Dag og Tid nr. 46, 14. november 1996

Bokmelding:
Ungdomslivet på Landås

Det er det realistiske kvardagslivet vi får presentert iTruls Horveis ungdomsroman “Siste kvelden”. Men detvanlege er fortalt med driv.

Truls Horvei:

Siste kvelden
Ungdomsroman
Aschehoug

“Kjæresten har forlatt meg. Jeg har kjørtbroderens moped til vrak. Og Musen skal flytte.”

Slik innleiar Truls Horvei ungdomsromanen Sistekvelden. Det er inga solskinnshistorie. Men sinnsstemningatil hovudpersonen er ikkje like svart gjennom heile boka. Detgår opp og ned her i verda, sjølv om “liveter tøffe tak”.

Dette er andre boka der Horvei fortel om Piddi ogkameratane hans. Dei går i 9. klasse og bur i blokk påLandås i Bergen. Vi får høyra om bandet deira,Rat Factory, og om mange andre sider av det å bli vaksenpå Landås i 1970-åra. Bortsett frå slengbuksene,platåskoa og Rolling Stones, er erfaringane deira trulegikkje så ulike det som dagens 16-åringar opplever.Det handlar om musikk, om forelsking, om kameratskapen i gjengen,foreldreproblem, rusmiddel, dumme lærarar... Kort sagt:Livet på Landås er lett å identifisera seg medfor den som er --eller har vore --ung.

Spesiell språkbruk

Og Truls Horvei skriv om det på ein levande måte. Vi fylgjer med Piddi frå innsida. Han er einmiddels flink arbeidarklasseungdom med gitar -- ikkje nokodydsmønster, men heller ingen outsidar. Han må konkluderamed at ikkje alle greier seg like bra her i samfunnet. KameratenMusen er ein av dei det ikkje ser ut til å gå brafor. Kva skal ein stilla opp med det? Har ein noko ansvar?

Piddi merkar etter kvart også at han sjølvikkje identifiserer seg med “dei fine” i byen . Detblir eit problem då han forelskar seg i Tone frå Kalfaret...

Truls Horvei har ein spesiell språkbruk i romanen.Han brukar brei Bergensdialekt i direkte tale, og bokmålelles. Dialektbruken gjer at ungdommane kjem oss nærare.Det er også lagt vekt på å bruka bergenske ordog uttrykk i replikkane, gjerne ungdomsuttrykk. For alle som stårbergensarane nær, gjer dette boka ekstra artig å lesa.Av og til verkar overgangane frå “Ikkje spællidiot” i den eine setninga til “Jeg slipper inn JohnnyNess” i den neste, litt schizofrene. Men eg for min del svelgjerdet gjerne --for å redda det bergenske!

Poetiske skildringar

Eg trur alt i alt at Truls Horvei har greidd detsom er mange vaksne ungdomsbokforfattarar sitt størsteproblem --å finna fram til eit ungdomsspråksom ikkje høyrest påklistra og utvendig ut i ungelesarøyre. Det er sjølvsagt dristig av ei gammaldame som meg å påstå noko slikt. Men eg teksjansen.

Horvei legg ofte inn små poetiske skildringari forteljinga. Det kan lett fungera feil i ei bok som dette. Meni dei fleste tilfella går det bra. Han finn fram til nyeog friske bilete som høyrer til i samanhengen: “Vitrasker bortover fortauet mellom klumper av hundedritt og våteappelsinskall. Stjernene er ikke montert i kveld. Månenhar gått i eksil. Blokkene ligger spredt utover landskapet,som utslett...” (s. 46) Etter mitt syn er dette ei levandeskildring av Loddefjord --eller av liknande drabantbyar--på kveldstid.

Truls Horvei glir aldri over i det sentimentale,og han overdriv ikkje. --Det var slik det var, vil velden seia som var tenåring i 70-åra. Truleg vil dagenstenåringar seia omtrent det same: Det er slik det er.

Skal vi seia noko negativt om boka, er det kanskjenettopp det at det aldri skjer noko utanom det lett tenkbare.Det er det realistiske kvardagslivet vi her får presentert.Men det vanlege er fortalt med driv. Den som vil ha dei fantastiskeeventyra, kan leita i ei anna bok.
Liv Marit Idsø  


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |