Dag og Tid nr. 41, 10. oktober 1996            

Filmfestival:
Film frå Sør - ikkje i nord

"Film fra Sør" er festivalen som ei veke i året svelteforar kinopublikummet i Oslo og eit par byar til med filmar frå Asia, Afrika og Latin- Amerika. Men får folk i resten av landet sjå desse filmane?

ÅSHILD ELIASSEN

I år viser filmfestivalen totalt 30 filmar. Og det er mykje, for i heile fjor var seks av 187 importerte filmar frå Sør.

Festivalen som vart unnfanga blant studentar på Blindern i 1991, er komen for å bli. Eit synleg teikn på det er at Film fra Sør-festivalen, som opnar i dag, er tatt inn i varmen i det etablerte filmmiljøet. Det nyoppretta kontoret i Filmens Hus i hovudstaden, i hjartet til kvalitetsfilmen, så og seie, gjer at filmbransjen ikkje kan oversjå festivalen. Og godt er det. For festivalfilmane frå den sørlege halvkloten er eit viktig korrektiv til det filmatiske verdsbiletet, vinkla frå nord.

Førebels finst det inga likeverdig kulturutveksling mellom Sør og Nord. Filmrepertoaret i alle land på kloten set tvert om maktfordelinga og mediaflyten frå Nord mot Sør i skarp relieff. Det kommersielle distribusjonsapparatet gjer at desse filmane verken når kino-marknaden på den nordlege eller den sørlege halvkula. Diverre er filmane prisgjevne eit festivalgettoliv og når berre eit fåtal tilskodarar.

Skeptisk

Den marokkanske filmskaparen, Mohamed Tazi -Film-fra Sør-deltakar i fjor med På jakt etter ektemannen til kona mi - er til dømes meir og meir skeptisk til å delta på filmfestivalar:

- Slike invitasjonar styrkjer sjølvsagt egoet, men gjev lita eller inga utteljing, jamvel om filmen din skulle vinna ein pris. Til dømes var den førre filmen min vist på 120 festivalar, men kom likevel ikkje ut av festivalgettoen.

- Vi forsyner festivalar som Film fra Sør med filmar. Dei lever av oss gjennom statlege subsidiar. Då burde vi ˜g få noko attende -iallfall vere sikra at eit par distributørar eller oppkjøparar frå ein TV-kanal sat i salen. Elles vert festivalane eit avsondra felt der eg kjem og held talen min, eller "syner fram nummeret mitt" -som ein annan kameldressør.

Vågar ikkje

Brynjar Bjerkem, dagleg leiar av Film fra Sør, skjøner kritikken frå Tazi. Også han brenn for at festivalfilmane skal distribuerast ut over landet:

- Importbyråa er den store bøygen. Dei tenkjer inntening og kvir seg for å kjøpe inn film publikum ikkje er vande med å sjå. Kinosjefar kan ˜g vere ei hindring: Sel ikkje filmen nok billettar i Oslo første veka, vert han oftast tatt av plakaten. Det hende med ein så god film som Friends frå Sør-Afrika i fjor, og same lagnad fekk Hvit Neger frå Guinea i haust. Går filmen dårleg i Oslo, vågar ikkje kinosjefane ut over landet setje opp filmen av økonomiske omsyn.

- Frankrike har avtaler om at subsidierte filmar skal stå på plakaten eit visst tal veker på visse kinoar. Kva er di meining om slike ordningar?

- Eg tykkjer dei er gode. Det er til dømes betre at ein film som Hvit Neger får gå eit par månader i ein liten sal enn å gå ei veke i ein svær sal. Vi jobbar hardt for å vinne gehør for å etablere ein festivalpris. Det vil seie at prisen på 50-60 000 kroner skal gå til å kjøpe inn vinnarfilmen til landet og få han i distribusjon, fortel Bjerkem og legg til at film frå Sør ikkje kan tevle med amerikansk kommersiell film. Ta Independance Day, til dømes. Lenge før filmen var ferdig, gikk PR-kampanjane kloten rundt. Slik vert forventningane skrudde skyhøgt månader på førehand gjennom tabloidpressa og TV-kanalane.

- Går du inn for å øyremerkje midlar for import av filmar frå Sør?

- Eg er ikkje overtydd om at øyremerking er vegen å gå. Det set kan hende eit uhjelpsstempel på filmane. Og flesteparten av desse filmane er så gode at dei burde kunne konkurrere på like vilkår -til dømes festivalfilmen Blade frå Hong Kong -ein kunstfilm og eit spektakulært handlingsdrama, eigna til å take pusten frå tilskodarane. Problemet er at i dag tevlar all kvalitetsfilm, inkludert filmar frå Sør, om dei same pengane -ein liten pott på ca 700 000 kroner. Det vil seie at berre seks-sju vaksenfilmar får importstøtte årleg. Truleg kjem filmane frå den tredje verda sist i denne rekkja. Eit av botemidla kan vere å auka denne potten. Dessutan finst Arthaus -eit importbyrå som eine og aleine tek inn kvalitetsfilm med statsstøtte. Dei har sørgd for at nokre av festivalfilmane er komne på kino etter festivalen, fortel Brynjar Bjerkem som vonar at også innkjøpssjefane for film i NRK-TV kjem på festivalen.

Ingen avlat

Bjerkem er ikkje åleine om å innsjå at filmar laga i Sør kjem til kort i det kommersielle distribusjonsapparatet. Heller ikkje han vil at festivalen skal vere ein slags avlat for filmar frå Sør. Ikkje minst fordi Noreg i dag er eit multikulturelt samfunn og at ungdom er storkonsumentar av film, særleg amerikansk film. I fjor var heile 105 av 205 filmar viste i Noreg amerikanske. Det er kan hende på tide at kulturpolitikarane ser til at alle her i landet får sjå bileta av folk i Sør, laga av dei sjølve, som ei motvekt til haldningane filmar av typen Rambo skapar. For, som Tor Fosse, filmansvarleg for Tromsø Filmfestval, ein gong sa: "Eit kontinuerleg og einsidig bombaredement av amerikansk kommersiell film må få følgjer for haldningane til tilskodarane over tid."

Verdspremierar

Heller ikkje i år egnar Film frå Sør med superstjerner og champagne. Men festivalen skiltar med eit par verds- og Europa-premierar, regissørar frå tre kontinent og filmar som pirrar dei kulturelle nasebora: Til dømes filmane frå Iran. Den eine barnevaksenfilmen, The white balloon, har manus av Irans mest kjende regissør Abbas Kiarostami. Den tredje iranske filmen er ein sterk kritikk av Irans mullah-regime, av regissøren Mahnaz Tamizi, som flykta til Holland. Ho presenterer sjølv filmen under festivalen. Filmane stadfestar at Iran er ein av Asias mest interessante filmnasjonar saman med Taiwan.

Filmdryss

Dokumentarfilmane frå Latin-Amerika er ˜g sjeldan filmkost, til dømes Yndio do Brasil (Våre indianere). "Den einaste gode indianaren er ein filma indianar", ironiserer regissør Sylvio Black som er til stades under festivalen. Dokumentaren Me Dicen Yovo (Eg er ein framand) av Juan Ramirez frå Peru er laga som ei reise attende til Afrika for å oppsøkje etterkommarar etter karibiske slavar. Fleire av dei afrikanske filmane handlar ˜g om identitet og røter -mellom anna Machaho - ein visuelt vakker film frå berberområda i Algerie. Elles har tre kvinnelege afrikanske regissørar nye filmar på festivalen: Hos Tsitsi Dangarembga (tidlegare intervjua i Dag og Tid) frå Zimbabwe er temaet i Everyone's Child foreldrelause born etter aids-epidemien. Og Fanta Regina Nacro frå Burkina Faso tar for seg utruskap og opplæring i å forføre i novellefilmen Puk Nini. Mest kontroversiell og militant er filmen Ingrid Sinclair har laga om kvinnelege frigjeringssoldatar i Rhodesia. Før filmen kom ut, storma politiet kontoret og konfiskerte negativa ein periode.

Få tilskodarar

Elles står også Guimba - vinnaren av den gjevaste prisen under Ouagadougou-biennalen i Burkina Faso i fjor -på programmet. Ikkje alle europearar skjøna kvifor valet fall på Guimba - der den syngjande historieforteljaren -grioten -har ein sentral plass. Regissør Cheik Oumar Sissoko frå Mali svarte då at europearane må gjere ein innsats for å forstå Afrika, slik afrikanarane har tileigna seg europeiske språk og europeisk kultur.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |