Dag og Tid nr. 48, 28. november 1996
Nyskaping:
-- Sprøtt å vera oppfinnar i Olje-Noreg
Likesæla Trøgstad-oppfinnar Johan Kallak har fåttmerka er regelen, og ikkje unnataket i det post-
industrielle Olje-Noreg.
-- Noreg er eit u-land, meiner Kallak.
-- Nettopp, seier Torgard Iversen i Norsk Oppfinnerforening.
-- Akkurat, seier småbrukar m.m. Per Olaf Lundteigen.
JOHAN BROX
I eit land som satsar på eksport av naturressursar, informasjonsformidlingog tenesteyting, og ikkje anna, er det ikkje nok å veraoppfinnsam.
-- Truleg er oppfinningane til denne Kallak både tekniskog økonomisk interessante. Det er vel heller det at dengodaste 89-åringen ikkje har gjort så mykje for åfortelja om dette. Til rette vedkomande, seier Torgard Iversen.
Iversen er styremedlem i Norsk oppfinnarforening. Og oppfinnar.
-- Men Kallak har då vunne gullmedalje på oppfinnarmessai New York og ærespris i Brussel. For snart 30 årsidan!
-- Ja, men dette er ganske typisk, sjølv om 30 årer i lengste laget. Ein reknar mellom fire og 15 år forå få realisert ein ide. Slik er det berre. Me veitòg at suksessraten for oppfinningar ligg på kringto prosent. Av hundre gode ting, er det to som er livskraftige.Eit menneske med vett og forstand gjev seg jo ikkje inn pådette, seier Iversen med eit sukk.
Ein kross å bera
-- Har ein oppfinnar noko val? Du driv jo med det sjølv?
-- Nei, det er ein legning... Men eg har kome litt til sans ogsamling med tida. Difor gjer eg andre ting også.
-- Du er ingen sjølvlært garasjeoppfinnar?
-- Eg er garasjeoppfinnar så god som nokon. Men eg har søktoppfinnarmiljøet for å finna likesinna. Oppfinnarprosessener veldig lang, veldig einsam, veldig arbeidskrevjande og veldigkostbar -- kort sagt: tyngjande. Difor har eg valt å arbeidaei tid for interessene til oppfinnarane. Og eg meiner åregistera ei betre stemning no. Folk tek til å lura påkva me skal leva av i Noreg om 20 år. Og det stemmer omlag med utviklingstida på innovasjonar.
-- Du meiner at ein må byrja no, for å ha nokoklart når olje-eventyret er ute?
-- Sjølvsagt. Og det er alt produkt på trappene,fiks ferdige, som berre ventar på å bli sette inni ein samanheng.
-- Kva produkt er det du har i tankane?
-- Eg veit ikkje om eg burde snakka produkt med pressefolk, menla gå. Eg tenkjer til dømes på desentralisertkraftproduksjon for den einskilde husstanden. Eit firma som heiterSIGMA, eit gammalt elektrofirma, satsar no friskt på teknologisom den skotske presten Robert Stirling utvikla. I 1816!
-- Den gamle stirlingmotoren! Kva skal drivstoffet vera?
-- Drivstoff kan vera alt frå kongler til sprit, til ved,til biogass...
Vri tankebanane
-- Stirling-motoren er lite effektiv av di han har så stortvarmetap, kan hende på nitti prosent -- nok til åvarma opp eit bustadhus. Og ti prosent mekanisk energi, det vilfor dei små motorane det her er tale om seia tre-fire kilowatt:nok til å driva kokeplater, lys, TV... Det gjeld berre åvri tankebanane litt: å sjå varmen frå motorensom hovudproduktet, og elektrisiteten som eit biprodukt, forklarerIversen.
-- Er eit slikt anlegg dyrt?
-- Det er dyrt no. Men blir det spurnad etter motoren, vil prisanefalla fort, for det er ei enkel maskin, ein motor som korkje lagarlyd eller vibrerer. Du kan setja ei tikrone på høgkantpå toppen, han blir ståande. Difor trur eg at i framtidavil eit hus ha våtrom og soverom og kjøkken...
-- Og maskinrom!
-- Eg kallar det energirom. Så enkelt er det. Men detteer ikkje aktuelt hjå oss før om 30 år. Såder har du 30-årsperspektivet til Johan Kallak.
-- Kan det koma før, om straumprisen held fram med åstiga?
-- Nettopp! Her går me og forbannar dei høge straumprisane.Men det er jo bra! For no blir det plass til nytenking. Og egomgåast slike alternative energiprodusentar, eg har detfaktisk uhyre spennande for tida!
Folkedjupet
Torgard Iversen har møtt mange oppfinnar-kollegaer.
-- Dei frittståande oppfinnarane finn du ofte heilt nedei folkedjupet, der mykje spennande går føre seg.Og der er mangt som ligg i skuffer og skap, seier han.
No skal det fram i lyset.
-- Oppfinnarforeningen jobbar i dag på fleire frontar. Einer å samla Oppfinnar-Noreg til eitt rike, få representasjoni alle fylke, og fanga opp all skapartrongen. Me arbeider ògaktivt for å nå ungdom i den vidaregåande skulen,med programmet FINNOPP. Når me får sving pådette, vil tilfanget bli endå større.
-- Kor stor er oppfinnarforeininga?
-- Me har om lag tusen medlemer i heile landet, eigentleg altfor lite. Me jobbar mot den einskilde oppfinnaren, så åseie i fyrste line. Akershus fylkeskommune har ytt god hjelp,slik at me kan ha eit lønna sekretariat på full tid.Så det er ganske fenomenale saker som er i kjømdaher no.
-- Du er samd i at oppfinnarane i Noreg har hatt dårlegekår, men no skal det altså bli betre. Er det slik?
-- Så avgjort.
-- Men næringslivet! Kor er det?
-- Næringslivet? Me held oss til dei aktørane memøter fyrst, som statens rettleiingskontor for oppfinnarar.Patentstyret er også godt å ha. Frittståandeoppfinnarar me møter har sjeldan kome så langt atdet er tale om bedriftsetablering.
Husløysa
-- Kva trur du om "Automax"-systemet til Johan Kallak,som løyser problemet med implosjon i forbrenningsmotoren?
-- Du, no snakkar me igjen om produkt, og det er livsfarleg. Menmedan du er inne på motorar... Kor lenge skal me trekkarundt med dette veiv-systemet? Har du tenkt på det? Deter jo det mest uøkonomiske overføringssystemet somer!
-- Har du eit betre alternativ?
-- Å ja! I lange banar! Men eg skal ikkje mista fleire huspå dette her, så eg går inn på andre område...
-- Du har ikkje lyst til å pantsetja meir for å få det fram?
-- Eg har ikkje meir. Alt eg har er pantsett allereie. Åfå lån er ikkje noko problem. Men å selja oppfinninga,det er noko heilt anna.
Difor må oppfinnarane skulerast, meiner Torgard Iversen.Han jobbar no med å skipa eit seminar for dei, med namnet NETTOPP. Nettverk for oppfinnarar.
-- Oppfinnarar er ofte folk som ikkje anar kva moglegheiter dei har til å marknadsføra seg. Og kva farar som lurernår dei eksponerer seg.
-- Dei ender opp som Petter Smart-ar og bygdeoriginalar i underhaldningsprogram på TV?
-- Nettopp. Somme kan ha nytte av media til å visa seg framfor spesielle aktørar. Men ikkje som klovnar! Har du noki hue, greier du det bra. Men det er det ikkje alle som har, diverre.Oppfinnarane må få betre kontakt med næringslivet.Det skal me gje dei.
Postindustrien
-- Er det nok å skulera oppfinnarane? I eit tid då Akers Mekaniske Verksted må vika for Aker Brygge?
-- Nei, hugs at me lever i det post-industrielle samfunnet. Somikkje er produktstyrt på same måten som det var --i fjor, hadde eg nær sagt. No er det marknaden som rår.Det er ingen som skal ha ein støvsugar no, dei skal haein spesiell støvsugar.
-- Eller ei spesiell vaskemaskin. Den norske vaskemaskina til Per Olaf Lundteigen?
-- Ja. Eg har veldig sans for Lundteigen. Eg har tru påat neste Stortingsvalet vil bringa godt nytt for oppfinnarane.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|