Dag og Tid nr. 48, 28. november 1996

Film:
Vittig om Island

Islendingen Fridrik Thor Fridrikssons nye film "Coldfever" er ikkje så kald som tittelen kunne tyde på,men ein lun og småvittig film om Island i turistperspektiv.

Cold Fever
Regi: Fridrik Thor Fridriksson
Island 1996

-- Du kjem til å like Island. Alle gjer det.

Det får hovudpersonen i filmen, japanaren Atsushi Hirata,vite av ein medpassasjer på flyet på veg til Island.Hirata er ein ung forretningsmann som skal til nabolandet vårtfor å sørgje for at dei daude foreldra hans fårkvile i fred, etter gammal japansk skikk.

"Cold fever" rommar ein heil del fascinasjon for denrare vulkanøya og spelar også på eit mystisksamband mellom Island og vulkanøya på den andre sidanav kloten, Japan.

Blikket på Island er distansert. Filmen fortel om Islandgjennom turistauga til ein japanar, eit perspektiv som nødvendigviser eit anna enn Fridrikssons eige. Produsenten for filmen, amerikanarenJim Stark, har skrive manuskriptet saman med Fridriksson, og dåer det heller ikkje så rart at filmen ganske fort gjev tilskodarenassosiasjonar til Jim Jarmush. For Stark har produsert både"Stranger Than Paradise", "Down By Law", "MysteryTrain" og "Night on Earth", alle signert Jarmush.Stark går for å vere ein leiande figur innan det uavhengigefilmmiljøet i USA -- det vil seie produksjonsmiljøetutanfor dei store Hollywood-studioa. Han har ein finger med imykje, og under filmdagane i Oslo nyleg fekk vi sjå denoriginale dokumentarfilmen "Technological Pleasures"som Stark også har produsert. "Technological Pleasures"er så mykje av ein dokumentarisk godbit om den teknologiskerevolusjonen, at eg håper fleire får høve tilå sjå han, anten det er på kino eller TV.

Nordisk

Trass i det amerikanske innslaget har "Cold Fever" definitivtnoko nordisk over seg og rører seg litt i den same gatasom brørne Kaurismäki i Finland, elles åndelegefrendar av Jim Jarmush. Felles for desse filmkunstnarane er dyrkingaav "road movie"-genren, den episke reisa, der alle verdshjørneer speleplass, men med fokus på det nære og lokale.Dermed blir Island framstilt som ein plass i verda og i kontrasttil verda, og ikkje som ein isolert utkant der landegrensene erenden.

Det nordiske draget i denne forteljinga går kanskje mestpå måten å formidle humor og kulturelle særdragpå, og det er ikkje større forskjell på norskog islandsk kultur enn at det er mykje for oss å kjenneoss igjen i også. Det er mykje av det nære som lettblir komisk når ein berre tar nokre steg tilbake og vurdererdet på avstand.

Hirata kjem bort i mange rare menneske og opptrinn på vegentil elva der foreldra drukna sju år tidlegare. Dei flesteav dei er litt smårare og ganske underhaldande, men ogsåFridriksson hamnar enkelte gongar heilt i grenselandet til detsom blir litt for feitt til å svelgje.

Turistreklame

På eitt vis fungerer også "Cold Fever" somden reine turistreklamen, sidan det nettopp er det eksotiske,det som islendingane gjerne skryt av overfor utlendingar, somblir fokusert. Vi er innom dei varme kjeldene; vi får sjølvsagtsjå mykje av den særeigne naturen; vi blir presentertfor islandsk mat- og drikkekultur (smalahove, værtestiklarog nasjonalbrennevinet Svartedauden); og vi får ei innføringi islandsk mystisisme.

Eg har diverre gått glipp av tidlegare filmar av Fridriksson,men etter å ha sett "Cold fever" skjønareg godt at desse filmane har hausta mykje heider. Og medan "ColdFever" no kjem opp på kinoane i Noreg, er Fridrikssonalt i ferd med å leggje siste hand på den nye norsk-islandskesamproduksjonen "Djeveløya" som får premiereallereie på nyåret.

Ein liten ting stussa eg på medan eg såg "ColdFever"; mesteparten av dialogen er på engelsk og tekstatil norsk, men der dialogen er islandsk, må vi klare osspå eiga hand. Det kan vere ørlite irriterande forein nordmann som nesten får med seg dei islandske replikkane,men på den andre sida forstår jo hovudpersonen vårendå mindre enn oss. Så hamnar vi på eit visi same båt som han; som turistar på Island.
Hallvard Østrem

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |