Dag og Tid nr. 49, 5. desember 1996
José Martí:
Jenta frå Guatemala
Det var den meksikanske songaren Oscar Chavez som fyrst fortaldemeg soga om jenta frå Guatemala. Ho som doktoren sa frausi hel, men som døydde av kjærleik.
JOHAN BROX
Stille klokkespel, med eit molltonande orgel i botn introduserersongen. Chavez startar vibrerande, heilt nede i kjellaren:
Quiero, a la sombra de un ala,
contar este cuento en flor:
la ni§a de Guatemala,
la que se murió de amor.
I direkte omsetjing:
Eg vil, i skuggen av ein vengje,
fortelja denne blømande soga,
om jenta frå Guatemala,
ho som døydde av kjærleik.
Etter introduksjonen blir sjølve soga fortald påsame vis, i fireliners vers med enderim i anna kvar. Men tempoeter raskare, og stemma stig -- til eit skrik:
Aaaaaii!
Bukettane var av liljer,
omkransa av reseda
og sjasmin; me la henne i jorda
i ei kiste av silke.
... Ho gav til han som gløymde,
ein duftande pudderkvast:
han kom attende, kom attende gift:
ho døydde av kjærleik.
Dei kom berande med henne,
bispar og ambassadørar:
sidan kom folket på rekkje,
lasta ned med blomar.
... For å sjå han att,
speida ho frå balkongen:
han kom med si kvinne:
ho døydde av kjærleik.
Til no har forteljaren halde seg i bakgrunnen, han observerer,rapporterer og minnest (versa som byrjar med tre prikkar er retrospeksjonar).Men i sjette verset trør forteljaren inn i soga:
Som kvitglødande bronse
i det siste kysset
var panna, hennar panne,
som eg har elska mest i livet!
... Dei gjekk til elva om kvelden,
dokteren drog henne ut daud:
dei seier ho døydde av kulde:
eg veit det var av kjærleik.
Der, på den kalde kvelvingen,
la dei henne på to benker:
eg kyssa hennar fine hand,
og hennar kvite skor.
Her senkar Chaves stemma og tempoet, orgelet med molltonane slårinn igjen. Han er der han starta:
Aaaaii.
Utan ord, i mørkninga,
kalte gravaren på meg.
Det var det siste eg såg
av ho som døydde av kjærleik!
Songen blir framført med ei desperat innleving -- med skuld?For er det ikkje forteljaren sjølv som vende gift attende,og dreiv den arme jenta frå Guatemala på elva? Spørsmålalyfter denne songen høgt over ein million andre sentimentalemeksikansk balladar.
Eg ville vita meir.
Frå Martí til Marx
Det fyrste eg fann ut var at Jenta frå Guatemalaikkje var nokon meksikansk ballade, men eit dikt av kubanarenJosé Martí (1853-1895), frå samlinga Versossencillos -- Enkle vers -- (1881).
Eitt av desse versa har blitt den kjende songen Guantanamera-- jæ blir så kåt når jæ sera,som det så vakkert har blitt heitande på gatenorsk.På anna vis veit eg ikkje at Cubas nasjonalskald er omsetti Noreg. Somme av versa til Martí er gjendikta påsvensk, men ikkje Jenta frå Guatemala.
Poesien er ikkje einaste grunnen til at spanskstudentane i Noreghar José Martí på pensumlista. Han er denfremste kubanske diktaren, men òg den viktigaste politiskefilosofen. Og Martí går langt over Cubas grenser,han står jamt med Simon Bolívar i den latinamerikanskefrigjeringssoga.
José Martí kjempa heile livet mot økonomiskog politisk undertrykking, og mest mot kolonimakta Spania. Menstriden hans skulle vera utan hat mot menneske. Den kubanske frigjeringavar også ein kamp for å frigjera spanjolane, meinteMartí.
Castro-kubanarane seier i dag at José Martí letsju gåver etter seg: Ei revolusjonær ånd, respektfor menneskeverdet, anti-rasisme, antiimperialisme, sosial rettferd,solidaritet og ein etisk sans. Vegen til Marx går gjennomMartí, heiter det difor på Cuba.
Men for eksilkubanarane i Miami har den same José Martíblitt eit våpen mot marxismen og Fidel. Radio Martíbombarderer Cuba dag og natt med løgner og halvsanningarfor å svekkja Castros autoritet.
José Martí har fått den ulukkelege lagnadenå bli eit symbol på begge sider i striden!
Herrelaus
Når eg døyr, utan fedreland og utan herre, vileg ha ein bukett blomar på mi grav. Og eit flagg!
Dette ønskte Martí sjølv, og det har hanfått på Cuba. Martí døydde der, somdet sømer seg ein poet, på slagmarka, i sitt fyrstevæpna åtak på dei spanske koloniherrane.
José Martí blei fødd -- av spanske foreldre-- i Havanna 1853. Faren var politimann. Alt som 15-åringgav José Martí ut avis, og blei dømd tildauden for det politiske innhaldet. Dommen blir sidan omgjorttil straffarbeid i nokre år.
Etterpå dreg han, av alle stader, til eksil i Spania. Derskaffar han seg i ei handvending doktorgrad i litteratur og filosofi.Så reiser han til USA, og sidan Mexico for å skriva.
Forelska i lærer'n
Men det går ikkje lang tid før José Martídukkar opp i Guatemala. Han er 24 år gammal og søkjerarbeid som privatlærar. Ein av elevane hans er 15 årgamle María García Granados -- jenta frå Guatemala.
Han treffer henne på eit kostymeball hjå fiffen iGuatemala By. María er dotter til ein av dei mest fornemmefamiliane der, og denne kvelden kledd opp som ei egyptisk dronning.José Martí stiller i diplomatfrakk. Han er ein staselegkar å sjå til, med store talegåver. BådeMaría, foreldra hennar og dei sju syskena fell flatt forden unge kubanaren. Festen varer heile natta og til langt ut idagen etter.
Mange forfattarar har gjeve ulike tolkingar av kva som såhende. Soto Hall skildrar så sterkt og detaljert fråkjærleikshistoria mellom José og María atein skulle tru han hadde vore med. Men Davíd Vela og LuzMéndes er samde om at José og María i røyndahadde eit heilt platonisk forhold.
Martí var nemleg trulova på anna hald. Han prøvdeå gjera det han var betalt for, å undervisa María.Men María ville meir, og så heftig var ho, at privatlærarenfekk kalde føter. Han fann det likast å seia oppjobben.
José Martí reiste attende til Mexico -- for ågifta seg med ho han hadde lova seg til, dottera til ein kubanskforretningsmann.
Kjærleiksotten
Arme María visna sakte vekk, og døydde førho fylde seksten år. Ikkje av kulde, som dokteren sa. Menikkje av kjærleik heller, slik poeten skriv. Jenta fråGuatemala døydde av tuberkulose. Som dei rett nok påden tida kalla kjærleiksott.
José Martí kom til Guatemala By berre to dagar etterat María døydde, men i eit heilt anna ærend.Han var ikkje med på gravferda, og kyssa ikkje hennarfine hand, og ikkje hennar kvite skor. For det varslett ikkje denne panna, hennar panne, som JoséMartí elska mest i livet. I alle fall ikkje førhan tre år seinare, i skuggen av ein vengje i NewYork, skreiv diktet Jenta frå Guatemala.
Eit juleevangelium
Mindre poetisk var nekrologen som dukka opp i avisa El Porvenirnokre dagar etter at María døydde:
María García Granados var i alderen forkjærleikens reine gleder. Ho hadde ei jomfrueleg sjel.
Målt etter nekrologane, var María og Joséeit ujamt par. Den 23. mai 1895 skriv New York City Sun:
José Martí døydde som ein slik mannmåtte ønska, på slagmarka, i kampen for fridomog demokrati. Av slike heltar er der ikkje for mange i verda.
Dei to hadde eit platonisk forhold. María døyddelike jomfrueleg som kvinna ho fekk namnet etter -- minst, skalein tru Jacob Jervell. José Martí blir denkubanske frigjeringas apostel. Historia om José ogMaría er difor eit juleevangelium så godt som noko.Sjølv om det ikkje blei barn av det, berre eit dikt omJenta frå Guatemala. Ho som døydde avkjærleik
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|