Dag og Tid nr. 49, 5. desember 1996
Herbjørn Sørebø:
Sludbyger om aftenen
I helga som var markerte Jakob Sande-selskapet at det 1. desembervar 90 år sidan diktaren vart fødd. Det var naturlegå leggje tilstellinga til Dale i Sunnfjord, kommunesentereti Fjaler, bygda der han kom til verda og alltid kjende seg såknytt til. Selskapet vart skipa for fem år sidan påein bølgjetopp av interesse for diktinga hans. Dåsamla Jon Eikemo fullt hus kveld etter kveld på Det NorskeTeatret med framsyninga Jakob Sande og Jon Eikemo, trureg. Det var ein kunstnarisk kraftprestasjon, og for mangesom såg framsyninga, fekk dikta ein ny dimensjon. Oppslutnadenom det nye selskapet var spontan og stor.
Somme spurde om det trongst noko selskap til å arbeide formeir kjennskap til ei dikting som samla eit så stort ogtakksamt publikum. Jakob Sande har vore ein av dei mest folkekjæreblant forfattarane våre heilt sidan han debuterte med Svartenæter som bråmogen 23-åring i 1929. Detblir ståande som eit merkeår i norsk litteraturhistorie,for då debuterte også ein annan folkekjær lyrikar,Halldis Moren. Når ein ser på bileta av desse to vakredebutantane -- som nære på vart parfolk -- kan einforstå ein påstand om at ingen kritikar kunne ha hjartetil å komme med kritiske merknader. Men begge var djervefor si tid. Jakob Sande vekte storm med dikt som til dømesLikfunn. Det kristelege dagbladet Dagen i Bergen kunneikkje rå lesarane sine til å kjøpe og lesedebutsamlinga hans. Men vestlendingane følgde ikkje detterådet. Jakob Sande var bestseljar
med alle diktsamlinganesine, og Dikt i samling vart bestseljar i åretter år. Han fekk to dikt med i Nynorsk Salmebok, og etterkvart nærast fast plass i Ønskekonserten i radiofordi framståande tonekunstnarar og songarar fann fram tildikta hans, både dei humoristiske og dei meir finstemde.Så trongst det eit selskap?
Føremålet med Jakob Sande-selskapet er mykje vidareenn å arbeide for å styrkje interessa for forfattarskapet.Tanken er blant anna å få i stand eit Jakob Sande-museum.Hytta hans i Flekkefjorden, ein arm av Dalsfjorden, er diverreseld. Nå gjeld det Klokkargarden, barndomsheimen hans, somer til sals. Det er eit altfor tungt løft for selskapetå kjøpe denne garden, der det også mågjerast ein del med dei gamle husa. Her må det offentlegeløyvingar til, men selskapet kan vere ein viktig støttespelarog overtyde dei som kan skaffe pengane om at det er ei stor kulturoppgåve.
Vi har ikkje vore flinke til å ta vare på kunstnarheimarher i landet. Heimane til to nobelprisvinnarar bør vereeit offentleg ansvar. Nørholm, der Knut Hamsun budde, harvore stengd for publikum i mange år. Nå er det pådet uvisse korleis det vert med Bjerkebæk, heimen til SigridUndset. Etter at enkja til son til nobelprisvinnaren døydde,har ikkje Lillehammer vist særleg stor interesse for åta over. Aschehoug, som var forlaget hennar, kan ikkje makte det.Då fell det på staten å ta ansvar. I andre landfinst det mange døme på at slikt har vore lønsameinvesteringar, sett i ein større samanheng, og folk skalha noko å vere stolte av også. Det som er gjort medheimane til diktarar som Ernest Hemingway, H.C. Andersen og KarenBlixen -- for å nemne nokre -- er gode førebilete.Diverre finst det vel fleire dårlege. Grava til nobelprisvinnarenWilliam Faulkner var det ingen som ville
ta på seg åstelle med.
Litteraturselskapet blir skipa med stor entusiasme, men det viserseg ofte vanskeleg å halde interessa oppe blant det storepublikum i år etter år. Medlemstalet veks ikkje, menminkar heller. Også Jakob Sande-selskapet kan komme tilå merke det. Den 1. desember 1906, då Jakob Sandevart fødd, var dei ikkje komne i gang med offisielle verobservasjonari Dale i Sunnfjord, men frå Flora rapporterte Sofie Aastil Det norske meteorologiske Institut om pent ver om morgonenden dagen, og temperaturen var litt under 0. Men ut over dagenskya det til, og i sluttrapporten heiter det: Sludbygerom aftenen. Då var det vel om lag slik i Dale også.Det skal vi ikkje ta symbolsk, men varsla det noko, så vardet eit forfattarskap som står seg i alt slags ver.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|