Dag og Tid nr. 48, 28. november 1996

Bokmelding:
Ein amerikansk semtrumsekstremist

For våre heimlege sentrumsekstremistar skulle det veramykje å henta i "Elitenes opprør og sviket motdemokratiet" av Christopher Lasch, skriv Hans Marius Hansteen.

Christopher Lasch
Elitenes opprør og sviket mot demokratiet
Oms. av Kari og Kjell Risvik
Pax

"Du skal reise deg på bussen for sinte gamle menn,"
heiter det i sangen. Då Christopher Lasch døyddei 1992, var han 61 år, ikkje særs gammal, altså,men heller ingen ungdom. Men sint var han, iallfall om ein skaldøme etter siste boka hans, Elitenes opprør ogsviket mot demokratiet. Meldaren reiser seg. Det er verd åfå med seg det Lasch har på hjartet, også omein har vanskar med å slutta seg til meiningane hans. Dentypen polemikk forfattaren utfaldar, siktar vel i grunnen mindremot å vinna tilhengjarar enn å setja saker i fokus."Demokratiet i vår tid er mye mer truet av likegyldighetenn av intoleranse. Toleranse og forståelse er viktige dyder,men de må ikke bli et påskudd for apati." (side96) Kva er det så boka handlar om?

Frå utopi til parodi

Ei gjennomgåande problemstilling er omforminga av den amerikanskedraumen frå utopi til parodi. Førestellinga om "theself-made man" var etter gammalt knytta til førestellingaom eit samfunn av sjølvstendig næringsdrivande somgjennom allsidig arbeid og deltaking i det offentlege livet utviklapraktisk dugleik og statsborgarlege dygder. Med industrialiseringai siste halvpart av 1800-talet kom desse ideala under sterkt press:Kontinentet var erobra og lønsarbeidet vart livsskjebnefor stadig fleire, ikkje ei læretid og ein mellomstasjon.I tida etter andre verdskrigen får den amerikanske draumeneit nytt innhald: Ideen om "sosial mobilitet", altsåat det skal vera mogleg å arbeida seg opp og fram. At sosialmobilitet vert sett lik med demokrati, er ein viktig faktor idet sviket Lasch skriv om.

Det som ein gong var ein likskapsideologi vert ein ideologi forrettferdiggjering av ulikskap. Men demokratiet kan ikkje fungeramed for store sosiale skilnader, slår Lasch fast. "'Tilbaketil det vesentlige' kunne bety at man vender tilbake til klassekampen(ettersom det er nettopp det som våre eliter forkaster somhåpløst foreldet), eller i det minste til en politikkhvor klasseforholdene blir det altoverskyggende. De elitene somanslår tonen i amerikansk politikk -- om de så måttevære uenige i alt annet -- vil ha felles interesse av åholde klassespørsmålene ute av politikken."(side 101) Insisteringa på klassespørsmål ergjennomgåande i boka. Nokon sosialist er Christopher Laschlikevel ikkje. Den klassekampen Lasch er oppteken av, er mellomøvre og nedre mellomklasse. Sjølvsagt er det einkamp om ressurssar, men like mykje er det ein kamp mellom ulikelivsstilar og livshaldningar. Kampen mellom arbeid og kapitalglimrar med sitt fråvere i denne boka. Det er i ogfor seg ikkje noko påfallande i våre dagar, men seierlikevel noko om grensene for perspektivet.

"Populist"

Sjølv kallar Lasch seg "populist" -- noko somi denne samanhengen ikkje har noko med demagogi å gjera,men heller er ein likskapsorientert, patriotisk tradisjon. Meddenne nemninga vil han òg halda avstand til "kommunitaristane",ei brei rørsle for opprusting av samfunnsmoralen som hargjort seg gjeldande i USA dei seinare åra. (For ein introduksjontil kommunitarismen, sjå siste nummer av Samtiden,eller betre: siste nummer av det danske Kritik, (nr 122).)-- Grovt sagt er ein kommunitarist ein liberalar som har oppdagadet liberale dillema, altså at "når dei liberaleprinsippa vert sett absolutt, forvandlar det heile seg til absoluttilliberalitet", som Skjervheim sa i 1967. Lasch og kommunitaristaneser dei same symptoma på oppløysing av det nordamerikanskesamfunnet, men slik Lasch ser det, lukkar kommunitaristane augenefor klassespørsmåla, samstundes som dei overvurderervelferdsstaten.

Sjølv ser han ut til å ha meir tru på lokalsamfunnet,og vel å merka eit lokalsamfunn som er i stand til åfungera som politisk, og ikkje berre sosialt fellesskap.Det største trugsmålet mot dette, er på einesida (den øvre) mellomklassen sin privatiserte forstadslivsstil,på andre sida at dei uformelle, offentlege møtestadene-- kafeear, parkar og gater -- forsvinn, vert kommersialiserteeller folketome. For "dei tredje stadane", som han kallardet (ikkje privat, men ikkje formelt), er sjølve vokstergrunnenfor politisk kultur og statsborgarlege dygder.

"De nye elitene føler seg bare hjemme i transitt,underveis til store og viktige koferanser, til den storstilteåpningen av en ny firmakjede, til en internasjonal filmfestivaleller til et uoppdaget ferieparadis. Deres verdensbilde er i altvesentlig turistens -- et perspektiv som ikke er særligegnet til å fremelske et lidenskapelig engasjement for demokratiet."(side 13)

Mykje å henta

Noko av fascinasjonen ved bøker om Amerika, bortsett fråat det har eksistert og eksisterer "amerikanske draumar"i resten av verda også, er at USA og Vesteuropa er såpasslike at dei er lette å samanlikna, og samstundes såulike at samanlikning gjev kontrast.

I ei tid då utviklinga i politikk og arbeidsliv er i retningav "amerikanske tilstandar" også på vårekantar, er ein rapport frå USA av særleg interesse.For våre heimlege sentrumsekstremistar skulle her vera mykjeå henta -- og det er vel heller ikkje fritt for at ein ogannan "akademisk pseudoradikalar" kan kome til åverta provosert.

Hans Marius Hansteen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |