Dag og Tid nr. 46, 14. november 1996
Bokmelding:
Årets Gaarder utan personleg trøkk
Eg saknar eit personleg og emosjonelt trøkk i formidlinga av viktige tankar og spørsmål i Jostein GaardersHallo? --Er det noen her? skriv Ingeborg Mjør.
Jostein Gaarder
Hallo? --Er det noen her?
Illustrert av Reidar Kjelsen
Gyldendal
Joakim skal bli storebror i løpet av det førstedøgeret. Eit barn skal koma til verda. Eit nytt menneskeskal kastast ut i kaos og byrja å pusla saman bitar, søkjameining og heilskapar. Joakim er klar til å hjelpa veslebrormed alt dette: Jeg hadde allerede begynt å tenke nøyegjennom hvordan jeg skulle forklare alt sammen for ham.Medan han ventar får han besøk frå planetenEljo. Mumboen Mika og mennesket Joakim opplever at dei bådeer ulike (biologisk og kulturelt) og like (biologisk og eksistensielt). Dei brukar dette døgeret dei er saman til samtalar om naturvitskaplegeemne; planetar og solsystem, jordkloten, artane og livet sittopphav og historie, biologisk mangfald og differensiering. Somfor så mange naturvitskaplege interesserte blir ogsåspørsmålet om det finst ein styrande gud viktig.
Baby og frosk
Namna til dei to speglar kvarandre. Mika påstårat møtet mellom dei skjer i hans draum. Joakim kjennerat han sjølv deltek i dette, høgst vaken. Møtetfungerer som Joakim sine førebuingar til den definertestorebror-oppgåva, samtalane med Mika er dei samtalen hanframetter skal føra med veslebror. Når Mika er borte,er veslebror Mikael fødd. Kven sin draum var det eigentleg?Mika og Mikael er også like. Dei suttar på og sprikjermed fingeren på same måten, og dei ser like ut. IllustratørReidar Karlsen framstiller Mika slik at det gjev både ET-,foster- og spebarnassosiasjonar.
Bileta framhevar det filosofiske og teoretiske perspektivetbåde i små utvalde motiv (egg, eggeskal, dinosaurar,astrologiske symbol) og heilsides måleri. Eit av desse synerMika sitt fall mot jorda og vår sivilisasjon, representertved huset Joakim bur i. I svevet minner Mika om ein kombinasjonav baby og frosk. Denne metonymien fortel to historier; ei ommenneskets utvikling frå tidlegare stadium og ei om utviklingai det einskilde mennesket sitt liv. Den blå akvarellen peikarbåde mot universet og mot (foster)vatnet, der livet starta(r).Kjelsen har gjort illustrasjonane til ein viktig del av boka,dei har både forteljande og tolkande funksjonar. For detkunne han godt ha fått namnet sitt på bokomslaget.
Vaksen eg-forteljar
Kva så med Jostein Gaarders tekst? Forteljingaer lagt inn i eit personleg brev frå den godt vaksne Joakimtil Camilla som han er grandonkel til. Ho er åtte årog skal snart bli storesyster, så også denne historiagjentek seg --sjølvsagt.
Barnelitteraturforskarar drøftar ofte vaksenperspektiveti barnebøkene, som kan vera problematisk. Fårdet for sterk form av ironi kan det gå over hovudet påungane. Vert det gjeve inn med teskei, kan det bli irriterandeovertydeleg. Personane blir snusfornuftige og ei individuell tekstopplevinghar dårlege vilkår mot tekstens eigen overtydelegebodskap.
Gaarder etablerer ein vaksen eg-forteljar som sertilbake på den gongen han var åtte år. Dettekan vera eit godt og naturleg vaksenperspektiv, det fungerersom dei fleste
veit ofte godt. I litterære tekstar ser detpå si side ut som om dette er vanskeleg å fåtil, og også hjå Gaarder buttar det i mot. Det erskildringa av Joakim eg er ambivalent i høve til. Påein måte er det fint at den vaksne mannen si stemme, innsiktog oversikt pregar framstillinga av åtteåringen. Detgjer at han kan forklara ting som barnet ikkje ville kunna forklarapå same måte. Samstundes prøver Gaarder tydelegå gjenskapa her-og-no frå den gongen, og dåblir Joakim, åtte år snusfornuftig, belærandeog ganske kjedeleg, etter som eg ser han.
Vingling
Eg les boka som ein mellomting mellom faglitteraturog skjønnlitteratur, eller fiksjon og faksjon som ein gjerneseier. Er det ei forteljing om Joakim eller er det forteljingaom Utviklinga? Eg trur ikkje Gaarder har bestemt seg for tyngdepunkt,kva som er det viktigaste.
Eg tykkjer boka er mest vellukka i dei kapitla sommest reindyrkar den faglege samtalen mellom Mika og Joakim (særlegFjellet) --dei går i djupna og er intellektueltog eksistensielt utfordrande. Ikkje minst for ungar, som me veitgrubliserer mykje over universets opphav og ende. Emna boka tekopp er både relevante og interessante. I dei meir forteljandepartia vert det meir vingling; litt om babyen, litt kommentarartil Camilla, litt personskildring, litt miljøskildring,litt om ei hending og litt om eit nytt fenomen. Når bokaer slutt er det vanskeleg å skilja ut kva som eigentlegvar det viktige.
Eitt problem er altså personskildringane. Deivert for overflatiske. Ei emosjonell spenning manglar. Den vaksnebrevskrivaren fortel til dømes at han byrja å gråtadå faren kom for å ta han med på sjukehusetfor å sjå på babyen: Jeg har aldri heltforstått hvorfor jeg gråt nå som jeg var såglad for at lillebror var født.
Har ikkje den vaksne mannen meir innsiktsfulle kommentararenn dette så kan det vera det same --dette held ikkje.Sine språklege val gjer Gaarder på næraste hylle,og der bør ein plukka varsamt, for der ligg ogsåklisjéane. Og Gaarder glir nær dei, her er ingenspråklege overraskingar. Han er meir oppteken av åutforska verdsrommet, utviklingshistoria og eksistensfiliosofienenn av å utforska språket. Og det kunne vore greittnok, om det ikkje var så at han også vil laga skjønnlitteratur.Då må han ri dei ulike hestane (språk, formog innhald) samstundes.
Forutseieleg
Kan henda handlar det om kva interesse for fattaren eigentleg har for personane han skriv inn i tekstane sine.Skal dei vera noko i seg sjølv eller primært mediumfor forfattaren si undring, hans tankar, spørsmålog svar? Eg saknar eit personleg og emosjonelt trøkk iformidlinga av viktige tankar og spørsmål. Det blirfor forutseieleg, eg ville gjerne bli sterkare berørt.Gaarder kunne godt vera meir nyfiken på språket. Dåville det bli betre prosa. Det språklege og poetiske mangfaldetutgjer også ein stjernehimmel. Sol og måne er lettast å få auga på, men me veit jo at der er meir.
Ingeborg Mjør
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|