Dag og Tid nr. 40, 3. oktober 1996

Bøker:
Havet, kjærleiken og kunsten

Vi har her eit fint eksempel på at dikting som er sterkt forankra i heimstaden, også samstundes er universell, skriv Randi Brenden om romandebuten til Magne Drangeid.

Magne Drangeid:
Ultramarin
Samlaget

Naturen er allstad nærverande i den modne debutanten Magne Drangeids roman Ultramarin. Naturen, havet og heia, speglar og utdjupar kjenslene til 19-årige Runar som er i ferd med å bli vaksen. Menneska blir små mot ein slik horisont, men dei trengjer seg på, krev sin eigen plass og si eiga betydning.

Dristig opning

Etter eit raskt riss av landskapet, med ein vêr og søkjande "han" som eit midtpunkt, kastar forteljaren lesaren ut i ei scene der den symjande Runar har gitt seg havet i vald. Stream of consciousness-teknikken passar situasjonen som hand i hanske; bølgjene i havet flyt saman med bølgjene i gutesinnet, i ei sterk og dristig opning.

I lange tankereferat presenterer forteljarrøysta noe av det kaotiske indre livet til ungguten der han strevar med å gjøre seg tilherre over elementa og sitt eige liv.

Inne på land ventar kunstnaren, ei ung kvinne med eit lite barn, Margit og Rasmus. Eit særeige forhold utviklar seg mellom desse tre. Margit prøver å utvikle seg som målar, og Runar stiller som modell og kamerat, for henne og for sonen hennar. Andre menneske bryt nå og da sirkelen kring dei tre, oftast Margits eldre venninne og læremeister, stundom Runars jamaldringar, bygda. Tankemonologen må ikkje sjeldan vike plassen for sam-talen.

Handlinga utspelar seg gjennom noen sommarveker. I løpet av denne tida blir Runar vaksen, vil påta seg ansvar, og blir kasta ut på det store djupet.
 
Om å bli vaksen

Ultramarin er ein roman om det å bli vaksen, om å klare å møte motgang og vekse. Skildringane av det unge gutesinnet er tett vovne saman med skildringa av natur, av sansing. Det opne landskapet med vidder, med sjø og land, hav og hei tener som ein effektfull bakgrunn til Runars stormfulle indre. Vi har her eit fint eksempel på at dikting som er sterkt forankra i heimstaden, også samstundes er universell.
Randi Brenden

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |