Dag og Tid nr. 46, 14. november 1996

Teater:
Når dokkene speler best

Oslo Nye Teater:

Askeladden og de gode hjelperne
av Axel Hellstenius
Regi: Petter Næss
Scenografi: Per Kristian Solbakken
Dokker: Kari Noreger

Dokketeatret ved Oslo Nye er ein kvalitetsinstitusjon.Det har dei bevist meir enn ein gong. Når dokkespel og vanleg spel skal kombinerast, som det er gjort i “Askeladden og de gode hjelperne”, blir det kraftige krav til dei som skal valse rundt i levande live.

Det er ingen tvil om at dokkene tar prisen i eventyrframsyninga, som på dei aller fleste måtar følgjer pent og pynteleg det eventyret vi kjenner gjennom Asbjørnsen og Moe. Både Per og Pål og Espen Askeladd blir underleg teatrale i si framtoning, medan dokkene verkar ekte og levande.

Men, for all del, det er ei hyggjeleg famlieframsyning Oslo Nye serverer. Mor og Per og Pål er passe ufordragelege og dumme, Askeladden kanskje litt mindre gløgg enn eg hadde tenkt meg han, prinsessa merkverdig mørk og Kongen rimeleg kongeleg. Forteljaren kunne vel ha vore litt meir sprelsk og spelande, men det viktige er at den yngre generasjon følgjer med og kosar seg. Trass i at dette er ei temmeleg lang framsyning, er konsentrasjonen blant dei unge pent på plass, og OsloNye skal ha ære for at dei gjer noko for barn. Det er ein ros som ikkje blir mange teater i dette landet til del.

Ideen med å bruke store dokker i store spel på store scener er prektig. Her ventar vi oss meir.
Asgeir Olden

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |