Dag og Tid nr. 48, 28. november 1996

Leiar:
Stortinget gjev, Stortinget tek

Så gjekk dei på ræva. Det "slagkraftige"alternativet til dei kommersielle fjernsynskanalane, "tilleggskanalen","avlastingskanalen", "ungdomskanalen", kanalensom vart krydra med så mange store ord at han måttebli ein fiasko; NRK to vart ein fiasko. Førre veke deisaheile det vaklevorne prosjektet overende fordi kringkastingssjefEinar Førde kutta 40 millionar kroner i NRK to-busjettet-- eit budsjett som allereie var så knapt at seriøsefjernsynsmakarar reiv seg i håret over det politikarskaptevanvitet.

For krisa i NRK to skuldast ikkje at NRK-leiinga optimistisk budsjettertemomsutgifter som inntekter, heller ikkje at overarbeidde programmedarbeidarargjorde ein så forferdeleg dårleg jobb, heller ikkjeat dei let den intellektuelle klovnen Erling Fossen sleppe tilmed infantilt sludder.

Nei, krisa i NRK to skuldast stortingspolitikarar som ikkje orkarå tenkje sjølv meir enn høgst nødvendig.Dei må iallfall ha hatt ein dårleg dag, den dagenStortinget vedtok at NRK skulle få opprette "avlastingskanalen"sin.

Innstillinga frå familie-, kultur-, og administrasjonskomiteenom NRK to er full av feite ord, og forslitne flosklar om den nyekanalen. Denne innstillinga er grunnlaget for vedtaket i Stortinget,og ein kan lure på kva det er som får dei folkevaldetil å gjera vedtak som er nøydd til å endesom fiaskoar:

"...målet med å skipe ein tilleggskanal er åkunne gje eit breiare tilbod og vere eit slagkraftig alternativtil dei kommersielle kanalane. Fleirtalet reknar med at bådebreitt populære program og tilbod for mindre grupper vertvektlagt på begge kanalane. Fleirtalet vil streka underkor viktig det er at kanalen blir drivi etter allmennkringkastingsprinsippetog at den programmessig skal vere eit supplement til dagens kanal."

På toppen av alt slo stortingskomiteen fast at "deter ei viktig medie- og kulturpolitisk oppgåve å sikreNRK gode rammevilkår i eit medielandskap som er merkt avaukande konkurranse."

Ein ting er at leiinga i NRK byggjer drøymeslott påvegner av eigen institusjon, noko heilt anna er at dei folkevaldepå Stortinget kjøper argumentasjonen så åseia utan motførestellingar og gjev kringkastingsleiingadet kringkastingsleiinga skrik seg til.

I dag ser vi resultatet. Og vi veit kva det fører til nårstortingsfleirtalet på tru og ære lovar å "sikreNRK gode rammevilkår i eit medielandskap som er merkt avaukande konkurranse."
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |