Dag og Tid nr. 46, 14. november 1996
Barnebøker:
--Barneboka må vera kunst
--Moderne norsk barnelitteratur har godt rykte og er vorten ein viktig eksport artikkel. Likevel er det ikkje så lett å ramsa opp genuine norske barnebokforfattarar.
OTTAR FYLLINGSNES
Ingeborg Mjør, høgskulelektor ved Høgskoleni Rogaland, meiner at det er lettare å peike på svenske forfattarar som berre skriv for barn. Men det finst norske unntak.Til dømes er Rune Belsvik ein genuin barnebokforfattar,som lagar litterær kunst for ungar.
Det vert sagt at barnelitteraturen har vorte meir vaksen og litterær dei siste tiåra. Kva medfører dette?
I eit foredrag på bokmessa på Sjølyst prøvde Ingeborg Mjør å koma med eit svar.
Ho viste til bruken av ordet litteratur, somvert brukt om tekstar, men også om litteratur som eit kvalitativt omgrep. Då er litteratur skjønnlitteratur,kunst, det ypparste, ei privilegert og høgareståandekulturform.
--Det vert gjeve ut skit og kanel bådeav barne- og vaksenlitteratur, men vaksenlitteraturen vert i størstgrad identifisert med det skjønnlitterære, uansettkvalitet. Folk tenkjer knapt på barnelitteraturen som kunst,hevda Mjør.
Ho meiner at det finst to hovudskilnader nårdet gjeld den tradisjonelle oppfatninga av vaksenlitteratur og barnelitteratur. Vaksenlitteraturen fokuserer mest på teksten,medan barnelitteraturen er først og fremst oppteken avlesaren. I vaksenlitteraturen fokuserer ein mest på lesarensom opplevande, medan han i barnelitteraturen vert objekt foroppseding.
Skilnaden
--Me diskuterer ikkje om modernitetspessimismentil Dag Solstad eller banninga til Ragnar Hovland er bra for lesareneller ikkje. Me er opptekne av kor godt Herbjørg Wassmoskildrar Tora, ikkje om mange lesarar vert opprørte, sjokkerte,deprimerte, provoserte --og om dette er bra for oss ellerikkje. Det kan stundom sjå ut som om vaksenlitteraturenvert vurdert høgare dess meir opprørande han er.
Med barnelitteraturen er det annleis. Ein er opptekenav dei som teksten er skriven for. Du høyrer knapt barnebokforfattararseia: Eigentleg skriv eg ikkje for nokon lesar, eg skriv for megsjølv, eg skriv det eg må skriva.
Dårleg ideal
Mjør viser til at den britiske barnelitteraturforskaren Barbara Wall meiner at mange barnebokforfattarar strevar med åforsona seg med det å vera nettopp barnebokforfattar. Wallironiserer over mange av barnebokforfattarane. Dei vert opptekneav å usynleggjera barnet som skal lesa teksten. Det størstekomplimentet du kan gje dei er å seia at eg merkaknapt at det er ei barnebok. Då kjenner dei seg somekte kunstnarar.
Dette er eit dårleg ideal, hevdar Wall. Mangeav bøkene som har gått inn i barnelitteraturhistoriasom klassikarar er nettopp kjenneteikna av at ein kan merka atforfattaren er forsona og harmonisk i høve til det åfortelja til ungar. Mange av desse har utgangspunkt i at forfattarenfortalde munnleg for ungar dei kjende.
Skal vera kunst
Kva er skilnaden på å laga litterær kunst for vaksne og barn?
--Vaksenbokforfattarar eig kan henda ein fridomi høve til lesaren som barnebokforfattaren ikkje har. Såspørst det korleis forfattaren opplever denne eventueltmanglande fridomen. Er han eit hinder for å skapa litterærkunst for ungar? Det kan også henda at denne manglande fridomenvert opplevd som positiv. Fridom kan vera så mangt. Deter ikkje sikkert at full fridom er det beste. Fridom kan ògvera å ha nokon å snakka til.
--Det er ikkje til å koma forbi at litteraturenkommuniserer med oss, anten det gjeld ungar eller vaksne. Kravetme må stilla er at litteraturen også skal vera kunst,meiner Mjør.
--Noko av skulda for at barnelitteraturenikkje har nådd opp og blitt stoverein som litterærkunst kan skuldast fordommar i dei litterære miljøa.Den litterære institusjonen har sett på barnelitteraturensom noko på sida av det litterære livet, ein subkultur.Barnelitteraturen har til liks med populærlitteraturen ogkvinnelitteraturen måtta kjempa for å verta tekenalvorleg.
Held ikkje mål
--Det er lett å skulda på andre.Noko av skulda får barnebokforfattarane ta sjølve.Mykje av det som er gjeve ut held ikkje mål kunstnarleg.Det finst tusenvis med bøker, og svært mange ståratt som anonyme, uoriginale, uviktige, likegyldige og keisame.Eit uttrykksbehov skulle vera vesentleg for kunstnaren, men oftevert dette vanskeleg å identifisera. Du spør deg:Var det verkeleg nødvendig å gje ut denne boka? Villedet vore eit tap for kunsten om denne ikkje hadde kome ut? Ofteer svaret: Nei --absolutt ikkje!
--Satsinga på barnelitteratur har voreoffisiell norsk kulturpolitikk. Ein viss kvantitet må sjølvsagtsikrast, men kvalitetsomsyna er ikkje like godt tekne vare på.Ein del av dei realistiske bøkene vert omsorgs- og problematikk-tekstar.Opphavet til desse bøkene skriv seg, trur eg, fråeit sterkt og seriøst engasjement for ungar sine livsvilkåri samfunnet.
I mange av desse bøkene er det ein tingsom er viktig: at forfattaren sin bodskap skal koma fram. Undring,paradoks, humor, poesi tek ein ikkje sjansen på ñdet kan skapa tvil, svekkje seriøsiteten og konsentrasjonen.Dansken T. Weinreich seier at barnelitteraturen ofte er faglitteraturforkledd som skjønnlitteratur --ofte er dei eigentleglærebøker i barnepsykologi, for vaksne. Dei handlarom søskensjalusi, isolasjon, uforståande og utilstrekkelegevaksne, skilsmisser, fosterbarn og outsideren. Ein god forfattarkan sjølvsagt skriva meisterleg om slike emne, men teoretiskinnsikt i eit fagfelt er ikkje i seg sjølv godt nok tilå skapa kunst.
Likevel kan slike bøker vinna høgthengandelitteraturprisar. Slikt er vanskeleg å tenkja seg innaforvaksenlitteraturen. Der er ikkje ei god sak nok. Ein måi tillegg meistra det kunstnarlege handverket.
--Det vert tema på bekostning av språkog form. Språkleg sett er det i barnelitteraturen mykjeuoriginalt, og dei språklege klisjeane sit tett. Dessutangår mange av dei barnlege hovudpersonane rundt som pedagogklisjear.Barnet vert ikkje autentisk framstilt. Manglande autensitet ogditto språkleg originalitet viser seg ofte å vertadiagnosen når eg skal seia noko om det kva som er gale medmange barnebøker.
--Kvifor vert det slik?
--Av di det er for lett å publisera.Dessutan får forfattarane og forlaga for lite tilbakemeldingar.Kritikk finst ikkje, og det er eit problem for norsk barnelitteratur,ikkje minst for forfattarane.
Positivt
--Barnelitteraturen har gjennomgåttei positiv utvikling, og i dag snakkar me om ei litterærvending. Litteraturhistorikarar knyter vendinga til 1970-talet,ofte spora attende til Einar Økland og etterfølgjarar.Om den gamaldagse barnelitteraturen er overtydelegnår det gjeld bodskap, kan ein ikkje seia at den nye litteraturener bodskapslaus. Tvert om, etisk og moralsk engasjement er sværttydeleg i desse bøkene. Tonen vert meir problematiserandeog drøftande. Forfattaren er ikkje skråsikker pårett og gale lenger. I staden for å vera oppteken av åformidla eiga innsikt legg forfattarane meir vekt på åfortelja om noko vesentleg.
--Barneboka må kombinera å verafor ungar og samstundes vera litterær kunst. Å tapositive omsyn til adressaten treng ikkje vera eit hinder forå skapa kunst. Og det tyder ikkje at barneboklitteraturenvert idylliserande, eskapistisk, livsfjern eller problemnektande.Tvert om, seier Ingeborg Mjør.
Ho meiner at den norske barnelitteraturen har vortemindre oppteken av det spesifikt barnlege og meir oppteken avdet eksistensielle og menneskelege.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|