Dag og Tid nr. 41, 10. oktober 1996            

Herbjørn Sørebø:
Kroppsspråk kan avsløre

Tidleg ei morgonstund for nokre år sidan vart ein ung stortingsrepresentant oppdaga då han stod på talarstolen og øvde seg før møtet tok til. Den unge hadde tenkt å halde jomfrutalen den dagen, og så ville han først prøve korleis det var å stå på ein talarstol som har gjeve jamvel herda folketalarar kneskjelv. Det vart sjølvsagt kjent at han hadde halde prøvetale, og det vart smilt mykje av han fordi han tok seg sjølv så høgtideleg. Men han gjorde ikkje noko anna enn å øve seg til ei ny rolle. Han tenkte at hadde han først gjort seg kjend med denne talarstolen i ein tom sal, så vart det lettare når det bar i røyninga. Han ville gje inntrykk av å vere sikker og ha alt under full kontroll.

Nå støyter kanskje somme seg på at ordet rolle her er brukt som om det å tale i nasjonalforsamlinga skulle ha noko med skodespel å gjere. Men alle øvde talarar veit at ein ikkje kan tale og oppføre seg plent på same måten på alle talarstolar. Røystebruk og kroppsspråk må høve til staden. Ikkje ein gong ein Thorbjørn Berntsen kan ta ut full lydstyrke og veive med armane på talarstolen i Stortinget som han gjer på folkemøte. I Stortinget har mange store folketalarar vorte bleike utgåver av seg sjølv.

Kvar tid skal ha sine parlamentariske moteuttrykk. Nå blir det visst ordet kroppsspråk. Etter høyringa om triksinga i ungdomsorganisasjonane sa Dag Jostein Fjærvoll frå KrF at kroppsspråket til statsråd Kjell Opseth viste ein oppførsel han kunne godta, så difor ville han ikkje støtte eit mistillitsframlegg. Høgre-leiaren Jan Petersen var ute noko før med å ta dette ordet i bruk. I ordskiftet om dei mislykka byrådstingingane i hovudstaden sa han at Carl I. Hagen uttala seg på ein slik måte at det saman med kroppsspråket hans viste at han ikkje har evne til å svara at nå måtte det ha rabla for motstandarane hans, og så spurde han om korleis han skulle kunne forsvare seg når kroppsspråket hans vart brukt mot han.

Til dette er å seie at Jan Petersen godt kunne ha nemnt tonefallet og andletsuttrykket til Carl I. Hagen i dette ordskiftet. Carl I. Hagen uttala orda pakistanar og utlending med eit tonefall og eit andletsuttrykk som gav det han hadde på hjartet ein sterkt nedsetjande verknad. Ingen kan vere i tvil om at det var meininga også, og han kan ikkje skulde på at det berre vart slik, for det er få ñ om nokon ñ som er så medviten om korleis han skal snakke og stå fram i fjernsynet og i møte med publikum. Men så oppdaga han at den nedsetjande omtalen hans av ein innvandrar slo feil. Den einaste utvegen var å prøve å snakke seg bort frå det og skulde alle andre for å mistolke han av vrangvilje. Men denne gongen lykkast det visst ikkje. Folk hadde både høyrt og sett han. Det var som den gongen han tok av seg skjorta på talarstolen, eit godt innstudert revynummer som slo så feil at han valde å ta sjølvkritikk.

Sjølvkritikk burde Carl I. Hagen ha teke denne gongen også. I staden valde han å skifte standpunkt. Kanskje trudde han at ingen hugsa kva han sa i Stortinget i 1994 i ein annan samanheng, men Arbeiderbladet har mint han om det: “Man må da vel vite at i alle møter og forsamlinger og diskusjoner er kroppsspråk en vesentlig faktor. Når en person begynner å svette, begynner å bli rød i toppen, er flakkende i blikket, fomler med hendene og kulepenner, da er det ikke særlig troverdighet i svarene som kommer”.

Skifte av standpunkt slik det høver i situasjonen er varemerket til Carl I. Hagen. Aftenposten har mint om den nære historia. “Før valget i 1985 skrev Carl I. Hagen at Fremskrittspartiet var “det eneste parti som har avgitt en krystallklar erklæring om at vi aldri vil opptre slik at vi bidrar til at Gro Harlem Brundtland danner regjering”... “Det tok bare godt og vel et halvt år før han gjorde det stikk motsatte av de krystallklare forsikringer han hadde gitt om støtte til Willochs trepartiregjering”. Ingen veit kvar Carl I. Hagen hoppar.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |