Dag og Tid nr. 48, 28. november 1996

Ateisme:
Utan gudsladd pistol

-- Sjølv om folk ikkje kallar seg ateistar, innrettardei seg som om dei er det. Guds-trua er anten frykteleg abstrakt,ho finst ikkje, eller folk tek ho fram i nødsfall. Folkhar gjerne ein gudsladd pistol i skrivebordsskuffa. Kjem dei oppi ein forferdeleg nødssituasjon, trekkjer dei pistolen-- og ropar Gud!

OTTAR FYLLINGSNES

Seier forfattaren Åsmund Forfang. Etter å ha gjeveut ei rekkje skjønnlitterære bøker, kjem handenne hausten med boka "Ateisme" -- som er ei skjønnlitterærtilnærming til nettopp dette temaet. Ein norsk ateist møterei sterkt truande irsk kvinne. Den vesle boka er ein dialog mellomdesse to, med hovudvekt på synspunkta til ateisten.

Den første

"Ateisme" vert lansert som den første boka pånorsk som gjev ei innføring i gudløysa, ikkje-trua.Rett nok har Humanist forlag gjeve ut publikasjonar som gjev innføringi verdsleg livssyn, men dei har ikkje brukt omgrepet ateisme.Også i skandinavisk samanheng er ei bok om ateisme eit særsyn.På dansk finst rett nok "Ateisme -- et livssyn utengudstro", men elles skal Forfangs bok vera den einaste.

-- "Ateist" har vore eit negativt ladd ord. I stadenhar ein brukt andre ord som agnostikar eller humanetikar. Ateismehar vorte sett på som noko provokativt eller aggressivt,meiner Forfang. Han viser til at det finst norske bøkermed ei framstilling av livssyn utan gudstru, men dei er bygdepå vitskapens verdsbilete.

-- Det har ikkje vore mitt mål med boka. Eg har istaden skrive ateismens idehistorie. Boka er ikkje noko forsøkpå å frelsa eller avfrelsa folk. Eg har ikkje interesseav å konkurrera om folk på livssynsmarknaden. Eg ønskjerå fortelja ærleg og reieleg om ateismen utan åty til overtydingskrafta. Sjølv om det er ateistrøystasom dominerer, er det utan agg til den religiøse kvinnelegepersonen i boka. Argumentasjonen legg ikkje opp til å fåkvinna bort frå trua.

-- Kvifor har du skrive boka viss det ikkje er for åpåverka?


-- Eg er ingen brennande ateist. Ateismen er berre eit faktumi livet mit; eitt av om lag ein million andre faktum. Men ateismeer eit viktig tema som ikkje er framstilt på denne måtenfør. Anten har ateismen vorte framstilt av folk som erute for å konkurrera på livssynsmarknaden, eller avfolk som er ute i opprør mot kyrkja. Eg har til dømesikkje sans for Arnulf Øverlands argumentasjon for ateismen,sjølv om han var ustyrteleg morosam. For Øverlandvar det viktig å vanheilage alt det heilage. Han ville rivaned. Boka mi er i staden eit forsøk på å gjeragreie for historia til den 2500 år gamle ateismen. Såreieleg eg kan, prøver eg å fortelja om kor greittog ugreitt det er å vera ateist. Det er ikkje trist, menkanskje er det litt trist å vera ateist!

Avguda

-- I dag er det ingen som trur at sola, stjernene og klotane erstyrte av Guds hand, men før var dette ein del av gudstrua.Berre svært få trur at det som ein gjer i kvardagen,uroar Gud. Eigentleg er me så avguda som det me kan verta,men folk flest vik likevel tilbake for å definera gudstruaut av livet sitt. Dei vil ha ho i tilfelle det skulle skje noko.Sjølv overtydde humanetikarar seier at dei ikkje veit forvisst -- om det skulle gå riktig gale for dei. Det ereit presist uttrykk for det som nordmenn tenkjer og følerom det guddommelege.

-- Eg trur også at det er ein frykteleg sterk trong i folktil å ikkje ta noko avgjerande brot med tradisjonen. Melever i ein kristen kultur, og folk ønskjer ikkje åbryta med denne kulturen. Dei ønskjer å leva i einkontinuitet kulturelt sett. I Noreg lever det i dag ureligiøsefolk i ein religiøs kultur.

Motstraums

-- Sjølv har eg ikkje noko interesse av å kjempafor at dei religiøse uttrykka skal fjernast frå kulturenvår. Kvifor skal dei det? Eg har ikkje noko titanisk prosjektsom går ut på avkristna kulturen vår, men egønskjer å bevisstgjera om at me lever i ein underlegsituasjon der me ikkje kalkulerer med Gud. Den sinte, aggressiveateisten vil sjølvsagt seia at me lever på ei livsløgn.Eg vil ikkje kalla det livsløgn, men heller ein stor fiksjon.

-- I all den mystisismen som finst i dag, må ei bok omateisme vera eit motstraums-prosjekt?


-- "Ateisme" er ein reaksjon på alt svermerieti vår tid. Innanfor den alternative kulturen finn ein alt;frå det fornuftige til reinkarnasjon og all slags mystisisme.Du kan kjøpa bøker om alle emne på alle språk,men skal du ha ei bok om ateisme, har ho ikkje vore å fåpå norsk.

Inspiratorar

Forfang meiner at ateismen har hatt mykje å seia for utviklingaav kulturen vår. Tankane til den gamle grekaren, ateistenDemokrit, hadde innverknad på kyrkja.

-- Ateistiske idear har sprunge ut av kristne tankegangar. Heiltfram til 1600-talet var dei kristne filosofane dei størsteinspiratorane for ateistiske filosofar. Descartes hadde til dømessom metode å trekkja alt i tvil. Ingen ting er sant utanat det finst bevis på at det er sant. Han var den førstesom flytta all bevisbør over på mennesket. OgsåKant, Hegel og Spinoza har vore hovudinspiratorar for ateismen.Difor er ikkje ateismen ein tradisjon på sida av den kristnetradisjonen, men det er så å seia høgre/venstre-handatil denne tradisjonen. Sånn sett er ikkje ateismen eit brotmed vår tradisjon, men ein del av tradisjonen i all fallfrå 1600-talet og utover. Etter mi meining er det to uttrykkfor den same tradisjonen. Kanskje bør me seia at me leveri ein kristen og ein ateistisk tradisjon?

Ateistisk rørsle

-- Er ei bok om ateisme framleis i stand til å provosera?


-- "Ateisme" er ikkje meint som ein provokasjon.

-- Er det behov for ei norsk, ateistisk rørsle?


-- Ateismen er berre ein liten flik av meg. Det er andre tingsom opptek meg meir når eg ser på verda og omgjevnadene.Rett nok augnar eg ikkje noko guddommeleg, og det vil eg ha tilfelles med andre ateistar, men det er relativ mager kost åsamla seg om. Ein kan ikkje samla seg om det ein ikkje har. Einmå samla seg om det ein har. Eg definerer ikkje ateismenmin som eit engasjement. Engasjementet her i verda har eg påandre frontar. Eg ville ikkje ha meldt meg inn i ei ateistiskrørsle. Ei slik rørsle ville eg ha sett påmed mistenksame augo. Trass i at ateistar har noko felles i detsom ikkje finst, kan eg ikkje forstå at dei har noko fellesutover det. Eg ville nok ha opplevd ei ateistisk rørslemed læresetningar og ritual som nokså absurd.

-- Er religionen for dominerande i dagens norske samfunn?


-- Det er på sin plass at ungane vert opplærde i denreligiøse tradisjonen. Av di statskyrkja er med ådra kyrkja i ei verdsleg retning, er eg for henne. Prestane harogså ei verdsleg rolle ved sida av gudsdyrkinga. Dei kanbruka religiøse ord og omgrep som vert meiningsfulle forureligiøse folk som er i krise. I den grad samfunnet erprega av ein ekte, oppriktig religiøsitet, har eg vanskarmed å seia at me skal ha mindre av det.

Skilnaden

-- Det både finst og har funnest ateistiske religionar;det vil seia religionar som ikkje har ein gudsfigur, men som harein heilag dimensjon. Det mest typiske dømet på deter jainismen i India, som var ein viktig religion fram til år1000, men som no er liten med fire-fem millionar tilhengarar.Det er ein erklært ateistisk religion som byggjer påsjelevandring og frelse utan Gud. Det same gjeld ein stor delav buddhismen og ein viss del av hinduismen. Det er ei typiskvestleg oppfatning at religion og gudsdyrking er det same, menden viktigaste definisjonen på ein religion er at livssynethar ein heilag dimensjon som gjev meining i tilværet. Detsom skil religionen og ikkje-religionen er ikkje trua påGud, men trua på det heilage.

"Noko"

Forfang meiner at folk sjølv har skapt gudane og gudstruafor å tilfredsstilla sine inste behov.

-- Det er ikkje så viktig for meg å hevda at Gud ikkjefinst, men eg kan ikkje forstå at det finst noko som gjerdet meiningsfylt å bruka dette ordet. Det er ufatteleg formeg kva det kan vera.

-- Noko må liggja bak alt?


-- Det er opplagt at det finst noko som vi ikkje kjenner til, men å kalla det Gud, er ikkje opplagt. Noko mårett nok ha kome først, men når me seier at dette"noko" er Gud, og at Gud har samband med oss, er me"far out" med ein gong.

-- Du forkastar Gud, sjela og reinkarnasjon?


-- Eg kan ikkje sjå at det er meiningsfullt å brukaslike omgrep. Eg ser på det som tomt snakk, seier ÅsmundForfang.

Tilbakegangen

Han viser til tilbakegangen for kristendommen her i landet.

Midt på 70-talet svara 72 prosent at dei trudde påGud. 22 prosent svara nei, og sju prosent visste ikkje. For nokreveker sidan kom resultata frå ei ny undersøking.Berre 37 prosent svara at dei trur på eit liv etter døden.Det er første gongen mindre enn 50 prosent svarar ja pådette spørsmålet.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |