Dag og Tid nr. 48, 28. november 1996

Herbjørn Sørebø:
Å byggje regjering

Å byggje hus den store magesårprøva.Folk som set i gang med det oppdagar ofte først litt etterkvart kor mange små detaljar som må vere ordna førdet nye huset er til å bu i. Endå verre er det ånye opp att og modernisere eit gammalt hus. Etter kvart som einriv, oppdagar ein at ein bør rive og skifte ut endåmeir. Utvidar ein med eit tilbygg, så skal tilbygget ikkjeberre høve til det gamle huset å sjå til, detskal også vere praktisk i dagleg bruk saman med det gamle.Såkalla husmorvindauge i gamle bondehus er forskrekkelegedøme på kor gale det kan gå. StatsministerThorbjørn Jagland kom ikkje betre frå det dåhan skipa regjering og gav seg til å flikke på departementsstrukturen.Det var eit feilgrep å leggje Administrasjonsdepartementettil Barne- og familiedepartementet. Det kunne Nils Toland ha fortaltThorbjørn Jagland dersom regjerings-byggjaren hadde følgtvanleg folkeskikk, teke seg tid til ein liten telefonprat medden avtroppande statsråden og takka han for velgjort arbeid.

Det er mykje som tyder på at Thorbjørn Jaglandtok til i feil ende då han bygde om departements-strukturen.Han ville gjerne ha den gamle kameraten Terje Rød-Larseninn i regjeringa, eit verdsnamn som skulle gje den nye regjeringastørre prestisje. Men kvar skulle han plassere mannen?Utanriksminister var det både av personlege og politiskegrunnar ikkje aktuelt å skifte. Men å gjere han tilstatsråd i eit anna departement ville vere å ta hanmange steg ned på prestisjestigen, så det gjekk hellerikkje. Når det så ikkje var noko høveleg departement,var det ikkje anna råd enn å lage eitt. Terje Rød-Larsenvart plassert på ein taburett med litt høgre føterenn alle dei andre. I pressa vart han straks utnemnd til superminister.

Diverre kan det komme til å vise seg at taburettentil superminister Terje Rød-Larsen er feil konstruert.Vi har ein superminister frå før -- statsministeren.Fagstatsrådane har det politiske ansvaret på kvarsitt område, og det er der planlegginga skal skje. Det ergreitt nok at planane må samordnast, men planleggingsministeren,som vi vel må kalle han, kan ikkje overta det politiskeansvaret som ligg på fagstatsrådane. Det gjer ikkjedette tilhøvet greiare at Terje Rød-Larsen nåi tillegg skal bli administrasjonsminister og kjempe om kronenepå same måten som alle dei andre. Når superministerennå skal ha ansvaret for Administrasjonsdepartementet --som det altså viste seg forhasta å leggje ned -- liggdet nær å spørje om årsaka er at TerjeRød-Larsen praktisk tala ville stå utan noko departementå styre når han har levert frå seg den planavdelingahan har til låns av Finansdepartementet til arbeidet medlangtidsprogrammet. Nå skulle vi gjerne sjå den finansministerensom vil finne seg i å få nokon anna superministerover seg enn statsministeren. Det skal nok fort vise seg at detblir ved det gamle. Ein planleggingsminister kan planleggje ogsamordne, men kostar det pengar å få ei sak løysteller setje noko i gang, så veit ein kvar spørsmålethamnar. Annleis kan det ikkje vere heller.

Det er all ære verd at ein påtroppande statsministerprøver å tenkje nytt, og departementsstrukturen ersjølvsagt ikkje fastlagd ein gong for alle. Den måendrast når dei oppgåvene som skal løysasti samfunnet tilseier det, men endringane må vere gjennomtenkte.Eit departement er så mykje meir enn politikk. Det er såmange små hjul i det store hjulet, hjul som ein ikkje kanflytte eller fjerne utan at maskinen harkar og i verste fall gåri stå. Det er hundrevis av menneske som utfører sinedaglege oppgåver i eit system. Det skapte mange problemi starten då ei borgarleg regjering laga eit departementfor u-hjelp, som ein sa då, for å få ein nøkkelfor fordelinga av departement til å passe til partimønsteret.Det måtte ikkje vere tvil om kvar ansvaret for utanrikspolitikkenligg. Det er forståeleg at ein påtroppande statsministervil vise handlekraft frå første dag, men det kanbli for mykje av det gode.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |