Dag og Tid nr. 27, 4. juli 1996
Göran Tunström:
Skimrande roman
Göran Tunströms første roman på åtte år får strålande mottaking i nabolandet.
Ottar Fyllingsnes
Sist fredag landa Skimmer på dei svenske bokhandlardiskane, og naturlegvis var avisene fulle av rosande omtale. Livsavgjerande småsaker er tittelen på meldinga i Dagens Nyheter. Göran Tunström er hemningslaust underhaldande i sin nye roman, heiter det.
Lars-Olof Franzén peikar på Tunströms talent til å sjå det store i det små, og at fantasien sit ved makta i diktinga hans.
- Det sannsynlege er ikkje noko hinder, men oppdaginga av mogelegheitene i det usannsynlege er viktigare. I Skimmer viser det seg på fleire plan - det som er viktigare enn evna til å vrengje fram anekdotar som kunne gjort både Fritiof Nilsson Piraten og Stig Claesson misunnelege, skriv Franzén.
Nokre dagar tidlegare kleiste Dagens Nyheter til med kjempeportrett av forfattaren over store delar av framsida. Sjølv er Tunström audmjuk.
- Å oppta ein fjerdedel av førstesida på Skandinavias største morgonavis er heilt enkelt noko som eg ikkje kan leva opp til, seier han til Hufvudstadsbladet.
Lennart Lindskog i den finske avisa samanliknar Tunströms siste roman med Fuentes, Cortazar og Marquez sine forteljingar; ei fargesprakande skrøne i den magiske realismens fotspor, men med ein umiskjenneleg tone henta frå den islandske sagatradisjonen.
- Ein lukkeleg tilbakevunnen generøsitet. Enno ein gong søkjer Göran Tunström trøyst ved språkets eld, er tittelen på meldinga i Svenska Dagbladet. Den nye romanen vert omtalt som magisk realisme. Expressens Maria Schottenius meiner at Skimmer inneheld besette tekstar som er blendande vakre.
Dramatisk periode
Dei åtte åra som har gått sidan den førre romanen, har vore dramatiske for Göran Tunström. Döden har nafsat honom, ruskat honom och låtit honom löpa, heiter det i Dagens Nyheter.
I tillegg til skrivevegring vart han råka av hjarteinfarkt og lungekreft. I fjor vår måtte han inn på operasjonsbordet på nytt, og han snakkar om dagen i dag som ei nådetid.
Men trass i romantørken, Tunström slutta ikkje å skriva. Både Det sanne livet og Ventetid vart til i denne perioden. I den sistnemnde boka skriv han om sjukdomsperioden og vanskane med skrivinga.
Islandsk skrøne
Den nye romanen vert omtalt som ei islandsk skrøne. Det handlar om faren Halldor og sonen Petur og deira lengt etter kjærleik og fellesskap.
Den usannsynlege hendinga byggjer på ei historie som verkeleg skal ha hendt. Ideen til romanen fekk Göran Tunström etter å ha høyrt ei forteljing av Bengt Berg; den svenske poeten som framførte ein drepande morosam hyllest til den einaste rundkjøringa på Flisa på Flisa-seminaret tidlegare i år.
Hjå Tunström handlar det om den islandske guten som sparkar ein fotball over gjerdet og inn på området til den franske ambassaden i Reykjavik. Ambassadøren kverrsett ballen og vegrar seg mot å levera han tilbake. Sidan ballen har hamna på området til ambassaden, er han statens eigedom. Den eine forviklinga følgjer den andre i den farseprega historia.
Saka vart lyfta opp på høgt diplomatisk nivå. Den vesle islandske staten spelar ei rolle som kan samanliknast med musa som peip i høve til den store staten i sør.
Frå byrjinga hadde Tunström tenkt seg at romanen skulle verta ein farse. Men han kom til eit smertepunkt der det dreia seg om forholdet til både faren og hans eigen son. Dermed vart det den lina i staden, fortel han til det finske Hufvudstadsbladet.
Fleire bøker
Det var i oktober 1988 skrivevegringa råka Göran Tunström. Han hadde nettopp skrive 150 sider på den romanen som skulle høyra saman med Juleoratoriet og Tjuven. Han var i Paris og skulle skildra korleis ein fugl vart utstoppa, men han visste ikkje korleis. Ettersom fransken var elendig torde han ikkje gå til biblioteket og be om hjelp. Han ville heller ikkje skriva heim og be om hjelp for noko som var så bagatellmessig. Han reiste heim til Koster, let skrivemaskina stå og vart innfanga av sjukdomen.
No krev dei 150 sidene eit framhald. Ei lita julebok er dessutan nesten ferdig. Göran Tunström nøyer seg ikkje med Skimmer og strålande kritikkar.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|