Dag og Tid nr. 48, 28. november 1996
Teater:
My fair Herborg
Samanliknar ein dei to norske "My fair lady"-oppsetjinganei haust, er det ingen tvil om at Den Nationale Scene trekkjerdet lengste strået, skriv Bent Kvalvik.
Den Nationale Scene:
My fair lady
av Alan Jay Lerner og
Frederick Loewe
Regi: Runar Borge
Scenografi: Christian Egemar
Omsett av Andre Bjerke
Det var ein gong ei fattig jente som vart rik og vakker av diho lærte seg å snakke pent bokmål. Slik kanein godt samanfatte fabelen i denne kan hende mest slitesterkeav alle musikalar: gode, gamle "My fair lady". Dennehausten har gjeve oss to nyoppsetjingar av "Lady'en",og nokre røyster hevdar at det er ein skandale i Ivar Aasen-året.Det er alltid eit godt utgangspunkt å spørje kvifor,når ein klassikar vert henta fram att, og ved førsteaugekast verkar innhaldet i denne musikalen kolossalt antikvarisk.Da meiner eg ikkje der den handlar om kjærleikskampen mellommann og kvinne, om det å ville endre og forme den ein erglad i til ein person mest mogeleg lik seg sjølv. Det motiveter framleis brennaktuelt. Men så er det desse endelauseutleggingane av dialekt som lavstatusspråk! Kva for unge,norske mediebrukarar vil skjøne noko av dette nårdei kjem i teatret i 1996? Kan folk vakse opp med
slike haldningari dag?
Varm framsyning
Men no er altså stykket opphavleg engelsk. George BernhardShaw skreiv forelegget, komedien "Pygmalion" i 1912.Den ytre, konkrete konflikten høyrer heime i ei anna tidog eit anna miljø enn her. Likevel ler vi framleis av historiaom Eliza Doolittle og professor Higgins når ho blir speltgodt. Og i musikalversjonen vert vi òg overvelda av alledei innsmigrande melodiane. Når "My fair lady"kan spelast som elegant, menneskeleg komedie, tek det ikkje sålang tid før vi vert minte om at moralen heller ikkje erså banal som vi trur. Eliza bli jo slett ikkje lykkelegareav å lære såkalla danna språk. Ho finnut at det er storsinn, klokskap og toleranse som gir eit menneskeintegritet, og det kan ikkje Higgins lære henne. Det måho lære seg sjølv.
Den Nationale Scene har lykkast i å lage ei varm, menneskelegog morosam framsyning av "My fair lady", førtiår etter urpremieren på Broadway. Den bergenske tillempingaav omsetjinga er nok litt av eit publikumsfrieri i Bergen, menideen er god av di Andre Bjerke si opphavlege tekst, med "Oschlo"-sjargongfrå 50-åra, berre tydeleggjer det forelda aspektet.(Det merkar ein godt i den versjonen av stykket som Den NorskeOpera speler no.)
Saknar trøkk
Runar Borge (regi) og Christian Egemar (scenografi) har funnefram til både flukt og intimitet, poesi og sprakande showpå Store Scene, med velopplagde skodespelarar og dansarari fargerike kostyme signert William. Orkesteret er ikkje såstorslått og voluminøst som ein er vant til, mendei åtte i orkestergrava har så avgjort kloa i musikken.Og eviggrøne standardlåtar som "Wouldn't itbe lovely?", "I could have danced all night" og"On the street where you live" tåler ein alltidå høyre på nytt. Dei syng mjukt, musikalskog personleg, både Herborg Kråkevik (Eliza), LasseLindtner (Higgins), Helge Jordal (Doolittle) og Gerald Pettersen(Freddy); den einaste innvendinga er at ein nokre gonger kan saknelitt meir vokalistisk guff og trøkk.
Men når så mykje er sagt, skal det òg seiastat Herborg Kråkevik gjer ein strålande skodespelardebut.Den udefinerbare scenemagien har ho vist før som kabaretartist,og den fornektar seg ikkje, men i tillegg skapar ho ei Eliza Doolittlesom veks til eit heilt menneske for auga våre og som engasjereross. Vi trur for ein gongs skuld på erotikken mellom denneviltre Eliza og den kjenslemessig klønete Higgins, slikLasse Lindtner spelar han. Dette er to menneske som måprøve å elske kvarandre, sjølv om deitruleg aldri vil greie det. Ein ny dimensjon får ògsøppelkjøraren Alfred Doolittle i Helge Jordalsfestlege tolking, og far/dotter-forholdet får faktisk eilitt meir forsonande vinkling enn elles. Det er fyrste gongeneg har sett Eliza gje far sin eit farvel-kyss.
For talescena
Så er det òg dette merkelege, at kor mange gongerein har sett "Pygmalion" og "My fair lady"på scene og film, så er det enkelte sekvensar somalltid er like kostelege. Vi merka det òg denne gongen,i Eliza sitt første møte med sosieteten påAscot, der ho startar konversasjonen med "Min tante dødeav influensen!" Vi kan scena mest replikk for replikk, oglikevel hoppar vi og vrir oss av lått, omtrent som vi gjerdet til "Grevinna og hovmeisteren". Og når deifine damene Mrs. Higgins (Karin Hox) og Mrs. Eynsford-Hill (RagnhildHiorthøy) held på å miste tekoppane av forskrekking,er det full jubel i teatersalen.
Ein kan meine kva ein vil om gamle musikalar og deira plass påinstitusjonsteaterrepertoaret, men samanliknar ein dei to norske"My fair lady"-oppsetjingane i haust, er det ingen tvilom at Den Nationale Scene trekkjer det lengste strået. Vonlegskulle det vel da òg vere prova at musikalsjangeren høyrerheime på talescena -- ikkje i operahuset.
Bent Kvalvik
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|