Dag og Tid nr. 41, 10. oktober 1996            

Leiar:
Feite utslepp av ord og CO2

Målsettingen om å stabilisere CO2-utslippene på 1989-nivå innen år 2000 vil imidlertid fortsatt ligge til grunn for Regjeringens politikk på klimaområdet. Det er etter Regjeringens syn likevel ikke mulig å legge opp til en politikk som vil sikre en stabilisering i våre samlede CO2-utslipp i år 2000.

Slik er Miljøverndepartementet i stand til å formulere seg når det skal leggje fram sin del av statsbudsjettet for 1997. På toppen av alt spår departementet at dei norske utsleppa av CO2 kan komma til å auke med 19 prosent frå 1989 til 2000.

Bak ein slik departementskaudervelsk ligg mange års kamp og mange tapte slag for miljøvernminister Thorbjørn Berntsen.

Derfor må det vera eit kraftig vonbrot for miljøvernministeren å bli tvinga til å leggje fram eit budsjett som er offer for ein reduksjonstrong som heller burde ha gått ut over dei aukande utsleppa av klimagassar.

Spesielt trasig må det vera at regjeringa hans blir leidd av ho som på slutten av 80-talet stod for dei feitaste orda, dei sterkaste lovnadene, den største kamplysta og dei kraftigaste formaningane i miljøsaker; ho som i dag er blitt den som kjempar med nebb og klør mot at vi skal auke bruken av CO2-avgifter; det sterkaste verkemiddelet vi har for å redusere utsleppa av klimagassar.

Stabiliseringsmålsettingen har fortsatt stor betydning, skriv Miljøverndepartementet som ei trøyst til ein regjeringssjef som ikkje har hatt vilje til å nå dei måla ho sette seg i miljøpolitikken. Truleg burde det for lengst ha vore sett ned målsetjingar for å redusere utsleppa av store ord òg. Men dei utsleppa er tydelegvis like vanskelege å redusere som utsleppa av klimagassar. Så kanskje Regjeringa snart kan begynne å leva etter dei feite orda i staden?
Audun Skjervøy

“Stopp Staff”

Måndag troppa aksjonsgruppa “Barna i våre hjerter” opp utafor kontoret til Tor Erling Staff ñ høgsterettsadvokaten som opnar munnen for å få uvenner. Dei kakka på døra, fekk lokka advokaten ut, og overleverte 3154 underskrifter henta inn gjennom “Stopp Staff”-aksjonen. Kravet er at Staff skal trekkje seg frå stillinga si fordi han har sagt det han meiner om pedofili-hysteriet.

Slik kan altså “Barna i våre hjerter” verne seg bak ytringsfridommen for å hindre Tor Erling Staff i å bruke den same fridommen.

Det er visst ikkje så lett, dette med ytringsfridom.
Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |