Dag og Tid nr. 46, 14. november 1996
Barnebøker:
Tor Åge Bringsværd --Brumlebamsen i Hølen
--Det er ikkje tvil om at Bill Watterson, som laga Tommy og Tigern, er blant dei viktigaste amerikanske forfattarane i dag, seier Tor Åge Bringsværd, Ole Brumm-elskaren som er medlem nr. 1 i Venner av Nøff.
--Men litteratur skal helst vere bunden inn i stiv perm. Eg trur det etablerte kultursnobbvesenet er håplaust fortapt.
TEKST: JOHANNE LANDSVERK
Som ein stor, godsleg bamse sit han i stolen sin i det vesle, gule skrivarhuset i Hølen. Her, i ein liten, bortgøymd Kardemommeby i Vestby i Akershus, bur Ole Brumm og venene hans. Frå bokhylla tek forfattarenfram boka om tigergutt, som han skreiv saman med teddybjørnen Brumle i 1991.
--Sjå her, dette er ei viktig bok, seier Tor Åge Bringsværd, og signerer andektig boka med helsinga: worraworraworraworraworra.
For ei natt vart Ole Brumm vekt av denne underlege lyden: worraworraworraworraworra.
Bringsværd elskar Ole Brumm. Og sin eigen gamle Brumle, som er eitt år yngre enn han, kjøpt i 1940 heime i Skien.
--Men eg er ikkje ein slik ein som tøysar med andres bamsar, altså!
Årbok for Ole Brumm
Forfattaren Tor Åge Bringsværd har omsett A.A. Milnes to Brumm-bøker til norsk, saman med Marianne Koch Knudsen. Kvart år redigerer han Brummboken, ei årbok for vaksne, der forfattarane driv seriøs forsking på Ole Brumm. Mellom anna blir detektivmetodane til Brumm samanlikna med metodane til Sherlock Holmes, og eventyraren Brumm, som er berømt for å ha funne Nordpålen, vert samanlikna med Roald Amundsen.
Kvart år blir den 14. oktober feira, datoen då den fyrste Ole Brumm-boka kom ut i England.
--Den dagen kjem det ut ei ny årbok, og samtidig blir Ole Brumm-prisen delt ut, fortel Bringsværd som kan snakke i timevis om Ole Brumm.
--Dette er skikkeleg alvor, dette er ikkje noko tull. I år var det Simon Flem Devold som fekk prisen.
Ikkje elefantar, men heffalumper
Det var med boka Tigergutt kommer til skogen og spiser frokost at alt begynte. Bringsværd oppdaga at det hadde skjedd noko med Ole Brumm-bøkene. Den første som omsette Ole Brumm til norsk, var Rikka Bjølgerud Deinboll i 1932. Den andre boka vart omsett av Mathilde Oftedal på 40-talet.
--Thorbjørn Egner forkorta dei to Brumm-bøkene, han måtte kutte i teksten for at det skulle passe inn i Barnetimen for dei minste, fortel Bringsværd.
--Men dermed forsvann omtrent 20 prosent av kvart kapittel, og dessverre kom desse ut i bokform. Difor hadde vi lenge ufullstendige og forvirrande utgåver. Egner opererer for eksempel med elefantar, når det er snakk om heffalumper, og det er noko heilt anna! Og det er slett ikkje røyskattar det handlar om i bøkene, men vissler og vussler. Dei originale Ole Brumm-bøkene er mykje rikare, og framfor alt er dei lengre!
--Vi er veldig arrogante overfor ting som liksom er for barn i dette landet. Det er sørgjeleg, for mange bøker er møteplassar der barn og vaksne kan finne kvarandre. Det gjeld for eksempel Astrid Lindgrens ogTove Janssons bøker, og først og fremst dei to OleBrumm-bøkene. Dette er litteratur for alle aldrar. Når eg seier at årboka mi er for vaksne så meiner eg eigentleg at ho er for barn. Og helst for dei barna som er blitt så store at dei er blitt foreldre.
Bringsværd vil ikkje setje noko skilje mellom vaksenbøker og barnebøker.
--Eg ser på bøkene som møte staderfor menneske, eg har aldri sett på ei bok som bare ei barnebok. Om ein tenkjer på bøker for fireåringar, så er det i alle fall to personar som les boka, han som les høgt, og han det blir lese for. Og boka bør vere for begge to. Bøker bør ha fleire plan.
Rett form på ideen
Bringsværd er ein utruleg produktiv forfattar, alltid har han ulike ting på gang. Han skriv ei mengd skodespel, både for barn og vaksne. Førre veke var det premiere i Valdres på skodespelet Mowgli, ein fri versjon av Rudyard Kiplings Jungelboken.
--Eg tenkjer heile tida: Kva passar ideen min til? Ein roman, ei biletbok, TV eller radio? Eg er nok heldig som har ein del media å velje mellom.
Tor Åge Bringsværd har nett gjeve ut ei biletbok saman med illustratøren Hilde Kramer, Dehellige tre narrer.
--Den boka kunne like gjerne ha vore ei novelle.Det er ei bok som også passar for vaksne. Eg leitar alltid etter kva som er den rette forma for ein idé. Eg trudde De hellige tre narrer skulle bli eit skodespel, og eg skreiv sikkert 30-40 sider som eg bare kasta. Men eg fann ut at det var betre for ideen å skjære historia ned til beinet. Og fordi eg synest det var rett å tenkje visuelt teater, var det naturleg å velje biletbok.
--Korleis kjem du på alle ideane dine ?
--Nei, det er ikkje vanskeleg. Det er verre å finne rett form på dei. Verda er full av idear. Ein kan jo bare sjå på Dagsrevyen så blir einproppfull av idear, og eg har alltid tenkt på korleis det då ville gå, om det skulle skje, eller det...
Då Tor Åge Bringsværd var liten og høyrde eit eventyr eller såg ein film, tenkte han alltid på korleis det ville gå seinare.
--Kva hende etterpå? Korleis gjekk det med Oskeladden og prinsessa? Fekk dei barn? Og eg har alltid vore uroleg for alle som blei forvandla til mus og rotter i eventyra, fortel han.
--For korleis var det å leve resten av livet som ei rotte når ein tidlegare hadde vore kusk ved eit stort ball og kjørt på flotte damer? Eg har alltid tenkt på denne måten, det var vel det som gjorde at eg blei forfattar.
Trur på boka
--Ein dag begynte eg å tenkje over dei tre heilage kongane, at dei kan ikkje ha reist aleine. Dei hadde sikkert svære følgje med seg, mange elefantar, hundar, tenarar og soldatar. Og kanskje kvar av dei hadde ein liten hoffnarr?
De hellige tre narrer er tileigna dei gode naboane i Hølen, som kvart år samlast for å feire helligtrekongersdag.
--Vi møter fram på torget kledde ut som hyrdar, sauer, kamelar og ørkenvandrarar, seier forfattaren.
--Du kan sjå bilete av oss på heimesidene mine på internett!
Bringsværd arbeider mykje ved dataskjermen, sjølv om han også kladdar ein del for hand. Han kunne godt tenkje seg å leggje alle bøkene sine ut på internett, han er ikkje redd for at datautviklinga vil øydeleggje for boka.
--Dei som bør vere mest redde for data, er TV-folk. Den tida mange brukte til å sjå TV brukar dei nå til å sitje og trykkje på datamaskina, seier han.
--Eg trur barneboka vil overleve, eg har tru på bøker i det heile. Bøker er eit hendig, pent og vakkert lite medium. Men eg trur ikkje på dei store opplaga.
Illustrerte barnebøker
De hellige tre narrer er ei svært vakker biletbok, der Hilde Kramer er meister for teikningane. Bringsværd arbeider ikkje så tett saman med illustratørane sine.
--Eg trur på å arbeide så fritt som mogleg, seier han.
--Først må ein finne eit menneske ein er på bølgjelengd med. Når eg har valtk ven som skal lage bileta, ønskjer eg å stille dei fritt. Elles blir det bare ein illustrasjon av min tekst. Men det skal vere to likeverdige arbeid, eit møte mellom tekst og bilete. Eg har veldig respekt for Hilde Kramers måteå tenkje bilete på.
Kvart år skriv Bringsværd tre bøker om Karsten og Petra, som er illustrerte av Anne Holt. Desse biletbøkene handlar om kvardagen.
--Eg synest det var moro å lage ein serie for barn i fireårs- alderen, som skal handle om enkle ting frå kvardagen deira og frå livet i barnehagen.
--Så du skriv pedagogiske barnebøker òg?
--Nei, eg tenkjer ikkje slik. Eg fortel ei historie, og den historia fortel eg mest for meg sjølv. Alltid skriv eg om det eg sjølv er oppteken av. Eg er så nysgjerrig, eg lurar på så mange ting.
Norsk barnelitteratur
Bringsværd synest biletbøkene i Norge ligg på eit høgt nivå.
--Den norske barnelitteraturen er veldig god, og det har han vore lenge, meiner han.
--Men det er dumt at den vaksne, arrogante verda ikkje ser kva som skjer på den fronten. For ei bilet boker også ei kunstbok. Men her herskar noko av den same snobbismen som gjorde at alt spennande som skjedde med for eksempel plateomslag, ikkje blei lagt merke til av det kunstelskande publikum. Det som ikkje skjer i eit galleri, det skjer ikkje.
--Og teikneseriane har alltid gått dei etablerte kultursnobbane hus forbi. Det er ikkje tvil om at Bill Watterson, som laga Tommy og Tigern, kanskje er den viktigaste amerikanske forfattaren i dag. Men når tek ein slikt seriøst? Litteratur skal vere bunden inn i stiv perm. Og det skal stå tydeleg utanpå at han er for vaksne.
Kultursnobbane
Tor Åge Bringsværd er verkeleg opprømt når han snakkar om den manglande forståinga for barnelitteraturen. Det som skjer i Norden, meiner han rett og slett er uhyggeleg. Om ein fyrst tek til å tenkje over det...
--Tenk på Astrid Lindgren og Tove Jansson, som ikkje ein gong har blitt nominerte til Nordisk Råds Litteraturpris. For er dette litteratur, då? Eg synest deter grotesk at Astrid Lindgren aldri har vorte nominert. Begge desse jentene burde jo få prisen så lenge dei lever. Alle andre kan vente.
--Eg er pessimistisk realist på slike ting. Men det nyttar ikkje å gå rundt og jamre. Og blir ein for oppteken av det, så rekk ein ikkje anna. Eg vil heller skrive enn å drive misjon. Eg trur nemleg deter få fengt å prøve å forandre noko. For dei eg ropar til er døve. Eg trur det etablerte kultursnobbvesenet er håplaust fortapt, ein kan ikkje gjere noko med det.
--Du er oppteken av den norske barnelitteraturen. Kva med alle dei utanlandske seriane på fjernsynet?
--Det er fint at ein er open for ting utanfrå, men det eg er imot er denne nasegruse beundringa overfor alt utanlandsk. Eg har alltid meint det har vore komisk med alle dei norske som syng på amerikansk, det er noko patetisk og rørande med slike Tina Turner-kopiar frå Hønefoss og andre stader, det er noko hjelpelaust rørande ved det. Men eg vil ikkje fordømme dei.
--Eg vil ikkje bli misforstått, eg som har nemnt Tommy og Tigern som eit av dei viktigaste kulturbidrag i vår tid. Serien er jo amerikansk!
--I Norge er vi ikkje like opne overfor alle kulturar, som for eksempel spansk eller Sør-Amerikansk litteratur. Men vi er heilt opne for alt som kjem frå USA, TV-kanalane sender gamle amerikanske filmar heile tida. Vi er på ein måte alt koloniserte. Det uhyggelege er at den amerikanske kulturen etter kvart blir våre røter. Det vi hugsar, er gamle rockeplater og amerikanske filmar, medan vi har kvitta oss med mykje av det norske. Dette heng sjølvsagt saman med det sterke mindreverdskomplekset vi har i dette landet.
Dei norrøne gudane
Tor Åge Bringsværd har opna ei ny verd for norske barn, i dag har ungane kunnskapar om Frøy og Frøya, om æser og vaner. Serien Vår gamlegudelære på tolv bind er rikt illustrert, eit bokverk han tidlegare har fått fleire prisar for. I år fekk Bringsværd Kulturdepartementets fagbokpremie for serien. Boka Den enøyde, som kom ut i år, er ei samla tekstutgåve av serien.
--Dette med norrøn mytologi er ein del av våre røter, som vi på mange måtar har mista kontakten med. Det heng også saman med dette eineståande mindreverdskomplekset vårt. For det er gjerne den greske mytologien som har blitt dregen fram, dei greske mytane er veldig danna og fine. I tillegg har kyrkja hatt trøbbel med den norrøne gudelæra, kyrkja har valsa over det, alt var bare svart heidendom.
--For meg har dette vore spennande historier heilt frå eg var barn. Det som irriterte meg, var at forteljingane ikkje hang saman. Eg ønskte å setje delane saman til ei samanhengande historie, slik at dei forklarar kvarandre. Det er stort sett ein del tilfeldige kvad som er bevarte. Men det har sikkert vore så mykje meir, forteljingar som bare er blitt borte. Gudane eg skriv om, er så unge, tenk at verda vart skapt av ungdomar!
Mytar og eventyr
Tor Åge Bringsværd er kjend som ein banebrytar innan science-fiction-litteraturen her i landet, ikkje minst har han omsett mykje utanlandsk litteratur av denne typen saman med Jon Bing.
--For meg er dette bare ei forlenging av eventyra, seier han.
--Heile måten min å tenkje på er bygd opp av bilete, vi bruker jo alle bilete og omskrivingar når vi skal tenkje.
Bringsværd har laga ei mengd fantasibøker og eventyrbøker.
--Eventyra fortel ikkje bare om at detvar ein gong, men om kvar gong --om veldig aktuelle ting. Eg trur ofte at eventyra gjev oss den naudsynte avstanden vi treng for å sjå vår eigen kvardag, vår eigen røyndom. Fablar og likningar hjelper oss til å sjå det vi står oppe i. Ein må ta nokre steg vekk for å få litt avstand til ting, for då ser vi klarare kva vi driv med.
Det reine språket
Den produktive forfattaren skriv minst to sider kvar dag. Ikkje så mykje, meiner han, for han gjer då ingenting anna! Han er ein ordkunstnar, og strever alltid etter det nakne, reine og stiliserte språket.
--Eg synest det er veldig viktig å vaske språket, fjerne mange Blindern-spor, spor etter framandord som ikkje tyder noko. Det er viktig å fri språket frå intellektuelt pjatt. Eg ser på språket som noko veldig musikalsk. I musikk er pausane like viktige som tonane. Opphaldet mellom tonane er viktige, og slik er det òg med språket. Ein vel ein rytme, ein smakar på det, og det skal svinge. I staden for å skildre ein som græt medmange ord og tårar og snørr som renn, kan ein i staden skrive: Hun gråt. Då ligg gråten hjå lesaren.
--Skriv du eit annleis språk for barn enn for vaksne?
--Nei, eg brukar same språket overfor alle menneske. Eg trur det var fint for meg at eg begynte tidleg å skrive såkalla barnebøker. Barn er like intelligente som vaksne, dei har bare færre opplevingar. Dei har ikkje lært kva dei vanskelege orda tyder, og deira ord er meir menneske-ord. Kva skal vi eigentleg med alle desse intellektuelle tillærte floskel-orda som vi går rundt og bløffarmed?
Tor Åge Bringsværd har vore forfattar omtrent heile livet. Han har prøvd å arbeide i radio og i forlag, men fann fort ut at han måtte prioritere skrivinga. Kvar dag gler han seg til å gå på arbeid i det vesle, koselege huset i hagen.
For innanfor døra ventar Ole Brumm, Tor og Odin og alle dei andre venene hans.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|