Dag og Tid nr. 49, 5. desember 1996
Bokmelding:
Prøver å kome seg bort igjen
Oddmund Hagen og Kjell Askildsen hevar seg langt over det måtelegeog halvgode, og dei toler ei samanlikning, skriv Atle Christianseni denne meldinga av Oddmund Hagens roman Utmark.
Oddmund Hagen:
Utmark
Samlaget
Daglegdags. Kaffi og tobakk. Men det ligg ei sorg over det heile.Eg kunne sagt at det er like reint og ryddig som hos Kjell Askildsen,men der uhygga grip tak i deg og stirer deg sønder og samani Askildsens siste novellesamling, der er det eit driv etter forsoningog ro hos Oddmund Hagen. Hos Askildsen er det ingen vits med detheile; hos Hagen er det ein langt større vilje til åspørje seg kva vitsen er med det heile.
Bort, bort
Utmark heiter den siste boka til Oddmund Hagen, einroman. Igjen er det setninga bort, bort frå dettesom på eitt vis er grunnlaget for forteljinga og drivkraftai diktverket -- slik det var det i diktboka Bort, bort frådette og novellesamlinga Denne brannen, alltid.Bort frå sorg. Bort frå seg sjølv. Bort fråuhygga. Det er nettopp noe av skilnaden på kunsten til Hagenog Askildsen: Hos Askildsen vassar figurane omkring i ei nattsvartverd som dei ikkje rør med; hos Hagen er dei på vegbort frå natta og sorga. Der figurane til Askildsen er fangainne i ei uhygge som ser ut til å vere uoversiktleg og uløyselegfor dei, er figurane hos Hagen på intenst driv bort fråsorg som stengjer inne.
Begge desse stilistane veit kva dei gjer når dei skriv,og dei er begge ute med ny bok i år. Hagen med roman ogAskildsen med noveller, desse kunstnarane toler ei samanlikning.Askildsen skriv nake og reint, og det same gjer Hagen. Hos Askildsener det replikkar, undertonar og framdrift som driv forteljinga.Hos Hagen er det indre monolog, drøftingar og repetisjonarsom er drivkrafta. Askildsens noveller skaper konfliktar mellommenneske, konfliktar og spenningar som forteljinga så åseie innstiller seg på. Dermed får forteljinga eitklart driv framover, mot løysinga eller ikkje-løysingapå konflikten. Hos Hagen passar det betre å seie atskrifta og forteljinga er innvikla og innstilt på knutar.Hagens bok er innstilt på å utforske tankar og kjenslersom har knytt seg fast i ei urovekkande hending som det ikkjeer lett å bli kvitt. Derfor kan vi seie det er meir framdrifti forteljingane til Askildsen, mens Hagens roman
er repeterande.Hagen nærmar seg den same såre, vonde knuten igjenog igjen, som om skrifta kan knyte opp og frigjere viss dei riktigeorda blir funne.
(...) står ofte slik og stirrar mot dei faste punktai natta, stjernene og alt det der, lyttar på mørkretsin frekvens, går fram og tilbake på verandaen ogprøver å peile inn dei mørke felta inni degder det finst eit surr av stemmer, skyggar, ansikt du har glømt,dette kaoset som held deg vaken og får deg til å gårundt og rundt som om det er nokon vits i det, liksom det kanroe deg ned, det er kanskje det du trur, at det kan roe deg ned,at det finst øvingar som roar deg ned berre du øvernok, gjentar og gjentar desse øvingane med visse mellomrom,at desse gjentakingane kan halde ting på avstand, kanskjeer det det du trur når du går inn igjen og finn kaffekoppen,tar ein slurk, legg vekk desse papira du kjenner så godt,får vel snart finne senga, skal kjøre langt, 60 mil,mange timar bak rattet, må få kvilt litt. (s.8 og 9)
Underleg stillstand
Øvingar og gjentakingar. Surr av indre stemmer, skyggar,kaos, øvingar og gjentakingar som roar ned. Skriftas vesen.Det er konsekvens og samanheng over kunsten til Hagen. Det erikkje berre det at denne bort, bort frå detteigjen og igjen i bok etter bok er eit omdreiningspunkt, antenskrivaren skriv dikt, noveller eller roman, men det er ogsådet at kvar enkelt bok går i ring og i ring omkring detsame. Her er ikkje framdrift og forandring, og eg saknar det ikkje.Det skjer noe i språket til Hagen. Her er ein underleg stillstandog ein manande repetisjon. Som dei daglege rutinane. Livsrytmen.Som skrifta når ho er i sjamanens makt. Dette er poetenOddmund Hagen: Sjamanen, magikaren som ved språkets rytmarskal mane fram ei løysing på livets vanskar: berredu øver nok, gjentar og gjentar desse øvingane medvisse mellomrom. Musikk. Rytme. Magi.
(...) leitar litt og finn dei tre du vil høre,speler alltid høg musikk når du kjører aleine,det er rytmen i reisa, 60 mil er ein lang ballade, nesten eindrøm du kan spele om og om igjen, kobla til det norskevegnettet og den ekstatiske kjensla av å reise bort frånoko, så langt bort at landskapet opnar seg, at huset opnarseg og du går inn i eit anna lys og møter ein slagslengsel som bor i dette huset, som finst i dette landskapet, idenne musikken du speler på høg styrke over åsane,opp gjennom dalane, over fjellet, ned gjennom dalane, over eitnytt fjell, ut langs fjordane og fram til den breie sjøensom alltid ligg der, som aldri reiser bort, men er der i sittbestandige lys. (s. 9)
Svart og trist
Bort. Så ligg det altså noe svart og trist i detteromanuniverset også, men det er ikkje som hos Askildsen,der er det ein slags eksistensiell tilstand, ein nødvendigeller uomgjengeleg realitet som ein ikkje kan gjere noe med, eingrunnrealitet. Hos Hagen er det noe som har hendt. Det er menneske,svik. Eitt eller anna har hendt. Død. Det er ikkje naturstridig.Det har hendt. Hos Askildsen ligg det noe under heile tida, noesom ikkje kan takast vekk, ein nattsvart realitet. Hos Hagen erdet ei hending som forstyrrar og forrykker balansen i tilværet.Det er farleg nok. Det er vanskeleg nok. Men det er ikkje dettenattsvarte, det er ei hending som han let hovudpersonen prøveå finne ut av, kome på høgda med. Forstå.Forsone. Mens det hos Askildsen er resignasjon og avsløringav dumskap og drifter, er det vilje og driv mot forståingog forsoning hos Hagen. Hos Askildsen blir lesaren avkledd ogavslørt. Det er meir behageleg å lese Hagen: Herer det hovudpersonen i boka det dreiar seg om. Også
hosHagen blir mennesket avslørt som feigt og usselt, det grumsetesmåsladdersamfunnet får verkeleg passet sitt påskrive,men det er dei andre som blir karakterisert. Romanen til Hagener eit titteskap der vi ser inn i ei verd som vi kan innbilleoss at vi ikkje er ein del av, mens novellene til Askildsen --på eit merkeleg vis -- ikkje handlar om figurane i novellene,men om meg. Og deg. Ikkje om lesaren som lesar, men mennesketsom menneske. Driftene. Løgnene. Denne vendinga fråfigurane i novella til lesaren av novella er grusom hos Askildsen.Novellene hans ser på oss og avslører oss, som eitvondt gudsauge. Hos Hagen er vi i eit fiksjonsunivers der detskjer noe med personane i boka, og romanen hans blir ikkje likepåtrengande som Askildsens noveller, som eg -- utan at detskal vere ein moralsk dom -- nesten vil kalle vonde. Kjøligeog kalkulerte. Hos Hagen er det varmare. Varmt og utprøvande.
Erkjenningsreise
Det slår meg at Hagens Bort, bort frå dettefører til ei reise, dette klassiske grepet, reisa som erkjenningsreise.For det er ikkje småtteri reisa skal føre til hosHagen, og reisa er både den som hovudpersonen legg ut på,og den som skrifta legg i veg med, og det er ikkje småtteriein skal oppnå: så langt bort at land-
skapet opnar seg (...) og du går inn i eit anna lys og møterein slags lengsel som bor i dette
huset (...). Ei erkjenningsreise der ein skal finne ro oglys. Død. Men det er ikkje dette nattsvarte som hos Askildsen,det er ein realitet det er vanskeleg å forsone seg med,og det er ikkje meiningslaust, for det finst vilje til åskape meining.
Hagens roman heiter Utmark. Utmarka er bådeden ytre og indre. Den ytre utmarka der bygdefolket solidormarseg i sladder, løgn og faenskap. Den indre utmarka er eitpsykisk landskap heilt ved grensa til forsvinning. Det er herHagens bok er. Boka er like mye av ei psykologisk karakterskildringsom ein eksistensiell karakteristikk av det vesle landet nordi verda 1996. I dei to siste bøkene har også Askildsengjort meir enn å skildre dei eksistensielle grunnvilkåra,han har gjort det usynlege -- drifter og psykologi -- til einviktig ingrediens i novellene sine. Hovudpersonen hos OddmundHagen lengtar bort frå dette livet som er vondt og fyltav lurvete, små og falske bygdefolk som hatar alt som reiserseg over det måtelege og halvgode. Både Hagen og Askildsenhevar seg langt over det måtelege og halvgode. Figuranetil Askildsen lever liva sine i ei sumpluft av innestengde kjensler,undertrykt seksualitet og
tilbakehaldne tankar, mens hovudpersonenhos Oddmund Hagen prøver å kome seg bort, bort frådette.
Atle Christiansen
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|