Dag og Tid nr. 49, 5. desember 1996

Leiar:
Vaskemaskin

Tida for å blånekte er kommen. Tysdag var dei tidlegarejustisministrane Bjørn Skau og Mona Røkke ein turoppom Stortinget for å fortelja at dei ikkje visste om noko ulovleg, og at det dei visste iallfall var lovleg. Tysdag lanserte også Bjørn Skau det som kjem til å bli ståandesom motto for seansen på Stortinget: “Etterpåklokskapens glade lys skinner nok over oss alle her i salen.”

Truleg er han ikkje klar over at han med desse orda vedgår at han veit meir enn det han vil ut med.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget opna høyringa om Lund-rapporten sist måndag. Etter den første høyringsdagenkan det ikkje vera att mykje av vona blant folk på venstresidaom at høyringa skal føre oss nærare sanningaom den politiske overvakinga i Noreg etter krigen. Etter to dagar med høyringar er det lite som tyder på at tidlegarejustisministrar er dei rette å spørja når einskal prøve å finne svara på korleis eit samfunnsom kallar seg sjølv ein “rettsstat” kan la overvakinggjennomsyre det politiske livet.

Da høyringa tok til sist måndag, kunne Petter Thomassen(H), saks-ordførar for stortingsbehandlinga av Lund-rapporten,fortelja at mellom 100.000 og 200.000 nordmenn er registrertei overvak-ingsarkiva sia krigen.

Talet er ufatteleg, fordi apparatet som skulle samle inn opplysningarom så mange menneske må ha vore omfattande -- såomfattande at menneske i sentrale posisjonar må ha visstom det.

Nettopp derfor er det underleg å høyre tidlegarestatsrådar rydde seg veg til naudutgangen ved å fornektealt, eller i beste fall ved å forklare overvakinga på70-talet med invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968 og den europeisketerrorismen i 70- og 80-åra. Overvakinga var rett og slettnødvendig for å sikre demokratiet.

Kva er eigentleg vitsen med høyringa om Lund-kommisjonensrapport? Kjem det i det heile til å komma noko nytt og saliggjerandeut av seansen på Stortinget?

Truleg ikkje. Høyringa kjem aldri til å bli meirenn eit skodespel, der dei som veit meir enn dei vil forteljahar regien, og dei som vil veta meir berre blir statistar.

Høyringa kan også liknast med ei vaskemaskin, derdei som hadde -- og har -- ansvar kjem til å få høvetil å vaske seg reine.

Sanninga må vi vente på -- viss vi nokon gong får henne. Ei stortingshøyring greier ikkje å grava djupare enn det Lund-kommisjonen gjorde. Dei som sit med makta vil uansett ikkje avsløre metodane sine.
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |