Dag og Tid nr. 46, 14. november 1996

Bokmelding:
Vidunderbarnet som inspirasjon?

Minken Fosheim
og Marek Woloszyn:
Eventyret om Mozart
Bonnier Carlsen forlag

Wolfgang Amadeus Mozart har fascinert noen generasjonareuropearar. Musikken hans rører ved djupe strenger i ossden dag i dag. Også mennesket bak verka vekkjer interesse,og filmen om vedunderbarnet som var ein stor komponist, trektefulle hus for ikkje mange år sidan.

Ei mengd norske barn vil gjennom fjernsynsserien“God bok” kjenne Minken Fosheim som ein god litteraturformidlar. Nå viser ho seg som ein god forteljar av eigne tekstar også;det er eit levande bilde ho gir av guten som komponerer ein menuettsom femåring og som seksåring høflig opplyserkeisar Franz av Austerrike om at han spelar litt falsk.

Dei lange reisene Wolfgang gjør saman medsystera og faren, blir skildra med innleving og frå eitbarneperspektiv. Også vedunderbarn er barn! Frå livettil den vaksne Mozart er færre episodar tatt med, og alleer knytt til familien og musikken. At den store komponisten døri fattigdom, hører med til historia.

Boka er bygd opp i form av anektdotar, eventyr ogbrev, som er bunde saman til ei forteljing. Avslutningsvis fårvi biografiske opplysningar om Mozart, forklaringar av tekniskemusikkuttrykk og ei oversikt over andre viktige personar som levdedet året Mozart vart født.

Marek Woloszyns illustrasjonar er like viktige ogtalande som teksten. Prakten ved keisarhoffet trer tydelig fram,særlig gjennom den rause bruken av raudt og gull, og deilange reisene blir uttrykt ved hjelp av ei rekke høge,men vennlige fjell og vegar som slyngar seg lik band i den mørkenatta. Eit tidsriktig Europa-kart prydar innsidene av permen.

Det er slett ikkje umulig at ei slik bok vil gi næringtil kunstnardrømmar i eitt og anna barnesinn ñ ellergi inspirasjon til litt ekstra øving på musikkinstrumentet.
Randi Brenden
        

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |