Dag og Tid nr. 41, 10. oktober 1996
Bokmelding:
Ein gynekolog fortel
Selma Lønning Aarø har skrive ein interessant tekst, med mykje finurleg humor og ironi, skriv Margreta Tveisme om romanen Spekulum.
Selma Lønning Aarø:
Spekulum
Cappelen
Spekulum er den andre romanen Selma Lønning Aarø gjev ut, og dermed kan me vel slå fast at den unge forfattaren ikkje fekk skrivesperre etter suksessen med Den endelige historien i fjor. Aarø jobbar raskt, kanskje fordi ho er så glad i å fortelja forteljingar? Som den førre romanen, vert Spekulum driven framover av forteljingane. Men samstundes er heile romanen ein tekst om det å fortelja, me kan like godt henta fram det ordet som er i ferd med å verta ein klisje i vår tids litteraturkritikk: Aarø har skrive ein metaroman.
Ein parasitt
Forteljaren i boka er er ein halvjødisk gynekolog med "det vakreste navnet i verden". Yrket hans fascinerer han av ein einaste grunn: Dampen han kan sjå ved å stikka eit iskaldt spekulum inn i ei varm skjede. Dette vert eit bilete på tilhøvet han har til andre menneske: Ved å gripa inn i livet deira utanfrå, søkjer han å nyta den kjenslemessige reaksjonen inngrepet medfører hjå offeret. Han er ein parasitt som skaltar og valtar med andre sine liv, for sidan å skriva ned forteljinga deira slik ho vart. Han stel historiane til andre og gjev dei ut i bokform. Kort sagt: Han er forfattar.
Det er særleg to menneske som vert utsette for forteljaren: Ask og Victoria. Dei lever i same by som forteljaren, og elskar kvarandre svært høgt. Ein dag reiser Ask ut i verda for å løysa ei gåte Victoria har gjeve han, og lovar å ikkje venda attende før han har klart det. Forteljaren møter Ask på reisa, får høyra historia hans og sjå biletet av Victoria. Han bestemmer seg for å endra historia, vender heim for å fortelja Victoria at Ask ikkje kjem attende, og for å leva saman med henne. Han stel breva frå Ask og gjev dei ut som bok.
Finurleg
Lesaren får sjølv finna ut korleis dette går, her skal det berre røpast at mot slutten av romanen vert forestillingane om kven det er som har styrt historia problematisert, og dette hevar etter mi meining boka fleire hakk. Skildringa av tilhøvet mellom forteljaren og Victoria er heller ikkje eintydig, og kanskje difor noko av det mest spennande med boka.
Aarø har skrive ein interessant tekst, med mykje finurleg humor og ironi. Dialogen med Hamsun og ikkje minst Mykle, fungerer godt for denne lesaren. I det heile kan ikkje eg sjå nokon grunn til at Selma Lønning Aarø ikkje skulle vera godt nøgd med "den vanskelige andre-romanen", som det heiter i pressemeldinga.
Margreta Tveisme
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|