Dag og Tid nr. 41, 10. oktober 1996
Kunst:
Lysande i gult, raudt og blått
- Alt handlar om å sveve, om å vere lysande. Frans Widerberg ser alvorleg ut.
- Det er like vanskeleg å lyse som å sveve.
JOHANNE LANDSVERK
Gult, raudt og blått. Ryttarar til hest, unaturlege, langstrakte menneske, svevande figurar i verdsrommet. Stemning, rørsle og lys. Aller mest handlar det om lys.
Sal på sal i Astrup Fearnley Museet er fylt av Frans Widerbergs måleri, ei utstilling som syner utviklinga av kunsten hans frå 60-talet og fram til i dag. Kunstnaren sjølv har ikkje hatt noko med utstillinga å gjere. Han synest museet har gjort ein god jobb.
- Men eg ville aldri ha fjerna så mange bilete, eg ville ikkje ha orka det, seier Frans Widerberg.
Romatikaren
Frans Widerberg har måla bilete i 40 år. Han starta som ein romantikar.
- På 60-talet, då den non-figurative kunsten braut gjennom, vart han skulda for å vere reaksjonær, fortel Hans-Jakob Brun, som er direktør ved Astrup Fearnley Museet.
- Widerberg høyrde til ei gruppe som insisterte på å måle figurativt, både han og Odd Nerdrum høyrde til dei ny-figurative kunstnarane. Også den gongen var Widerberg oppteken av lyset, av stemninga i biletet.
På slutten av 60-talet og utover på 70-talet fekk Widerberg ein røffare uttrykksmåte og utvikla dei sterke primærfargane i bileta.
- Lyset er det sentrale i bileta til Frans Widerberg, fortel Hans-Jakob Brun.
- Medan Nerdrum gjekk meir i symbolistisk retning, vart Widerberg ekspresjonist. Han brukte sterke verkemiddel. Uttrykket vart kraftigare, formatet vart større. Og figurane vart meir abstraherte.
Svevande i kosmos
På 1980-talet vart det metafysiske i Widerbergs bilete forsterka. Monumentale, lysande bilete i sterke primærfargar syner mennesket svevande gjennom verdsrommet. Her er ryttarar i vilt sprang, hestar som hjelper mennesket til å overskride grensene.
Hans-Jakob Brun seier at det er snakk om å lausrive mennesket frå det jordiske.
- Mennesket er eit ledd i det store kosmos, det er ei personifisering av naturen. Widerbergs menneske er anonyme, dei svever i det store rommet. Alt er gjennomsyra av sterke krefter og rørsler.
I dag er Widerbergs kunst blitt meir jordnær, både i motiv og utforming.
- Menneska kommuniserer med kvarandre, figurane er meir modellerte, og dei har fått meir uttrykksfulle andlet, seier Brun.
Gjentek seg sjølv
Tidleg på 90-talet byrja kunsthistorikarar å snakke om at Widerberg gjentok seg sjølv. Han måla dei same figurane, dei same fargane og tok opp dei same emna. Kritikarar har kalla symbola og formspråket hans for tomme klisjear.
- Det må jo før eller seinare bli ein klisjé. Det er ei forbanning eg flyktar ifrå, men likevel er det blitt slik. Eg er blitt det eg ikkje ville bli, seier Widerberg sjølv.
- Men eg vil vere fri. Eg lagar ikkje bilete, dei blir bare til. Eg får vere glad for at det dukkar opp noko heile tida.
Hans-Jakob Brun seier at dei fleste kunstnarar vil gjenta seg sjølv. Widerberg har så markante, sterke fargar i bileta, at ein lett oppfattar det som om bileta heile tida går igjen.
- Mange av dei unge kunstkritikarane synest Widerbergs kunst er overspent, med for stor vekt på ekstasen. Dei unge har ofte eit meir kjølig forhold til kunsten, seier Brun.
Vil bli ståande
Få samtidskunstnarar er så godt kjende blant folk flest som Frans Widerberg. Bileta hans står høgt i kurs på kunstmarknaden. Han har ein stor produksjon, særleg når det gjeld grafiske blad. Men det er ikkje bare kunstspekulantar som kjøper bileta hans, det er vanlege folk.
- Eg trur mange blir fascinerte av den sterke vitaliteten, av dei sterke visjonane hans, seier Hans-Jakob Brun.
- Korleis trur du kunsthistorikarane i framtida vil vurdere Widerbergs kunst?
- Eg trur han vil vere eit namn. Dei beste bileta hans vil bli ståande. Widerberg har ein sterk vilje, og store evner til å uttrykkje seg. Nokre gonger slår han verkeleg til. Men Widerberg er ujamn som målar, slik mange andre kunstnarar er det.
Kunstbok
I samband med utstillinga gjev Grøndahl Dreyer ut boka Frans Widerberg. Malerier 1956-1996.
I boka skriv Hans-Jakob Brun om måleria og kva dei uttrykkjer. Øystein Ustvedt går inn på dei ulike periodane og korleis kunsthistorikarane ser på Widerbergs kunst. Ustvedt høyrer til den unge generasjonen av kunsthistorikarar, som vurderer Widerberg på ein annan måte enn dei som har følgd han sidan 60-talet.
Ein del av måleria frå utstillinga blir presenterte i boka, eit utval bilete som syner dei ulike periodane av Frans Widerbergs kunstproduksjon.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|