Dag og Tid nr. 48, 28. november 1996

Bokmelding:
Frå livskraftig jentunge til "snerpetgammel dame"

Ragnhild Nilstun gjer ikkje lesarforventningane til skammemed romanen "For mitt blikk".

Ragnhild Nilstun:
For mitt blikk.
Aschehoug

Ei lita jente mister far sin og opplever dermed at heimen bliroppløyst: Ho blir sett bort til andre. Det er tanta oglærarmannen hennes som tar til seg Anna; mora har korkjeøkonomisk eller menneskelig evne til å ta seg avdotter si. Hos den magre, gnitne tanta veks ho opp til ei ungkvinne som har eit stort mål for auget: å bli sjølvhjelpt,å bli personlig uavhengig av andre.

1800-talet

Det er eit levande bilde Ragnhild Nilstun teiknar av fattigjentamed det fornemme namnet Anna Margrethe Leonore Figenschou og samfunnetikring henne. Ein av dei sentrale plassane har kyrkja som fordømmandeinstans i klassesamfunnet, der samane er plassert lengst nedepå rangstigen, og pengemakta rår.

Rammene for handlinga er Nord-Noreg sist på 1800-talet,og tid- og stadkoloritten er overbevisande. Vi møter embetsmannsfamiliender jentene må gi avkall på bokinteresssene sine,mens guten blir hjelpt fram som student, både praktisk ogøkonomisk. Vi møter overklassefruene som finn detnaturlig å ha langvarig gjeld til sydama si. Men førstog fremst følgjer vi Anna og kampen hennes for sjølvstende,frykta hennes for svakheit, ikkje minst i forhold til det andrekjønnet.

Kvinneverd

Ragnhild Nilstun har valt ein interessant komposisjon av boka.Innleiingsvis introduserer ho eit forteljar-eg som er oldebarnettil Anna og brukar oldemora si historie til å prøveå skape faste haldepunkt i si eiga tilvere. Denne oldemorhistoriablir så formidla av ein tredjepersonsforteljar som er allvitandeog står utanfor forteljinga. I noen kapittel har den vaksneAnna sjølv ordet, og nå og da diskuterer den gamle(oldemora) og den unge (dotterdotterdottera) det som blir fortalt,og kva det betyr. I mangt og mye er det ei kvinneverd som herblir framstilt, men ei verd der det kanskje mest kvinnelige avalt, ein fødsel, står i eit grelt lys.

Flyktar frå fortida

For mitt blikk
er ein roman om eit barn som veks opp fråå sakne mor og sysken, til å bli eit rakrygga, anstendig,pliktoppfyllande menneske, men eit menneske som samstundes flyktarfrå fortida og frå nære band til omverda. Gjennomromanen veks dette mennesket fram for oldebarnet sitt blikk såvelsom for lesaren.

Ragnhild Nilstuns rike miljø- og barneskildringar har vivorte kjende med tidligare, ikkje minst gjennom samlinga Begjæretspris og andre noveller frå 1988. Lesarforventninganevart på ingen måte gjort til skamme med åretsroman.

Randi Brenden


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |