Dag og Tid nr. 46, 14. november 1996

Herbjørn Sørebø:
Eit hus med ei trong dør

Det bør ikkje bli mange poeng å hente for Carl I.Hagen på kritikken av vedtaket om å la 12.000 bosniararfå bli her i landet til dei vil reise heim sjølv.Han må satse på historieløysa blant folk nårhan samanliknar med den situasjonen norske flyktningar i Sverigevar i då den andre verdskrigen var slutt for vår deli 1945. Dei svenske styremaktene kasta ikkje dei norske flyktninganepå dør. Det er rett at dei fleste reiste heim attstraks, men dei gjorde det av eigen, fri vilje, og fråreknadet nedbrende Finnmark vende dei tilbake til eit land som haddekomme frå krigen med lite skade. Dei fleste kunne flyttainn i like gode hus som dei hadde reist frå. Det vart fortklart at det ikkje var fare for nye krigshandlingar. Det var litemat, men hungersnaud var det ikkje. På kort tid var samfunns-funksjonaneordna på lovleg vis.

Dei bosniske flyktningane er i ein heilt annan situasjon. Deter ein ruinhaug dei har å vende tilbake til, og det er einskrøpeleg fred som ingen kan kjenne seg trygg på.Borgarkrigen har også ruinert menneskesinn. Her er hat oghemntankar rundt kvart eit hjørne. Gunnar Berge sågnok dette då han var der for ei tid tilbake. Nokon børkoste på Carl I. Hagen ei reise så han kan skaffeseg kunnskap om kva han fyk rundt og snakkar om. Det er visstfor vanskeleg for han å lese seg til den kunnskapen somtrengst.

Vedtaket om rett for dei 12.000 bosniarane til å bli heri landet så lenge dei vil, skapte stor glede på landsmøteti Arbeidarpartiet, men det var det minste regjeringa kunne kommemed for å hindre ein massiv kritikk av den asyl-politikkensom har vorte ført. Noko reell endring inneber det ikkje.Etter ordninga med kollektivt vern kunne kvar einskild bosniarmed tre år bak seg her i landet krevja å fåvurdert ein individuell søknad om asyl, og etter fire årblir det gjeve varande opphaldsløyve for dei som søkjerom det. Det “låg i korta” at vedtaket skulle komme,men for den tidlegare så kritiske Anne Holt var det ei fjøri hatten å få presentere det på landsmøtetsom justisminister. Det ligg nær å kalle det ein manipulasjon.

Nokre titals kyrkjeasylantar --mellom dei mange foreldremed småbarn --fekk ikkje saka si løyst avlandsmøtet. Fleirtalet av utsendingane let seg toppstyreunna eit vedtak om amnesti. Statsminister Thorbjørn Jaglandåtvara tidleg under landsmøtet mot å la kyrkjeasylføre til at det blir gjeve opphaldsløyve. Det norskehuset han vil byggje skal ha berre ei inngangsdør. Fleirtaletav utsendingane ville heller ikkje vere med på eit kravom at kyrkjeasyl-sakene skal vurderast på nytt, men detvar eit stort mindretal, trass i at det framlegget som fekk fleirtalvar sukra med at regjeringa skal sjå om det er grunnlagfor å vurdere kyrkeasyl-sakene. Mange følgde kanskjeikkje overtydinga si i sak fordi dei var redde for å veremed på eit vedtak som kunne tolkast som ein dom over denregjeringa som gjekk av.

Landet vårt har eitt av dei strengaste regelverk i asyl-politikken.Det står fast også etter det gledelege vedtaket omvarande opphaldsløyve for bosniarane og ei ny tilnærmingi kyrkjeasyl-sakene. Det norske huset får ei trong inngangsdør.Statsminister Thorbjørn Jagland har sagt at han vil etablerenye kanalar frå toppen til grasrota. I kyrkjeasyl-spørsmåletkan han ikkje ha unngått å oppfatte klare signal omat grasrota vil ha ei løysing som byggjer på humantankegang. I kyrkjene syng dei ein vakker salme som ei bøn:“Gjer porten høg, gjer døra vid”.

Det er ikkje berre avslag på asyl-søknader det harvorte reagert på, det er også måten utvisingarhar vorte sette i verk på. Gestapo-manerar har ofte voreein rett karakteristikk av framferda til politiet. Justisministerenhar også dette som ansvarsområde, berre så det er sagt.
        


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |