei bok meir...

Sunnhordlendingen Per Olav Kaldestad er oppvaksen mellom bedehus og ungdomshus på Husnes. Han var med i både Profil og Basar-redaksjonen, og i ulike samanhengar har han ofte framheva småbrukar- og industriarbeidarbakgrunnen. Det var i "skuleboksamlingo" på Husnes at han først grov seg ned i bøkene.

-- Jules Vernes bøker. Det er dei eg hugsar. En verdensomseiling under havet og Tsar-kureren. Dei religiøse barnebøkene hadde me i huset. Dessutan las eg western. Det vart meir og meir western dei første ten-åra, men på gymnaset var det Ibsen og Hamsun. Eg hadde ein skrekkeleg seriøs periode på nokre år, las berre seriøs litteratur og gløymde Elvis og heile rocke-kulturen. Sidan har eg i stadig større grad sett verdien i dei populære sjangrane. Det er noko med energien i rocke-musikken som er viktig å ta vare på. Eg har alltid vore svært fascinert av dei gamle blues-songarane, av Elvis Presley og Rolling Stones. Den interessa har kome sterkare tilbake etter at eg vart 40 år. Eit skikkeleg, rocka nummer av Elvis fascinerer like mykje som ei god scene frå Shakespeares "Hamlet" . Eg har rett og slett opna sinnet for meir ulike kulturytringar etter at eg vart vaksen. I den seriøse litteraturen vert det skrive mykje som eg oppfattar som heilt uinteressant. Det beste innan film og musikk gjev meg like mykje som det beste i den seriøse skjønnlitteraturen.

-- Du har vore med på gje ut reisebøker frå både Irland og USA. Skal Helleve, Hovland og Kaldestad halda fram med reisebøkene om litteratur og musikk?

-- I mai kjem det ei ny bok -- frå Brussel, the heart of EUrope. Klart me fann noko der. Førebels har eg munnkorg, men det er "ferdaminne" frå Midt-Europa. Dessutan -- det er alltid faste personar som går att i bøkene våre.

-- Kven?

-- Elvis!

-- Elvis i Brussel?

-- Den som har gode augo og gode øyro finn Elvis i Brussel også...

Omtalen av Irlands-boka i Dag og Tid kan ikkje karakteriserast som strålande, men det fanst dei som slukte henne rått.

-- Thomas Hylland Eriksen meinte at det var den einaste seriøse reiseboka i 1995. Han peika på at me hadde gått inn i kulturen og skrive ut frå det. Han karakteriserte forfattarane av dei andre reisebøkene som hurragutar på heisatur.

Med desse to bøkene har me prøvd å sprengja den litterære gettoen, både i våre eigne sinn og i medieverda. Dei fleste bøkene har vorte omtalte på musikksider og i musikkblad. I litterære miljø med stor l, har ikkje bøkene vorte melde i det heile. Det er veldig kjekt. Det er ein siger, synest me. Bøkene er ikkje meint som ein fleip, men som ein fascina- sjon.

I haust gav Per Olav Kaldestad ut ein pamflett og ei diktsamling. I pamfletten gjekk han laus på kollegaene -- poetane, og i diktsamlinga viste han korleis det kunne gjerast. I pamfletten vurderte Kaldestad dei 42 norske diktsamlingane som kom i 1995. Eit motig prosjekt, som vart motteke på ulike måtar.

-- Javisst, har eg fått kjeft, men meiningane har vore delte. Somme meiner at eg burde ha halde kjeft, medan andre meiner at det var ord i rett tid; eit interessant essay om litteratur. I alle fall har pamfletten skapt debatt internt i miljøet.

Framleis står Kaldestad heilt og fullt inne for innhaldet. Dei 45 sidene skapte meir blest kring sunnhordlendingen enn nokon av hans tidlegare bøker har gjort. Dermed oppnådde Kaldestad det han ville. Og sidan har det vanka invitasjonar til å snakka om litteratur både her og der.

-- Det var eit prosjekt som eg hadde tenkt på i ti år. Eg hadde snakka med kollegaer om å gjera det. Etterpå har eg ikkje fått ein einaste sur kommentar. Det bør vera ein honnør til diktarstanden. Eg har fått brev frå folk som anten kjenner seg utelatne eller som er misnøgde med omtalen. Dei fleste har meint at prosjektet var viktig, men eg veit no sjølvsagt ikkje om det finst folk som planlegg skumle mottrekk ein mørk kveld...

-- Men du tok hardt i...

-- Eg slo i bordet! No må me ta oss saman...

-- Norsk poesi er for dårleg...

-- Han er for slapp og sjølvrepeterande. I ein gjennomgang nyleg slo
Aftenposten fast at det ikkje var stort betre i 1996. Sjølv har eg ikkje oversikta over den norske lyrikken som kom i fjor.

-- Du fekk nok etter å ha lese alle 42 som kom i -95?

-- Nei, eg har lese nokre nye diktbøker som eg trudde var gode. Eg hadde stor glede av Eldrid Lunden og Hanne Bramness, særleg boka til Bramness var sterk.

Per Olav Kaldestad avsluttar den omdiskuterte pamfletten med si eiga truvedkjenning. Der heiter det:

Eg trur på ein dansande og syngjande tale, på same tida grov i kjeften og fin om munnen, nær og varm og på same tida fjern og kjølig, ein poesi som kan kviskrast likså vel som ropast, som er språkleg pirrande og åndeleg kveikjande, ein poesi som er risikabel, som tar sjansen på å bli avvist så vel som å bli teken på ordet. Ein slik poesi har me i sanning lite av. Difor blir den det viktige no.

-- Kven av dagens poetar fyller krava?

-- Det finst nokre som prøver. Sjølv har eg som mål å fylla dei krava som eg set.

-- Finst det meldarar som har vurdert diktsamlinga di opp mot dine krav?

--
Bergens Tidende gjorde det. Meldaren meinte pamfletten var dristig -- i motsetnad til diktsamlinga, som aldri tok av. Så eg har vorte teken på eigne premissar. Det måtte eg sjølvsagt venta meg.

-- Fell du for din eigen kritikk?

-- Eg synest ikkje det. Den diktsamlinga som eg gav ut i fjor, er den beste eg har skrive. Fleire kritikarar har peika på det same.

-- Men Øystein Rottem i
Dagbladet var negativ og skreiv om Kaldestads kling-klang?

-- Eg har vanskar for å forstå at han har lese boka. Andre meldarar har vore svært positive. "Eg høyrer. Det seiest" er den viktigaste poesi-boka eg har skrive. Eg slepper meg meir laus, som ein blues- eller stevsongar, utan å gardera meg. Tidlegare har eg hatt ein tendens til å skjula meg i faste former, i sonettar til dømes.

-- I
Stavanger Aftenblad skreiv Tore Renberg at dette er "en kjedelig bok" ...

-- Eg lo høgt då eg las det. Boka var ikkje noko for han. Greitt det.

-- Er det generasjonsmotsetnader som gjer seg gjeldande?

-- Eg trur ikkje det. Samstundes som eg las Renbergs melding, fekk eg kort frå ei ung jente som driv med folkerock i Bergen. Ho hadde hatt kjempeoppleving med boka. Mitt og Renbergs temperament stemmer ikkje. Han likar ikkje det eg skriv.

-- I "truvedkjenningo" seier du at poesien skal vera risikofylt. Kva meiner du med det?

-- I poesien kan du utforska det ukjende, det som ikkje er opplese og vedteke. Då vert det risikofylt å ytra seg offentleg. Tenk på Obstfelder. Måten han skreiv på var skummel for han, og han fekk høyra det. Vita Andersen, til dømes, hadde ein tematikk som var risikofylt. Ho skreiv svært ærleg om jente-perspektiv på verda. I båe tilfelle var det svært risikofylt tale. Det skal vera eit element av risiko. Viss ikkje, er det ingen grunn til å laga ei diktbok.

-- Kva er det risikofylte i den siste boka di?

-- Eg prøver å sleppa ut den fortvilinga som ikkje er berre mi eiga personlege fortviling, men også ei kulturrøyst som snakkar om ting som det ikkje er så populært å snakka om.

-- Kva då?

-- Eg prøver å fanga inn augneblinkar og kjensler som er komplekse; ei kjensle av at alt fell til jorda, og at me ikkje kan gjera noko med det.

-- Er du ein kulturpessimist?

-- På ein måte er eg det. Men samstundes meiner eg at så lenge det går an å formulera noko stimulerande om det, er det håp likevel. Eg kalla boka for "Eg høyrde. Det seiest" . I det ligg det at ein opplever seg som offer for røyster omkring seg, men samstundes set eg eit punktum etter "Eg høyrde" . Eg gjer eit inngrep i avmakts-posisjonen og prøver å ta ordet sjølv, gripa dette språket og laga mitt eige ut av det. Samstundes som eg gjev inntrykk av ein slags invasjon av røyster kring meg, tek eg igjen. Eg vil ikkje verta invadert, og eg pressar meg til å stå mot det. Dessutan uttrykkjer eg meg også som ein suveren figur. Eg hevdar suvereniteten til individet, trass i alle ting. På ein måte er det eit romantisk prosjekt. Eg nektar å bøya meg. Det handlar om eit individ som nektar å gje seg, trass i at alt peikar den andre vegen. Det opplever eg som risikofylt. Eg er ikkje så oppteken av at nokon seier at dette var gode dikt. Eg er meir oppteken av at dette slo, at folk seier: "Dette rørte meg heilt for jævlig." Får eg høyra det, vert eg glad...

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |