Dag og Tid nr. 41, 10. oktober 1996

Bokmelding:
Brev som knytte band

Dersom det kjem fleire boksider om samlivet til Olav H. Hauge og Bodil Cappelen, kjem eg til å lesa dei òg, skriv Helge Torvund.

Olav H. Hauge
Bodil Cappelen:
Brev 1970-1975
Samlaget

Kva hadde Wang Wei gjort
um du hadde
sendt han ei plate med Bach
og Händel?
Han hadde spela sonatone
uppatt og uppatt
i hytta si ved Wang-elvi i
Chungnan
og drøymt seg burt til sine
kvite skyer.
Etterpå hadde han laga eit
dikt og sendt deg.
Det hadde ikkje berre gledt deg
men ettertidi òg
Mitt dikt vert det berre du
Bodil som les.

Men slik vart det nå ikkje. Ettertida skulle visst få glede av diktet til Olav H. Hauge òg. Han kom til å ta det med i samlinga Janglestrå, som kom ut som siste del av Dikt i samling i 1980. Mange gledde seg nok, som underteikna, over dei fine kjærleiksdikta som kom frå denne kanten så seint i livet. Og mange var det nok som hadde det slik med denne doldisen Hauge, at me opplevde det som fortent og godt at diktaren hadde fått grunn til å skriva slike dikt. Men som lesar var det sjølsagt dei fine dikta ein gledde seg mest over. Som dette:

Lat oss glida inn
i svevnen, i den
logne draumen,
glida inn - tvo
deigemne i den
gode bakaromnen
som heiter natt.
Og so vakna
um morgonen
tvo gylne
kveitekakor!

Bismaken

Men verken Olav H. Hauge eller me visste at me også skulle få lesa dei breva han sendte Bodil Cappelen. Det kan me nå gjera. I boka Brev 1970-75 er breva mellom desse to samla og prenta. Og boka er ei fin leseoppleving. Det finst bare ei einaste setning som øydelegg denne gleda, og det er der Bodil Cappelen skriv i forordet at ho "har hatt gleden av å stramme inn og stryke etter eget skjønn, når det er blitt for personlig eller pratsomt". Etter ei slik generell utsegn, og i og med at endringane i hennar eigne brev ikkje er markert på nokon måte, vert lesaren usikker på kva hennar brev er for noko. Er det autentiske brev, då bør dei vel få vere pratsame og personlege, slik me kjenner dei frå korrespondansen mellom til dømes Mia Berner og Pentti Saarikoski. Men kva skal me kalla det når ho har fiksa på breva sine? Skjønnlitterært tilpassa brev? Nei, den var ikkje så god. Men for all del: dette gjeld bare hennar eigne brev. Olav H. Hauge får stå som den brevskrivar han er, og dersom det har vore noko som kunne støyta nokon i hans brev er det teke bort, men markert.

Honningen

Etter å ha nemnt denne bismaken, kan me konsentrera oss om honningen. For det var ei fin oppleving av møte då eg las desse breva. Ein møter att denne perioden 1970-1975 på ymse vis gjennom det brevskrivarane formidlar. Det er to levande menneske med storinteresse for livet rundt seg. Årstider, politikk, menneske, biletkunst og litteratur. Me får følgja biletvevane til Cappelen etter kvart som dei veks fram på veven, og hennar vanskar med å finna titlar til dei. Dei vevane som er omtala er fint reproduserte i boka, og det gjev eit vakkert tilskot til teksten i boka: ein katalog over Bodil Cappelen sitt arbeid i perioden.

Og Bodil Cappelen har omgang med mange kjende kunstnarar, og det passar seg godt at Rolf Jacobsen eller "sjiraffen" som han vert kalla her (visstnok Poul Borum sitt kjælenamn på Jacobsen) fårein del omtale. I den brevboka Jan Erik Vold gav ut på Samlaget i1994, vart Hauge og Jacobsen knytte fint saman, slik det bør vera. Artikkel om sjiraffen i ei bok om gartnaren, og med bilete av dei to saman på ettersatsen. For det rykker litt i ein, når det ståri Dagbladet at Olav H. Hauge har vore "den sterkeste stemmen i norsk lyrikk etter krigen". Dei må vel jamstellast desse to?

Best passar det vel å minna om det Dylan Thomas svara då han vart spurd om å vurdera poetar opp mot ein annan: "Is it a competition?" Eit konkurransespråk høver så dårleg til den Hauge me kjenner, at det skurrar også når Jan Erik Vold uttalar til Dag og Tid 12.9 at desse breva er meir verde enn olja. Ei slik utsegn som kan utleggjast til "eg er poet - altså er eg meir verdt enn deg som er oljearbeidar" kunne nok aldri Hauge ha formulert.

Høgt og lågt

I breva får me, slik me kjenner det frå breva til fleire store forfattarar, ei herleg blanding av høgt og lågt. Vinje har vore nemnt i denne samanhengen, og Saarikoski var ein meister i nett slike høgdesprang.

Det er mykje moro å lesa. Olav H. Hauge skriv ein stad: "Det har sikkert vore mykje godt i fjernsynet med helgi, eg har ikkje set noko." Og ein annan stad skriv han om det å ha teke seg ein tur med fly: "Eg trur eg må ut å fjuka meir, det gjeng strjukande. Når ein ikkje dett ned: det er ikkje mykje å halda seg i um noko skulle klikke."

Samlagsredaktør Trygve Aaslund har kalla haldninga til Olav H. Hauge for tilbaketrekt innsikt. Det høver godt. Det er eit fint inntrykk ein får av dette i boka. Ein får lyst til å nytta eit Vinje-sitat: "Det er godt at vi imellom råkar på slike folk, for elles vilde livet liggja framfyre oss som ei stor langpylsa." Og det er vel slik, at sjølv om det er interessant å få eit nærare kjennskap til tankar og kvardagar hjå diktaren Olav H. Hauge, så er det kjærleikshistoria og utviklinga av denne som driv lesinga vidare. Merkeleg nok så vert det slik sjølvom ein veit korleis det går.

Forelsking

Frå det første brevet vert sendt frå Bodil Strømsted, som ho då heitte, gift som ho var med poet og grafikar Finn Strømsted, ein februardag i 1970, til dei møtest i juni 1974, er ganske mange dagar og brev. Ein merkar ei varsam tilnærming gjennom breva, og det er rart korleis to menneske kan verta kjende med kvarandre gjennombrev. Dette får me vera vitne til. Periodevis får gryande forelsking dei til å høyrast merkeleg unge ut, medan andre gonger er det dei livserfarne vaksne som tek over og set grenser for kva dei sjølve og den andre har lov å forventa. Bodil Cappelen strir sjølvsagt etter kvart med lausriving frå eksisterande familie, og den gamleungkaren skjelv vel litt i buksa innimellom, men skriv så flott: "Ikkje dumt av deg å lesa Walden fyrr du slær deg ned på ein lapp på Vestlandet! Då greier du deg.

Grow old along with me!
The best is yet to be.
The last of life, for which
the first was made.

Og han kan vera svært direkte: "Vil du flytta hit, so er det greidt det. Hus og mat skal du få, og so fær me sjå etter kvart. Vert eg for umogeleg, fær du reisa att. Kanskje gjeng det betre enn eg trur... Berre vev, tenk ikkje på framtidi!"

Så minnest eg brått artikkelen i Dyade nr. 3 1994 (var det vel?), der det er skildra korleis Olav H. Hauge ikkje maktar å stille på opplesinga saman med Robert Bly, og Robert Bly, som har forstått at Hauge ikkje kjem til å verta 100 år som mora, organiserer ei opplesing av dikta til Hauge, der mellom andre Bodil Cappelen står og les mannen sine dikt i sin vevre kropp og gjer eit sterkt inntrykk på tilhøyrarane.

Dersom det kjem fleire boksider om samlivet til desse to, kjem eg til å lesa dei òg.
Helge Torvund

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |