Dag og Tid nr. 41, 10. oktober 1996
Teater:
Var ho galen, eller...?
Viss denne framsyninga kan skjerpe appetitten på Amalie Skram sine bøker, har ho ein misjon, skriv Bent Kvalvik.
Den Nationale Scene:
I morgen er jeg ikke her
Manus og regi: Gunilla Berg
Scenografi/kostyme: Åse Hegrenes
Så er det altså Amalie Skram-jubileum. Den Nationale Scene gratulerer med dagen med ei dramatisering av dei mest tendensiøse, og kan hende dei mest gripande, romanane Amalie Skram har skrive. Professor Hieronimus og På St. Jørgen er eit nokså openlyst sjølvbiografisk oppgjer med det psykiske helsevesenet i Danmark anno 1895, i vidare forstand ei tidlaus skulding mot maktsamfunnet sine overgrep mot individet. Nokre vil vel framleis hevde at romanane berre var ei overspent hemnakt frå ei forfattarinne som periodevis var steinhakkande sinnssjuk. Men desse to bøkene er rett og slett for godt skrivne og har alt for brei allmenn appell til at dei kan late seg avvise så lett.
Svært koreografert
Og no møter vi henne att på scena, kunstnaren Else Kant, som friviljug legg seg inn på nerveklinikken til den namngjetne professor Hieronimus, og straks vert umyndiggjort og handsama som ein fange. Handlingsgangen og persongalleriet er svært lojalt gjengive i høve til førelegget, både på Hieronimus-klinikken og på St. Jørgen i andre akt. Dei grusomme og rå inntrykka som slit på den kjenslevare Else Kant, vert langt på veg våre eigne inntrykk som tilskodarar.
Men her ligg med ein gong òg noko av problemet med denne oppsetjinga. Kor subjektivt kan det vere utan å miste overtydingskrafta? Styrken i Amalie Skram sine bøker ligg nettopp i dei sylskarpe realistiske skildringane. Alle detaljar og nyansar verkar så autentiske at vi mest gløymer det er dikting. (Noko ein vel kan diskutere om det er.)
I teaterversjonen har ein valt ei draumeaktig stilisering, kan hende meint som ei framstilling av det som skal vere Else Kant sine kjensler. Pasienten Else ligg midt på scena i ei stor, open sceneløysing, ikkje i ei klaustrofobisk celle som i boka, og medpasientane myldrar ikring som eit uhyre med mange hovud, ikkje som einskilde lagnader. Og professor Hieronimus sjøl vert mest som ein robot når han kjem og går. I andre akt, på St. Jørgen, dansar Else Kant ein henført vals med legen, og får innimellom vitjing av ei nattsyster som ter seg som ei alvedronning. I det heile verkar scenene frå sjukehusa svært koreograferte.
Kva som er meininga med å fjerne den ramsalte realismen til Amalie Skram og setje inn ein slags symbolistisk poesi i staden, er vanskeleg å skjøne. Det hjarteskjerande og opprørande i historia er jo at Else Kant slett ikkje er psykotisk, berre deprimert. Slik framsyninga no skrir fram, får vi meir ei slags resignert medkjensle med ei dame som nok diverre er svært hallusinert og langt ute å køyre.
Generøs innsats
Marianne Nielsen gjer ein generøs innsats i hovudrolla. Ho sparer ikkje på seg sjøl, og det må ein beundre henne for. Men likevel, slik oppsetjinga er lagt opp, får ho aldri heilt høve til å syne oss den lynande intelligente og karaktersterke kvinna som Else Kant og er. (Det siste viste Vibeke Løkkeberg godt nok som Else Kant i filmversjonen Formynderne (1978), men ho var til gjengjeld så staut og sterk at spørsmålet om sjukdom vart meiningslaust.)
Framsyninga er elles konsekvent og godt gjennomarbeidd, effektfullt følgd opp av scenografen Åse Hegrenes og komponisten Håkon Berge. Skodespelarane er lojale mot konsepsjonen og gjer mange fine rolleportrett på dei premissane, særleg Merete Armand og Sissel-Ingri Tank-Nielsen. Dei to spelar pleiarar i første akt og pasientar i andre. Imponerande forvandlingskunst! Statistane er òg gode, men baderomssekvensen kunne ein godt ha droppa. Her blir vi sitjande og merke oss kven av statistane som ikkje har våga å kle seg nakne. Ikkje ein gong galningar vaskar seg med undertøyet på, ikkje når dei er på sjukehus.
Viss denne framsyninga kan skjerpe appetitten på Amalie Skram sine bøker, har ho ein misjon.
Bent Kvalvik
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|