Dag og Tid nr. 46, 14. november 1996
Bokmelding:
Kjapt og overflatisk
Sigbjørn Heies Litt av ei jente er berre einbeint fram enkel og skulestilaktig rapport frå noen dagar i Ivars liv, skriv Atle Christiansen.
Sigbjørn Heie:
Litt av ei jente
Eide forlag
Sigbjørn Heie gir i år ut boka Littav ei jente, ei forteljing på 67 sider om niandeklassingenIvar Edvardsen. Han har sett eit glimt av ei jente som gjer sliktinntrykk på han at han seinare legg ut i verda for åfinne henne. Han tar ferja til Steinøy, møter noentøffingar på ein kafé, går seg villpå øya, blir etterlyst og...
Sigbjørn Heies forteljing er enkel i språkog innhald, heilsetning følgjer på heilsetning:
Ivar står oppe på dekk. M/FSteinøy legg ut frå Gråvik. Han rekkdet akkurat, og det ser han som eit godt teikn. Det er berre fem-seksbilar med ferja, og ikkje mange passasjerar heller. Slik er detein vanleg kvardag tidleg i september.
Boka er orientert mot forteljinga og den store hendingasom Ivar opplever: Ei vakker jente han ser som tar luven fråhan.
Litt av ei jente er skuffande lesing.Det er i kjapp forteljing. Ho er svært oversiktleg og overflatisk.Utviklinga i boka er lett å få med seg. Persongallerieter lite. Forteljinga er realistisk, men knapt nok til åtru på. Opplevingane til Ivar blir påstandar, ikkjefordi dei er utrulege, men fordi det ikkje har noen logisk ellersanseleg samanheng med det som er starten på det han opplever:Synet av den spesielle jenta han gjerne vil bli kjent med. Deter ikkje skummelt nok det som skjer med han etterpå, verkenpå handlingsplanet, det psykologiske planet eller pådet biologiske nivået, for også å ta med det.
Boka er ufarleg, og har ein altfor forsiktig og ufarlegomgang med gut nærmar seg jente-temaet sitt.Synet av den vakre jenta blir ein påstand, og det som skjeretterpå er ikkje med på å gi truverd og livtil figuren Ivar Edvardsen. Forteljinga er altfor kjapp. Ho erklanglaus, eller meir korrekt resonanslaus. Boka har inga djupn.
Det er noe uinnfridd over heile forteljinga. Ho errett nok deilig fri for moralisering og mas, men det er ikkjenok til å gjere forteljinga til ei god lesaroppleving. Bokaer for enkel, det blir snautt nok bok utav forteljinga, i bestefall er det ei forteljing som kunne forsvart plassen sin i einantologi.
Forteljinga er for kort og for enkel. Ho har ingadjupn, ingen doble klangbotnar. Og nå slår det megat eg eigentleg driv og klandrar denne boka for alt ho ikkje er.Men det trur eg denne gongen er riktig: Denne boka har ikkje nokav noen ting. Ikkje er ho utflytande og assosiativ som ein roman.Ikkje er ho stram som ei novelle. Ikkje eig ho poesi nok til åkompensere for manglande spenning og handling, og ikkje er detresonans og djupn i henne.
Mest er boka ei forteljing, men ikkje ei spennandeforteljing. Her er berre ein beint fram enkel og skulestilaktigrapport frå noen dagar i Ivars liv.
Atle Christiansen
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|