Dag og Tid nr. 40, 3. oktober 1996
Ytringsfridom:
Ein norsk vinnar
I salen sat det folk frå Tyrkia, Yemen, Nicaragua, men det var ein nordmann som fortente ytringsfridomsprisen mest.
OTTAR FYLLINGSNES
På mange kom det som ei stor overrasking at Den norske Forfatterforening spris i år vart tildelt Joar Tranøy. Forskaren og kriminologen er kjend for å grave i den møkka som andre held seg langt unna.
Tidlegare har ytringsfridomsprisen gått til den palestinske forfattaren Izzat Al-Ghazzawi og den tyrkiske sosiologen Ismail Besikci som sonar ein fengselsstraff på 201 år.
Kosta mykje
Det var Joar Tranøy som avdekte kor mange som har vorte lobotomerte her i landet. Han grov fram at det vart brukt LSD i behandlinga av pasientar på Modum Bads nervesanatorium fram til 1973, og han sette søkjelyset på steriliseringa av taterane. Tranøy var også venn og støttespelar for Arnold Juklerød. Så langt har Tranøy skrive tre bøker.
- Joar Tranøy har ikkje hatt nokon lett jobb, slo Kirsti Blom i forfattarforeininga fast.
- Han har måtta tola personlege åtak frå det psykiatriske etablissementet, noko som har fått alvorlege konsekvensar for Tranøys doktoravhandling om lobotomi. Prisen får vera ein kompensasjon, sjølvom det er lite. Dette arbeidet har kosta Joar Tranøy mykje personleg, men kollegaer fortel at han insisterer på at arbeidet må gå vidare. Han ser alltid ting frå grasrota. Psykiatriske pasientar kjem nesten dagstøtt til han for å få snakka, sa Kirsti Blom.
På vegner av Den norske Forfatterforening delte ho ut prisen på100.000 kroner.
Oppvurdering
Joar Tranøy opplevde prisen som ei oppvurdering. Det er framleis viktig å ha eit kritisk blikk mot maktposisjonane i psykiatrien, meiner han.
I alt vart 2500 personar lobotomerte her i landet. Den siste lobotomeringa skjedde sist på 60-talet. Først nekta Stortinget å gje erstatning til dei lobotomerte, men i juni i år vart det gjort vedtak om å gje ei generell erstatning på 100.000 kroner til alle lobotomerte som framleis er i live. Dette vart sett på som ein prinsipiell siger, men summen vart oppfatta som ei fornærming.
Juklerødsaka
Joar Tranøy var også ein personleg ven av Arnold Juklerød. For fleire år sidan var Tranøy i praksis som psykolog på Gaustad sykehus. Der møtte han Juklerød og såg hans kamp mot psykiatrien.
- Eg skammar meg over den norske regjeringa som røysta ned Erling Folkvords forslag om full gransking i Juklerødsaka, sa han i takketalen etter prisutdelinga.
På grunn av kontakten med Juklerød, vart Tranøy fråteken innsynsretten på Gaustad sykehus.
- Eg kunne få han tilbake, men berre på eit vilkår; eg skulle ikkje ha noko meir med Arnold Juklerød å gjera, fortalde han. Tranøy peikar på at mange psykiatriske pasientar har vanskar med å nå fram med synet sitt.
Stemningsskifte
Dei par første åra av dette tiåret sytte Joar Tranøy for at norske journalistar kunne fylla spaltene med artiklar om kritikkverdige tilhøve innanfor norsk psykiatri i den nære historia. Men så vart det stilt om Tranøy og forskinga i avisene. Han fekk ikkje ting på trykk lenger.
I eit intervju i Dag og Tid i fjor sommar fortalde Tranøy om røynslene sine; om dørene i Dagbladet som stod opne for han.
"Det store skiljet kom i samband med oppseiingssaka mot meg. Dei siste par åra har eg ikkje fått eit ord på trykk i avisa. Eg har sendt rundt 15 kronikkar til avisa sia seinhausten 1992. Alle er komne i retur. Tidlegare slapp eg til. Eg fekk inn alt. Eg har skrive like mykje til Aftenposten. Det einaste eg har fått på trykk er små lesarinnlegg" , uttalte Tranøy.
Avisene
Tildelinga av ytringsfridomsprisen til Tranøy vart så vidt registrert av både Dagbladet og Aftenposten, men ingen av avisene fann bryet verd å bruka bilete av prisvinnaren eller intervjua han.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|