Dag og Tid nr. 41, 10. oktober 1996
Bokmelding:
Satire, svart humor og einsemd
Boka er full av satiriske utspel mot den reine stupiditet, noko som er med på å løfte ho opp, og som samtidig gir ei klar kjensle av å lese om eit Norge i miniatyr, skriv Arne Mo.
Vetle Lid Larsen:
Kjærlighet før øya synker
Tiden
Handlinga i Vetle Lid Larsens siste roman skjer på øya Makkaur, ein forblåst utpost yttarst mot nordishavet. Frå øyas høgaste fjell; Digerbrann, kan ein på klare dagar sjå konturane av det myteomspunne Sovjet i det fjerne. I motsett retning skulle vi då ha Norge, som - utan at det er nemnt med namn i boka - Makkaur har regelmessig rutebåtsamband med. Slik blir rutebåten ein viktig bindelekk mellom øyas stilleståande og trykkande isolasjon, og den store pulserande verda der ute. Men rutebåten er, akkurat som i Norge, ein truga art, og sterke krefter jobbar ærgjerrig med å erstatte han med verdas lengste! undersjøiske tunnel. Primus motor for tunnelprosjektet er Makkaurs einaste lege; Claus, einsleg far til hovudpersonen Armand Balder.
Om Armand
Og det er først og fremst Armands liv denne boka handlar om. Vi fylgjer han frå hans første år, gjennom oppvekst og pubertet, og fram til eit viktig punkt i hans liv, der ringen på ein måte er slutta.
Romanen tek til med at Armand står på eit skipsdekk, på veg attende til barndomsøya Makkaur, og innan han er heime har vi fått rulla opp livet hans gjennom romanen. Eit kompositorisk trekk som fungerer godt, og som er med på å halde lesaren i ande til siste side, ja, faktisk til siste setning, der den endelege manglande brikka fell elegant på plass.
Det er noko Lars Saabye Christensk over Armand som hovudperson, og over stemninga i den første delen av boka. Denne litt blå og vemodige tonen, om enn ikkje så konsekvent poetisk og stilreint gjennomført. Armand er eit einsamt og stillferdig mobbeoffer som i tillegg ber på ei hemmeleg indre skam; han er nemleg sengevætar til langt inn i puberteten. Ein del burleske scener spelar seg ut i samband med dette, som når faren ordnar med sinnrike alarmsystem ved senga for å få guten tørr, noko som fører til at Armand vert liggande vaken i fire netter av redsle for å utløyse alarmen med ufrivillig urinering. Det store spørsmålet er: Korfor er Armand sengevætar? Er det mangel på nærleik, kjærleik og forståing? Claus er ein tilsynelatande god far, men likevel ein einsam far. Armands mor blei borte då han var to år, noko som gjennom heile boka står for han som eit
altoverskuggande mysterium, ei gåte han stadig grublar på og prøvar å finne svar på. Kvar blei ho av? Døydde ho? Eller berre reiste ho? Og i tilfelle: korfor? Stilt overfor desse spørsmåla blir Claus alltid unnvikande og taus, noko som gjer det heile enda vanskeligare for Armand, og desto viktigare for både han og lesaren å finne ut av.
Uløyste gåter
Men heilt kolsvart er det likevel ikkje for einsame Armand. Han har nokre få vener, om ein kan kalle dei det, som han kan snakke med. Den viktigaste av desse er den tilbakeståande jamaldringen Bork, fødd med såkalla vasshovud, og eit stort mysterium i seg sjøl i og med at han er stum. Og medan Armand er morlaus, er Bork på si side farlaus, og for å gjere parallellen fullstendig er farskapen innhylla i diffust og sprikande sladder, og dermed kjelde til nok ei gåte. Det er altså nok av gåter i boka, etter mi meining litt for mange, i og med at ein god del av dei vert hengande att som lause trådar ved bokas slutt. Som døme kan nemnast to mugginvasjonar (!), ein kråkeinvasjon, og eit privat medisinsk fenomen; ein epidemi som får namnet Makkaur-kalotten, eit namn som seinare skulle bli brukt i forskingsrapportar verda over. Korfor? Som lesar får ein vite korleis denne epidemien artar seg, men ingenting om korfor
han brått kjem, for like brått å forsvinne igjen, nøyaktig som det på uforklarlig vis skjedde med kråkene og muggen. Eg kan ikkje med min beste vilje sjå på desse fenomena som anna enn unødvendig mystisisme-staffasje, i ei elles relativt streit og realistisk forteljing.
Artig reise
Mi haldning til boka er altså noko ambivalent. Her er mykje godt, men altså ein del små irritasjonsmoment i tillegg. Eg vil likevel seie at reisa til Makkaur har vore ei artig og opplevelsrik reise. Ikkje minst i møte med alle dei snurrige bipersonane, nesten samtlege einsame outsiderar som i mangel på kjærleik (før øya synker) strevar som best dei vinn med å fylle liva sine med meining. Ta til dømes ordføraren, pådrivar til tunnelprosjektet, som svarar slik på kritiske spørsmål om tunnelens hensikt, om korfor han ser det som så viktig å spare tid: "Arbeidet. Vi må produsere mer for å sikre velstanden. Kvinnene. Vi må bruke mer tid på dem. Og hobbiene våre. Selv er jeg meget opptatt av modellflyvning." Eller vi kan nemne festnings-kommandanten, einerådande sjef på verdas minste festning, som hatar fienden (Sovjet) fordi dei aldri går til åtak så han får slå dei ærerikt tilbake. Slike satiriske utspel mot den reine stupiditet er boka full av, noko som er med på å løfte ho opp, og som
samtidig gir ein ei klar kjensle av å lese om eit Norge i miniatyr. Legen utnyttar pasienten seksuelt, politikaren mel si eiga kake, fornuft blir tilsidesett til fordel for "framsteget", kort sagt eit samfunn vi kjenner oss att i, og som vi kan le eller gråte av, alt etter legning og status.
Irvingsk
Vetle Lid Larsen bør også ha ros for grundig, nesten John Irvingsk forarbeid og studiar av alskens sjukdomar og medisinske fenomen. Han svingar opp med latin og terminologi så godt som nokon lege, noko som gir boka eit proft og autentisk preg. Også den gjennomgåande humoren kan ofte minne om Irving, utan at eg dermed vart sitjande å hauke og le, meir slik at eg ofte tok meg i å smile breitt.
Kjærlighet før øya synker er ikkje "drivande og medrivande", men likevel så suggererande i sin elegante, slentrande framdrift at eg som lesar gong på gong let meg lokke over ein åskam til, og så enda ein, og så var det brått slutt.
Arne Mo
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|