Dag og Tid nr. 49, 5. desember 1996

Hallgrim Berg:

NRK TO -- politisk meisterstykke?

Leiarartikkelen i Dag og Tid 28. november skriv friskt om skipingaav NRK TO. Leiinga i NRK byggjer drøymeslott og Stortingetgjekk på limpinnen. Som Dag og Tid ganske folkeleg seier:“Så gjekk dei på ræva”.

Sjølv om nokre av oss røysta mot skipinga av NRK TO, vil eg likevel ikkje vera så bastant og negativ somnorsk presse har vore til budsjettsprekken og omleggingane i NRK TO. Det er altfor tidleg å felle domen over den nye kanalen.

Eg vil ikkje ta stilling til om den nye kanalen bør vera“ung og tung” eller om han bør vera “langog lett” eller “stutt og butt”. Sett i ettertid kan ein likevel seia at ambisjonane i kanalen voks fortare enndet var ressursgrunnlag for. Det er alvorleg at kringkastingssjefenog styret hans ikkje såg dette, eller at dei ikkje greiddeå tøyma dei ivrigaste kreftene i systemet. Ellerat dei ikkje visste om momsen.

Høgre stilte seg open for ei vurdering av trongen for eintilleggskanal, noko som vart lansert på ein serviett overbordet fem minuttar før kulturkomiteen skulle gje si innstillingfor 1996-budsjettet. Det gjekk over stokk og stein utover heilevinteren. Alt 25. mars sendte NRK-styret brev til departementetmed oppsett om korleis kanalen skulle verka og finansierast. Mellomanna skulle kanalen betalast av NRK sine eigne ressursar i formav eigedomssal, betre innkrevjing av tjuvtittarpengar osv.

Til publikum vart det sagt at den nye kanalen skulle vera gratis.Sume av oss sa: Så lenge det ikkje finst ein gratis lunsjher i verda, er det tvilsamt om det kan finnast ein gratis fjernsynskanal.

På same tid var kulturkomiteen på studieferd til SverigesRadio i Stockholm. Me fekk opplyst frå kollegaen til EinarFørde at ein oppegåande kanal kostar minst 100 millionarkroner for i det heile å kunne fungere. Skal ein i tillegglaga nokre program sjølv, blir det mykje dyrare.

Då saka kom til Stortinget for avgjerd, gjorde Høgrekonkret framlegg om å gardere lisensbetalarane mot lisens-auke.Partiet tok NRK-styret på ordet og føresette at økonomieni NRK TO var i orden. Difor ville me ha ein garanti fråresten av Stortinget om at skipinga av NRK TO ikkje skulle kunneføre til allmenn lisensauke. Dette framlegget fall, ogdermed røysta Høgre mot å etablere kanalenpå eit så tidleg og laust grunnlag. Uttrykket “økonomisksjanseseilas” vart nytta. Dessutan var dekkingsprosentenså låg at store delar av Bygde-Noreg ikkje ville fåinn kanalen. Trass i at folk måtte betala same lisens, skulledei ikkje få same totalproduktet.

På om lag same tid gjekk ordskiftet omkring TV 2 sin nyeNoregs-kanal. Etter at dei fleste partia i Stortinget hadde tekeinitiativ for å prøve å få lokalfjernsynsselskapaopp i arbeidsstilling, tilrådde me eit samarbeid med TV2, som ville gje lokalselskapa god økonomi og høvetil utvikling.

Korleis dette vart sabotert av NRK-sjefen og Arbeidarpartiet sistortingsgruppe, er ei soge som enno ikkje er skrivi ned. Menved å endre kringkastingslova for å ta bort TV 2 sittreklamemonopol på direkte vidareformidla sendingar, oppnåddekonstruktørane ei rekke “føremoner”.

Samstundes som NRK fekk ein ny kanal, fekk ikkje TV 2 det. NRKTO var eit faktum. I optimismens teikn gjekk planlegginga overstokk og stein. Skinnfellen vart strekt for langt. Resultateter kjent. Justeringar må til.

Det meisterlege, sett frå strategen Einar Førde sinposisjon, er: Pytt. NRK TO er etablert, samstundes som konkurrentener sperra. Om sendeflata og eigenproduksjonane i NRK TO vert mindreenn planlagt, gjer ingen ting. Når økonomien betrarseg (korleis?), kan innhald og omfang i kanalen graderast oppatt. NRK TO har fått ein trekkspelfunksjon. I NRK TO, somfå ser på, kan dei kulturpolitiske allmennplikteneoppfyllast med “sære” program innimellom. Førstekanalenkan gjerast meir pop og kommersiell for å tevle med TV 2.Hurra!

Og når “ettertankens kranke blekhet” nårArbeidarpartiet i Stortinget, skal denne utviklinga motvirkastved å be departementet vurdere korleis sponsorplakatanei NRK Fjernsynet kan gjerast meir usynlege. Hurra! Hurra! Hurra!
Hallgrim Berg

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |