Dag og Tid nr. 41, 10. oktober 1996            

Kommentar:
Bokmålsforbundet flyg høgt

Den overhøvlinga som Riksmålsforbundet får frå Bokmålsforbundet i rapporten, er såpass sterk at eg gjerne vil vera med og ta Riksmålsforbundet i forsvar, skriv stortingsrepresentant Hallgrim Berg (H).

Kvart år, like før og etter at statsbudsjettet er presentert, melder det seg ei lang rekkje søkjarar som meiner dei kan ha godt av å få stønad til sitt informasjonsarbeid. Meininga er sjølvsagt den beste. Folk og land skal opplysast. Dessutan kan eventuell stønad vera med på å halda søkjaren i live, eller i beste fall borte frå anna arbeid.

Ny søkjar

Også denne hausten melder det seg søkjarar til Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen. Sume har alt fått melding frå departementet om at stønad ikkje kjem på tale, medan andre sløyfar turen til departementet og går rett på fagkomiteen i Stortinget.

Blant dei friskaste i år er Bokmålsforbundet, ein samskipnad med hovudsete i Bergen. Forbundet har teke mål av seg til å summera opp språksituasjonen i Noreg i ein årleg statusrapport. Medlemer og interesserte vil automatisk få rapporten tilsendt.

Ikkje småtteri

Hovudvekta i den åtte siders rapporten er å visa korleis Stortinget favoriserer nynorsken og Noregs Mållag. Her er ingen drøftingar av samfunnsutviklinga, ingen referanse til norsk språkhistorie, inga til-vis-ing til norsk kultur-politikk, inga nyansering med omsyn til minoritetar og kulturelt demokrati, ikkje eit ord om menneskerettar og internasjonale konvensjonar.

Det er ikkje småtteri når forfattaren, Steinar Øksengård, sveipar over det norske språklandskapet med utsyn frå ein hengeglidar som har fått tydeleg oppdrift; dess høgare han kjem, dess utydelegare vert land-skapet.

Alt i startfasen ber det rett til vers. Han meiner at eit statstilskott til Noregs Mållag sitt virke bør ha sin parallell i tilsvarande tilskott til “den annen part” i språkstriden. Dette er ein gjengangar. Når Stortinget gjev nokre kroner til Noregs Mållag, Nynorsk Pressekontor og Det Norske Samlaget, er det sjølvsagt for å utløyse og styrke norsk språk og kulturaktivitet også for dei delane av landskapet som har målreising som program. Som Kåre Willoch sa i Ørsta: “Det dreier seg ikke om målrensing, men målreising”.

Kven får pengane?

I norsk debatt er ikkje Øksengård åleine om å pukke på jamføringa mellom Noregs Mållag og til dømes Riksmålsforbundet. Han gløymer at nynorsk og bokmål er sidestilte offisielle målformer sidan 1885. Skal til dømes Riks- målsforbundet til- eignast driftsstøtte, er parallellen ikkje Noregs Mållag, men Ivar Aasen-sambandet eller Norsk Måldyrkingslag. Riksmålet får dessutan støtte til sitt storfelte ordboksverk.

Skulle rapporten frå Bokmålsforbundet vera nokolunde balansert, måtte han ta fatt i dei summane som det offentlege brukar på høvesvis nynorsk og bokmål (bøker, litteratur, aviser,teater, film, pressestøtte, momsfri-tak osv.). Forfattaren ville då sjå at det er relativt mikroskopiske summar som går til nynorsksida i samanlikning med bokmål/riksmålssida.

Dersom han greier å landa med henge- glidaren sin, ville han også ha sett at løyvinga til nynorsksida i stor mon går til å passe på at staten etterlever sine eigne vedtekne lover. Burde Noregs Mållag sende rekning til staten for dette meirarbeidet? Øksengård rapporterer vidare at FKA-komiteen “på en uforståelig måte har favorisert den ene part i språkstriden”. Det er rettare å seia at Stortinget har gjort visse naudsynte og medvitne handgrep for å ta vare på og utvikle kulturelle verdiar i ei tid som er farga av kommersialisme og teknokratisk tankegang. Om dette er radikalt og eineståande for Noreg? Nei, det er like mykje uttrykk for ein brei europeisk tradisjon som ofte blir kalla verdikonservatisme. I Europarådet sine 39 medlemsland er fleirspråksituasjonen meir vanleg enn den eittspråksituasjonen som høgtflygaren i Bokmålsforbundet ynskjer seg.

Det ser ut til at forbundsleiaren vil ta seg fullt arbeid frå år til år til å informera Stortinget og ålmenta om den totale språkstoda. Me ser med interesse fram til analysar av viktige media som riksradio, nærradio, lokale og riksdekkjande fjernsynskanalar, tilhøvet mellom skriftmål og dialekt, rettsspråk og kyrkjemål osv.

Riksmåls-forbundet

Den overhøvlinga som Riksmålsforbundet får frå Bokmålsforbundet i rapporten, er såpass sterk at eg gjerne vil vera med og ta Riksmålsforbundet i forsvar. “Riksmålsforbundet har påtatt seg oppgaven med å ivareta bokmålets interesser. Dette er forbundet... ikke i stand til.” Vidare: “Det største problemet med Riksmålsforbundet er at de er for passive... de anser seg ikke som 'part i saken' i skolekonflikter og overlater arenaen til Mållaget.” Høgdepunktet vert nådd i følgjande sats: “Karakteristisk for Riksmålsforbundet er at de aldri kritiserer nynorskens urettferdige andel i offentlig forvaltning, skole, osv. Dette kan henge sammen med at begge er medlemmer i Norsk Språkråd og derfor er forhindret fra å kritisere hverandre.”

Dette lyt greie seg for i dag.
Hallgrim Berg

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |